Arbeidstidsdirektiv for sjåfører som ikke er selvstendig næringsdrivende

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/15/EF av 11. mars 2002 om organisering av arbeidstida til personar som utfører mobilt arbeid innanfor vegtransport

Directive 2002/15/EC of the European Parliament and of the Council of 11 March 2002 on the organisation of working time of persons performing mobile road transport activities

Siste nytt

Fortolkningsdom avsagt av EU-domstolen 2.3.2017

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra europaparlaments- og rådsdirektivet, norsk utgave)

1) I rådsforordning (EØF) nr. 3820/85 av 20. desember 1985 om harmonisering av visse bestemmelser på det sosiale område innen veitransport(4) er det fastsett felles reglar for køyretid og kviletid for førarar. Denne forordninga omfattar ikkje andre aspekt ved arbeidstida innanfor vegtransport.

2) Etter rådsdirektiv 93/104/EF av 23. november 1993 om visse aspekter ved organisering av arbeidstiden kan det vedtakast nærmare føresegner for organisering av arbeidstida. Ettersom dette direktivet gjeld for ein viss sektor, har føresegnene i dette direktivet førerang framfor direktiv 93/104/EF i medhald av artikkel 14 i det nemnde direktivet.

3) Trass i omfattande forhandlingar mellom partane i arbeidslivet har det ikkje vore mogleg å kome fram til ei avtale som gjeld mobile arbeidstakarar innanfor vegtransport.

4) For å sikre transporttryggleiken og helsa og tryggleiken til dei personane som det gjeld, må det difor fastsetjast meir spesifikke føresegner om arbeidstida innanfor vegtransport.

5) Ettersom måla for det framlagde tiltaket ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og difor på grunn av omfanget og verknadene av tiltaket betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje dette direktivet lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

6) Verkeområdet til dette direktivet omfattar berre mobile arbeidstakarar som er tilsette i transportføretak som er etablerte i ein medlemsstat og tek del i mobilt arbeid innanfor vegtransport som er omfatta av forordning (EØF) nr. 3820/85, eller om denne ikkje kan nyttast, av den europeiske avtala om køyre- og kviletid m.v. for mannskap på køyretøy i internasjonal vegtransport (AETR).

7) Det bør presiserast at mobile arbeidstakarar som ikkje er omfatta av verkeområdet til dette direktivet, og som ikkje er sjølvstendig næringsdrivande førarar, er omfatta av det grunnleggjande vernet som er fastsett i direktiv 93/104/EF. Dette grunnleggjande vernet omfattar dei eksisterande reglane for tilstrekkeleg kvile, lengste gjennomsnittlege arbeidstid per veke, årleg ferie og visse grunnleggjande føresegner for nattarbeidarar, medrekna helsekontroll.

8) Då sjølvstendig næringsdrivande førarar er omfatta av verkeområdet til forordning (EØF) nr. 3820/85, men ikkje av verkeområdet til direktiv 93/104/EF, bør dei utelatast mellombels frå verkeområdet til dette direktivet i samsvar med føresegnene i artikkel 2 nr. 1.

9) Definisjonane som er nytta i dette direktivet, kan ikkje skape presedens for andre fellesskapsføresegner om arbeidstid.

10) For å betre trafikktryggleiken, hindre konkurransevriding og sikre tryggleiken og helsa til mobile arbeidstakarar som er omfatta av dette direktivet, bør dei sistnemnde vite nøyaktig kor stor del av den tida som går med til transportverksemd på veg som er arbeidstid, og kor stor del av denne tida som ikkje er det og følgjeleg vert rekna som pausar, kviletid eller periodar då arbeidstakaren er tilgjengeleg. Desse arbeidstakarane bør ha rett til minsteperiodar for døgnkvil og vekekvil, og til høvelege pausar. Det er òg naudsynt å fastsetje ei øvre grense for talet på arbeidstimar per veke.

11) Forskinga har synt at menneskekroppen er meir følsam for uro i omgjevnadene og dessutan for visse slitsame former for organisering av arbeidet om natta, og at lange periodar med nattarbeid kan vere skadeleg for helsa til arbeidstakarane og kan setje tryggleiken deira og den allmenne trafikktryggleiken i fare.

12) Følgjeleg bør periodane med nattarbeid avgrensast, og det må fastsetjast at førarar som utfører nattarbeid, bør få tilstrekkeleg kompensasjon for arbeidet som dei utfører, og at dei ikkje vert dårlegare stilte enn andre når det gjeld høve til å få opplæring.

13) Arbeidsgjevarar bør føre eit register over tilfelle der den øvre grensa for gjennomsnittleg arbeidstid per veke for mobile arbeidstakarar vert overskriden.

14) Føresegnene i forordning (EØF) nr. 3820/85 om køyretid i internasjonal og innanlands persontransport, bortsett frå rutetrafikk, bør halde fram med å gjelde.

15) Kommisjonen bør overvake gjennomføringa av dette direktivet og utviklinga på dette området i medlemsstatane, og leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport om korleis føresegnene vert nytta, og om følgjene av dei føresegnene som gjeld nattarbeid.

16) Det må fastsetjast at medlemsstatane eller partane i arbeidslivet, alt etter korleis det høver, kan få unntak frå visse føresegner som er vedtekne. Som ein allmenn regel ved eventuelle unntak bør dei arbeidstakarane som det gjeld, få kompensasjon i form av kviletid -

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
11.03.2002
Gjennomføringsfrist i EU
23.03.2005
Anvendelsesdato i EU
23.03.2005
Siste saker i EU-domstolen

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 16, 2.4.2005, p. 269-273
EØS-prosessen
Saksområde
Vedtatt i EØS-komiteen
16.05.2003
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.05.2004
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
23.03.2005

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Samferdselsdepartementet

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 32002L0015
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro