Avfallseksportforordningen: endringsbestemmelser om eksport til land utenfor OECD

Tittel

Kommisjonsforordning (EU) 733/2011 av 24. juni 2014 som endrer forordning 1418/2007 om eksport av visse typer avfall til gjenvinning i visse land utenfor OECD

Commission Regulation (EU) No 733/2014 of 24 June 2014 amending Regulation (EC) No 1418/2007 concerning the export for recovery of certain waste to certain non-OECD countries

Siste nytt

Norsk forskrift kunngjort 15.01.2015

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 02.02.2015)

Sammendrag av innhold
Forordning (EU) nr. 1417/2007 er gjeven med grunnlag i forordning (EU) nr. 1013/2006 om eksport av avfall (avfallstransportforordninga). Forordning (EU) nr. 733/2014 endrar forordning (EU) nr. 1418/2007. Avfallstransportforordninga har mellom anna føresegner om eksport av avfall til land der OECDs vedtak om kontroll med grensekryssande transport av avfall ikkje kjem i bruk ("ikkje-OECD-land"). I hovudsak vidarefører forordninga føresegnene i den gamle eksportforordninga (EØF) nr. 259/93, som no er oppheva. I samsvar med forordning (EU) nr. 1013/2006 art. 37 har Kommisjonen teke kontakt med alle ikkje-OECD-land og bede om tilbakemelding på om dei godtek import til gjenvinning av ikkje-farleg avfall frå EU til sitt land. Kommisjonen har også undersøkt kva kontrollprosedyrer landa eventuelt vil nytte. Bakgrunnen for føresegnene er å respektere ikkje-OECD-landa sine ynskjer. Fleire land ynskjer av ulike grunnar slike avgrensingar. For eksport til land som ikkje har svart må skriftleg samtykke innhentast før eksport kan skje.

Bakgrunnen for endringa i vedlegget til forordning (EU) nr. 1418/2007 er at 50 statar har oppdatert sine lister, og 24 statar har komme med nye lister med avgrensingar på import av ikkje-farleg avfall til gjennvinning frå EU til sitt land.

Merknader
Forordninge er gjeven med heimel i TEUF art. 175.

Rettslige konsekvenser
Det er gjort ei endring i avfallsforskrifta kapittel 13.

Økonomiske og administrative konsekvenser
Forordninga antas ikkje å ha konsekvensar av betydning for Noreg.

Sakkyndige instansers merknader
Saka vart handsama i Spesialutvalet for miljøsaker 24. september 2014, der Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Olje- og energidepartementet og Klima- og miljødepartementet er representert.

Vurdering
Rettsakta vurderast til å vere relevant og akseptabel.

Status
Rettsakta er vart innlemma i EØS-avtalen 12. desember 2014.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
24.06.2014
Anvendelsesdato i EU
18.07.2014

EØS



EFTA/EØS-flagg
EØS-prosessen
Saksområde
Utkast til EØS-komitevedtak oversendt EU
03.11.2014
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
13.12.2014
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
13.12.2014

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Klima- og miljødepartementet
Informasjon fra departementet
Gjennomføring i norsk rett
Dato
05.01.2015
Anvendes fra i Norge
05.01.2015