Avløpsdirektivet: gjennomføringsbestemmelser om rapportering

Tittel

Kommisjonens gjennomføringsbeslutning 2014/431/EU av 26. juni 2014 om formkrav ved rapportering om de nasjonale programmene for gjennomføring av rådsdirektiv 91/271/EØF

Commission Implementing Decision 2014/431/EU of 26 June 2014 concerning formats for reporting on the national programmes for the implementation of Council Directive 91/271/EEC

Siste nytt

Gjennomføringsrapport lagt fram av Kommisjonen 4.3.2016

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 03.06.2015)

Samandrag av innhald
Framlegget omhandlar rapportering av kva grad medlemslanda oppfyller krava i avløpsdirektivet. Framlegget er ei forenkling av dagens rapporteringsrutiner. Dei nye rapporteringspliktene har inga effekt ut over ei minimal omlegging av måten vi hentar inn data på og korleis data rapporterast vidare.

Gjennomføringsavgjersla er ei oppfølging av avløpsdirektivet, som er implementert i forureiningsforskrifta kap. 14.

Merknader
Kommisjonen vedtok 26. juni 2014 krav til rapportering av avløpsanlegg, jf. avløpsdirektivet (Rådsdirektiv 91/271/EEC). Avløpsdirektivet er implementert i forureiningsforskrifta kapittel 14. Dei norske krava til reinsing er noko annleis enn dei som framgår av avgjersla. Forskjellen har inga betyding for rapporteringa, bortsett frå at rapportmalen er tilpassa føresegnene i direktivet om at biologisk reinsing ("sekundærreinsing") er utgangspunktet.

Rettsakta er heimla i Rådsdirektiv 91/271/EEC av 21. mai 1991 concerning urban waste water treatment, sjå artikkel 17(4).

Rettslege konsekvensar
Omlegginga får ingen rettslege konsekvensar for Noreg, og vil ikkje medføre endringar i norsk lovgjeving. Vedtaket skal kategoriserast i Gruppe 3 (rettsakter som ikkje har konsekvensar for norsk lovgjeving).

Økonomiske og administrative konsekvenser
Miljødirektoratet må endre rutinar for innsamling og bearbeiding av data. Anten må rapporteringa til SSB i KOSTRA leggjast om, eller så må det etablerast rapporteringsrutiner frå Fylkesmannen til direktoratet. Dette er mindre endringar, då dei nye rutinene er ei forenkling frå dagens system.

Endringa får ingen eller heilt minimale økonomiske konsekvensar i Noreg for offentlege styresmakter eller private.

Sakkyndige instansers merknader
Avgjersla har ikkje vore på nasjonal høyring, men Miljødirektoratet er kjend med prosessen gjennom deltaking i fagmøter kor rapportering diskuterast. Direktoratet har ikkje rapportert eller kommentert avgjersla, då det er undersøkt og funne at avgjersla ikkje representerar innhenting av data som representerar nokon problem. Avgjersla er ei forenkling av dagens ordning.

Saka har vore handsama i Spesialutvalet for miljøsaker 24. september 2014, der Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Olje- og energidepartementet og Klima- og miljødepartementet er representert.

Vurdering
Rettsakta reknast som EØS-relevant og akseptabelt.

Status
Rettsakta vart vedteken i EU 26. juni 2014, og er til handsaming i EØS/EFTA-landa.

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
26.06.2014
Anvendelsesdato i EU
24.07.2014
Annen informasjon
EFTA/EØS-flagg

EØS

EØS-prosessen
Saksområde
Utkast til EØS-komitevedtak oversendt EU
16.04.2015
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
12.06.2015
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
12.06.2015
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Klima- og miljødepartementet
Informasjon fra departementet