Betalingsdirektivet: bekjempelse av forsinket betaling ved handelstransaksjoner

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om bekjempelse av forsinket betaling ved handelstransaksjoner (omarbeiding)

Directive 2011/7/EU of the European Parliament and of the Council of 16 February 2011 on combating late payment in commercial transactions (recast)

Siste nytt

Fortolkningsdom avsagt av EU-domstolen 16.2.2017

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra stortingsproposisjonen)

Bakgrunn
EØS-komiteen vedtok 30. mars 2012 avgjerd 55/2012 om å endre vedlegg XII Fri rørsle for kapital til EØS-avtalen, ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar. Direktivet er ei omarbeiding av gjeldande europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar.

Direktivet inneheld føresegner som har til føremål å styrkje fordringshavarane si rettsstilling ved forseinka betaling ved handelstransaksjonar. Direktivet gjeld ikkje forbrukarforhold. Direktivet trekkjer opp ei rettsleg ramme for å hindre forseinka betaling og for å sikre passande kompensasjon der dette likevel skjer. Det inneheld vidare føresegner som skal sikre at innkrevjinga av gjeld vert effektiv og rimeleg.

Sidan gjennomføringa av EØS-komiteens avgjerd i norsk rett vil krevje lovendring, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Direktivet og avgjerda i EØS-komiteen i uoffisiell norsk versjon følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Hovudinnhaldet i direktivet
Etter artikkel 1, jf. artikkel 2, gjeld direktivet for alle betalingar ved handelstransaksjonar mellom føretak og mellom føretak og det offentlege, men medlemsstatane kan gjere unnatak for gjeld som er under insolvenshandsaming.

Artikkel 2 inneheld definisjonar. Definisjonane svarar i det vesentlege til det gjeldande direktivet. Med «handelstransaksjoner» skal ein forstå transaksjonar mellom føretak eller mellom føretak og offentlege styresmakter som fører til levering av varer eller yting av tenester mot vederlag. Med «offentlig myndighet» siktar ein til alle ordregjevande styresmakter slik det er definert i artikkel 2 nr. 1 bokstav a) i direktiv 2004/17/EF og i artikkel 1 nr. 9 i direktiv 2004/18/EF, utan omsyn til kontrakten sin gjenstand eller verdi.

«Foretak» vil seie alle organisasjonar som ikkje er ei offentleg styresmakt, som opptrer som ledd i uavhengig økonomisk eller yrkesmessig verksemd. Slik verksemd utført av einskildpersonar er òg omfatta. Med «forsinket betaling» meiner ein ei betaling som ikkje er utført innanfor dei fristane som er fastsette i avtalen eller i lova, og der vilkåra i artikkel 3 nr. 1 og artikkel 4 nr. 1 er oppfylte.

Med «forsinkelsesrente» skal ein forstå lovfastsett rente ved forseinka betaling, eller avtalt rente mellom føretak i samsvar med artikkel 7. Artikkel 7 gir nærare føresegner om urimelege avtalevilkår og avtalepraksis. «Lovfestet forsinkelsesrente» skal vere referanserentesatsen med eit tillegg på minst åtte prosentpoeng.

Omgrepet «referanserente» syner på si side til anten rentesatsen som er fastsett av Den europeiske sentralbanken i bankens seinaste vesentlege refinansieringstransaksjon, til den marginale rentesatsen som er resultat av den variable renteanbodsprosedyren for slike operasjonar, eller til den tilsvarande rentesatsen som er fastsett av den nasjonale sentralbanken til ein medlemsstat som ikkje har euro som sin valuta.

Omgrepet «utestående beløp» syner til hovudstolen som skulle ha vore betalt innanfor den avtalte eller lovfastsette fristen, medrekna skatt, avgift, pålegg eller gebyr spesifiserte i faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding.

Artikkel 3 regulerer når fordringshavaren har krav på forseinkingsrenter i transaksjonar mellom føretak.

Artikkel 4 regulerer mellom anna frå kva for eit tidspunkt fordringshavaren har krav på renter for forseinka betaling i høvet mellom føretak og det offentlege. Det er vidare fastsett at betalingsfristen i slike transaksjonar som hovudregel ikkje skal overstige 30 dagar. Betalingsfristen kan fråvikast på nærare vilkår. For visse offentlege føretak, mellom anna slike som yter helsetenester, kan medlemsstatane velje å utvide betalingsfristen til inntil 60 dagar.

Artikkel 5 fastset at direktivet ikkje rører ved det høvet partane har til å avtale betalingsplanar.

Artikkel 6 gir fordringshavaren rett til kompensasjon for inndrivingskostnader. Etter føresegna skal fordringshavaren, når ho eller han har rett til renter for forseinka betaling, som eit minimum ha ein fast kompensasjon tilsvarande 40 euro. I tillegg skal fordringshavaren ha rett til ei rimeleg erstatning for moglege inndrivingskostnader som overstig den nemnde standardkompensasjonen.

Artikkel 7 inneheld føresegner om urimelege avtalevilkår og handelspraksis, og om ein rett for organisasjonar som representerer føretak, til å gå til søksmål om urimelege avtalevilkår og handelspraksis ved forseinka betaling.

Artikkel 8 regulerer medlemsstatane si plikt til å sikre innsyn og bevisstgjering om føresegnene om forseinka betaling. Artikkel 9 inneheld visse reglar om eigedomsatterhald, medan artikkel 10 stiller visse krav til sakshandsamingstida ved tvangsfullføring.

Artikkel 11, 12 og 13 regulerer mellom anna rapporteringsplikta til Kommisjonen og medlemsstatane si plikt til å gjennomføre direktivet innan 16. mars 2013. Det gjeldande direktivet vil bli oppheva når gjennomføringsfristen for det nye direktivet frå 2011 går ut 16. mars 2013.

Direktivet er eit minimumsdirektiv på den måten at medlemsstatane kan halde fram med å ha føresegner eller fastsetje føresegner som er gunstigare for fordringshavaren enn det som følgjer av direktivet, jf. artikkel 12 nr. 3.

Tilhøvet til norsk rett
Direktivet er eit såkalla minimumsdirektiv, såleis at norske styresmakter vil kunne innføre eller vidareføre reglar som er gunstigare for fordringshavarane enn det som følgjer av direktivet.

Direktivet byggjer på det gjeldande direktivet 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling, som er gjennomført i norsk rett. Innlemminga av direktivet gjer det naudsynt med endringar i norsk lovgjeving, i fyrste rekke i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.

Det vil bli gjort framlegg om å endre forseinkingsrentelova for å auke forseinkingsrentesatsen med minst eitt prosentpoeng. Forseinkingsrentelova vil opne for at ein framleis i forskrift kan fastsetje ein lågare rentesats for forbrukarar enn den som følgjer av lova, om det er ønskjeleg.

Vidare treng ein føresegner som har til føremål å korte ned kredittida i avtalar mellom føretak og avtalar mellom føretak og det offentlege. Føresegnene rører ikkje ved tilhøvet til avtalte betalingsplanar (avdrag).

Det er også tale om ei innføring av ein kompensasjon til fordringshavaren til dekning av inndrivingskostnader når det skal betalast forseinkingsrente etter forseinkingsrentelova. Det må gjerast klart at visse avtalevilkår som rører ved retten til forseinkingsrenter og erstatning for inndrivingskostnader, anten skal sjåast som urimelege eller presumerast å vere urimelege, noko som rører ved bruken av avtalelova § 36 om urimelege vilkår. Det trengst òg føresegner om at enkelte vilkår ikkje kan nyttast når offentlege styresmakter er skuldnaren. Nokre av føresegnene må gjerast ufråvikelege, slik at ein ikkje ved avtale kan fråvike dei til ulempe for fordringshavaren.

Justis- og beredskapsdepartementet vil fremme ein Prop. S med dei naudsynte lovendringar.

Økonomiske og administrative konsekvensar
Når det gjeld dei økonomiske og administrative konsekvensane ved gjennomføringa av direktivet for offentlege styresmakter, kan dei vente noko auka kostnader i ein overgangsperiode i samband med eventuelle nye avtale- og betalingsrutinar. Det at alle organisasjonar som representerer føretak, no skal kunne gå til søksmål for å prøve vilkår og praksis om forseinka betaling, kan òg føre til at det blir nokre fleire saker for domstolane. Det er likevel neppe tale om ei nemneverdig belastning for domstolane.

For private aktørar som er fordringshavarar kan tiltaka føre til betre likviditet i føretaka ved at dei raskare får inn uteståande fordringar. Sidan direktivet gjer ei viss justering i utrekninga av forseinkingsrenta, vil dette kunne føre med seg auka kostnader for dei skuldnarane som kjem i ein slik situasjon at dei skal svare rente etter forseinkingsrentelova.

Nøkkelinformasjon
EFTA/EØS-flagg

EØS

Saksområde
Utkast til EØS-komitevedtak oversendt EU
16.01.2012
EØS- komitebeslutning
Parlaments-behandling
Norge, Island og Liechtenstein
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.05.2013
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
01.05.2013
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Justis- og beredskapsdepartementet
Samtykkeproposisjon
Dato
22.06.2012
Høring
Høring publisert
30.10.2012
Høringsfrist
11.12.2012
Gjennomføring i norsk rett
Dato
15.02.2013
Anvendes fra i Norge
16.03.2013
Annen informasjon