Godkjenning av ordningen "RTRS" som i samsvar med bærekraftskriteriene for biobrensel

Tittel

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/2164 av 17. november 2017 om fastslåing av at den frivillige sertifiseringsordninga «Round Table on Responsible Soy EU RED» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 2009/28/EF og 2009/30/EF

Commission Implementing Decision (EU) 2017/2164 of 17 November 2017 on recognition of the ‘RTRS EU RED’ voluntary scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council

Siste nytt

Kommisjonsbeslutning publisert i EU-tidende 21.11.2017

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 30.11.2017)

Sammendrag av innhold
Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.

Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.

Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.

Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstala for 2016 viser at frivillige sertifiseringsordningar vart nytta for om lag alt omsett biodrivstoff.

Merknader

Rettslige konsekvenser
Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.

Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.

Gjeldande praksis er imidlertid allereie at dei sertifiseringsordningane som er godkjende i EU, også blir rekna som godkjend dokumentasjon i Noreg på at berekraftskriteria er oppfylte. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknader
Rettsakta er behandla etter hurtigprosedyra.

Vurdering
Rettsakten er vurdert til å være EØS-relevant og akseptabel.

Status
Rettsakta blei publisert i eit EU-register 6.oktober 2017.

Rettsakta er under vurdering i EØS-/EFTA-statane.

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

Kommisjonens framlegg
Dato
27.09.2017
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
17.11.2017
Anvendelsesdato i EU
11.12.2017
Opphører å gjelde
12.12.2022
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Klima- og miljødepartementet
Informasjon fra departementet