Industriutslippsdirektivet (IED): gjennomføringsbestemmelser om produksjon av papirpmasse, papir og kartong

Tittel

Kommisjonens gjennomføringsbeslutning 2014/687/EU av 26. september 2014 som etablerer BAT-konklusjoner (beste tilgjengelig teknikker) i henhold til europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/75/EU om produksjon av papirmasse, papir og kartong

Commission Implementing Decision 2014/687/EU of 26 September 2014 establishing the best available techniques (BAT) conclusions, under Directive 2010/75/EU of the European Parliament and of the Council, for the production of pulp, paper and board

Siste nytt

EØS-komitebeslutning ratifisert av Island. Beslutningen trer i kraft 01.08.2016

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 10.02.2015)

Sammendrag av innhold
Denne rettsakta inneheld BAT-konklusjonen for verksemder som driv produksjon av papirmasse, papir og papp.

Direktiv 2010/75/EU (industriutsleppsdirektivet) erstattar det noverande direktiv 2008/1/EF om integrert førebygging og bekjempelse av forureining (IPPC-direktivet). Industriutsleppdirektivet kom i kraft i EU 6. januar 2013. Eit grunnleggjande prinsipp i industriutsleppsdirektivet er bruk av best tilgjengelege teknikkar (Best Available Techniques – BAT) til å førebygge og avgrense forureining. BAT-konklusjonar skal vere referanse når vilkår skal setjast for løyve som omfattast av direktivet. EU utarbeidar BAT-referansedokument (BAT-Reference Documents, forkorta BREF) for dei aktuelle typane industriverksemd. BREF fastslår kva som reknast som best tilgjengelege teknikk. BREF for dei aktuelle industriane vert til gjennom informasjonsutveksling, organisert i samsvar med industriutsleppsdirektivet artikkel 13. BREF skildrar status for teknikkane som nyttast i den aktuelle industrien. Vidare gjev dokumentet ei oversikt over aktuelle utslepp og teknikkar som er vurdert med sikte på å fastsetje kva som er BAT, samt sjølve BAT-konklusjonen og eventuelle nye BAT-teknikkar som er under utvikling. BAT-konklusjonane inneheld dei delar av eit BREF som skildrar og vedtek konklusjonar om BAT for ein sektor.

BAT-konklusjonane er juridisk bindande og er ei eiga rettsakt (Commission Implementing Decision / Kommisjonsvedtak).

Frå det tidspunkt ein ny BAT-konklusjon publiserast og erstattar ein gammal konklusjon, må forureiningsløyve etter forureiningslova som fell under den gamle konklusjonen vurderast og oppdaterast innan fire år, jf. industriutsleppsdirektivet art. 21 pkt. 3. Referansedokumenta skal etter direktivet reviderast innan åtte år.

Denne rettsakta inneheld BAT-konklusjoner for verkemder som driv produksjon av papirmasse, papir og papp. BAT-konklusjonene skildrar teknikkar for å redusere utslipp, samt medfølgjande BAT-utsleppsnivå for ulike stoff til vatn og luft, såkalla BAT-AEL. Dokumentet inneheld også BAT-konklusjonar knyttet til mellom anna miljøstyringssystem, utslepp av lukt, energieffektivisering, metodar og frekvensar for bestemmelse av utslipp til luft og vann, avfallshandtering, returfiber og handsaming av avløpsvatn

Merknader
Rettsakten er gjeven med heimel i artikkel 175 TEUF

Industriutslippsdirektivet er foreløpig ikkje gjennomført i norsk rett.

Rettslige konsekvenser
Rettsakta skal grupperast i gruppe 3. Ved gjennomføringa av industriutsleppsdirektivet vil forureiningsforskrifta endrast slik at BAT-konklusjonar som er tekne inn i EØS-avtalen skal leggjast til grunn ved fastsetjing av vilkår i utsleppsløyve. BAT-konklusjonane vil også verte publisert på heimesidene til Miljødirektoratet.

Økonomiske og administrative konsekvenser
I Norge omfattes 10 virksomheter av denne BAT-konklusjonen.

Frå det tidspunkt BAT-konklusjonen vart publisert og erstattar ein gammal konklusjon, må løyve som fell under den gamle konklusjonen vurderast og oppdaterast innan fire år, jf. IED art. 21 pkt. 3.

Handsaming av avløpsvatn i biologisk renseanlegg vart vurdert som beste tilgjengelege teknikk i BREFen for bransjen frå 2006 (då under IPPC-direktivet). Fem av verksemdene har denne type renseanlegg. For dei andre anlegga er det behov for mindre tilpasningar for å vere i samsvar med dei nye BAT-konklusjonane.

Kommisjonsvedtak 2014/687/EU vil ikkje medføre vesentlege auka administrative byrder.

Sakkyndige instansers merknader
Rettsakta har vorte handsama skriftleg i Spesialutvalget for miljø, kor Olje- og energidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Landsbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet er representert.

Vurdering
Kommisjonsvedtaket reknast for å vere EØS-relevant og akseptabelt.

Status
Rettsakta er til vurdering i EFTA-landa.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
26.09.2014
Anvendelsesdato i EU
20.10.2014
Hjemmel eller endrer
Annen informasjon

EØS



EFTA/EØS-flagg
EØS-prosessen
Saksområde
Utkast til EØS-komitevedtak oversendt EU
02.07.2015
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
Norge og Liechtenstein (av basisdirektiv 2010/75/EU) (fullført)
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.08.2016
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
01.08.2016

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Klima- og miljødepartementet
Informasjon fra departementet