Lagring av polyklorerte bifenyl og polyklorerte terfenyl (PCB og PCT)

Tittel

Rådsdirektiv 96/59/EF av 16. september 1996 om disponering av polyklorerte bifenyl og polyklorerte terfenyl (PCB og PCT). For å kunne avpasse kapasiteten for lagring av PCB etter behovet, pålegger direktivet merking av utstyr som inneholder PCB at et det utarbeides ajourførte lister over slikt utstyr.

Council Directive 96/59/EC of 16 September 1996 on the disposal of polychlorinated biphenyls and polychlorinated terphenyls (PCB/PCT)

Siste nytt

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra direktivets innledning, norsk utgave)

1) Ved rådsdirektiv 76/403/EØF av 6. april 1976 om håndtering av polyklorerte bifenyler og polyklorerte trifenyler(1) vart det gjort ei tilnærming av lovgjevinga i medlemsstatane på dette området. Desse reglane har likevel synt seg å vere utilstrekkelege, og på det noverande utviklingssteget i teknikken er det mogleg å betre vilkåra for disponering av PCB. Det førnemnde direktivet bør difor bytast ut med eit nytt direktiv.

2) I rådsdirektiv 76/769/EØF av 27. juli 1976 om tilnærming av medlemsstatenes lover og forskrifter om begrensning av markedsføring og bruk av visse farlige stoffer og preparater(1) vert det streka under at heile problemet jamleg må vurderast på nytt med sikte på gradvis å nå fram til eit totalforbod mot PCB og PCT.

3) Eit av måla i rådsresolusjon av 7. mai 1990 om avfallspolitikk(1) er sikker disponering av avfall som ikkje kan attvinnast eller nyttast om att, og dette vart stadfesta i det femte handlingsprogrammet for miljø og berekraftig utvikling; den allmenne tilnærmingsmåten og strategien i programmet vart godkjende av Rådet og representantane for regjeringane i medlemsstatane samla i Rådet i resolusjonen deira av 1. februar 1993(1).

4) I samsvar med rådsdirektiv 75/442/EØF av 15. juli 1975 om avfall(1) må det gjerast høvelege tiltak for å unngå dumping, utslepp og ukontrollert disponering av avfall og bruk av prosessar eller metodar som kan vere skadelege for miljøet.

5) På grunn av dei farane som PCB utgjer for miljøet og menneskehelsa, må det innførast allmenne reglar for kontrollert disponering av PCB og dekontaminering eller disponering av utstyr.

6) Desse tiltaka bør gjerast så snart som råd er, utan at dei rører ved dei internasjonale pliktene som medlemsstatane har teke på seg, særleg pliktene etter PARCOM-vedtak 92/3(1). PCB som skal førast opp i ei liste, må vere disponerte seinast ved utgangen av 2010.

7) Disponering av PCB er eit forbigåande og mellombels problem, og nokre medlemsstatar som ikkje har kapasitet til å disponere PCB, står overfor ein force majeure-situasjon. Nærleiksprinsippet bør tolkast på ein smidig måte, slik at det opnar for europeisk solidaritet på dette området. Dessutan bør det skipast anlegg i Fellesskapet for disponering, dekontaminering og lagring av PCB.

8) I rådsdirektiv 75/439/EØF av 16. juni 1975 om håndtering av spillolje(1) er det fastsett ei maksimumsgrense på 50 ppm for PCB- og PCT-innhaldet i regnererte oljer eller oljer som vert nytta som brensel.

9) Ved rådsdirektiv 91/339/EØF av 18. juni 1991 om ellevte endring av direktiv 76/769/EØF(1) vart marknadsføringa av visse avløysingsstoff for PCB forboden eller avgrensa, og difor bør desse stoffa òg disponerast fullstendig.

10) For å kunne avpasse kapasiteten for disponering av PCB etter etterspurnaden, er det naudsynt å vite kor store mengder PCB som finst, og difor er det viktig å merkje utstyr som inneheld PCB, og å utarbeide lister over slikt utstyr. Listene bør ajourførast jamleg.

11) Av omsyn til kostnadene og dei tekniske vanskane i samband med ei liste over utstyr som er svakt ureina av PCB, bør det for slikt utstyr nyttast ei forenkla liste. Dessutan bør utstyr som er svakt ureina av PCB, kunne disponerast når levetida til utstyret er slutt, ettersom slikt utstyr er til liten fare for miljøet.

12) Ettersom det er forbode å marknadsføre PCB, bør det òg vere forbode å skilje ut PCB frå andre stoff med sikte på ombruk og å etterfylle PCB på transformatorar. Av omsyn til tryggleiken kan vedlikehaldet av transformatorar likevel halde fram med sikte på å halde ved lag den dielektriske kvaliteten til PCB som dei inneheld.

13) Føretak som utfører disponering og/eller dekontaminering av PCB, må ha løyve til dette.

14) Det må fastsetjast vilkår for dekontaminering av utstyr som inneheld PCB, og det bør vedtakast reglar for særskilt merking av slikt utstyr.

15) Visse tekniske oppgåver som er naudsynte for gjennomføringa av dette direktivet, bør Kommisjonen vareta etter utvalsframgangsmåten i artikkel 18 i direktiv 75/442/EØF.

16) Ettersom anlegga for disponering og dekontaminering av PCB er få og har ein avgrensa kapasitet, må disponeringa og/eller dekontamineringa av PCB som er oppførde i ei liste, planleggjast nøye. Det bør òg utarbeidast retningslinjer for innsamling og etterfølgjande disponering av utstyr som ikkje er oppført i ei liste. Om naudsynt kan slike retningslinjer byggje på eksisterande ordningar for avfall i det store og heile og treng ikkje ta omsyn til svært små mengder PCB som ikkje kan påvisast i praksis

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
16.09.1996
Gjennomføringsfrist i EU
16.03.1998
Anvendelsesdato i EU
16.03.1998

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 37, 4.9.1997, p. 117-122
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.05.1997
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
16.03.1998

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Klima- og miljødepartementet
Gjennomføring i norsk rett
Dato
20.12.2002
Anvendes fra i Norge
01.01.2003

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 31996L0059
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro