Markedsmisbruksdirektivet om innsidehandel

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/6/EF av 28. januar 2003 om innsidehandel og markedsmanipulasjon (markedsmisbruk)

Directive 2003/6/EC of the European Parliament and of the Council of 28 January 2003 on insider dealing and market manipulation

Siste nytt

Fortolkningsdommer avsagt av EU-domstolen 20.3.2018

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra stortingsproposisjonen)

Nærmare om direktivet
Direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk) vart vedteke 28. januar 2003. Direktivet erstattar direktiv 89/592/EØF om innsidehandel og byggjer ut gjeldande EU-reglar mot marknadsmisbruk på verdipapirområdet. Hovudføremålet med direktivet er å sikre integriteten til verdipapirmarknadene i EØS-området og syte for at investorane har tillit til desse marknadene. I flukt med dette kjem omsynet til oversikt i marknadene og ein velfungerande omsetnad av finansielle instrument.

Direktivet inneheld m.a. reglar om innsidehandel og marknadsmanipulasjon. Reguleringa av marknadsmanipulasjonen er ny i EU-rettsleg samanheng. Vidare skjerpar direktivet krava til børsnoterte utferdarføretak si offentleggjering og handtering av innsideopplysningar. Direktivet inneheld vidare reglar om analyse- og investeringstilrådingar, innsidelister, rapporteringsplikt for profesjonelle ved mistenkelege transaksjonar, meldeplikt for primærinnsidarar (til dømes personar med overordna ansvar i eller nær tilknyting til utferdarføretaket) osv.

Direktivet inneheld i tillegg til dei materielle føresegnene, i ein viss mon omfattande reglar om tilsynskompetanse og samarbeid mellom tilsynsstyresmakter, i tillegg til sanksjonar.

Direktivet er ein del av EU sin handlingsplan for finansielle tenester (Financial Services Action Plan). Direktivet er eit rammedirektiv, som ein reknar med vil verte utfylt gjennom regelverk som er fastsett ved komitologiprosedyrar (dvs. at Kommisjonen har fått delegert makt frå Rådet, men får hjelp av ekspertar frå medlemsstatane). Kommisjonen har til no vedteke tre direktiv (kommisjonsdirektiv 2003/124/EF, 2003/125/EF og 2004/72/EF) og ei forordning (kommisjonsforordning nr. 2272/2003) med utfyllande føresegner til direktivet.

Fristen for gjennomføring av direktivet og dei tilhøyrande utfyllande føresegnene i EU er 12. oktober 2004.

Tilhøvet til norsk rett
Tiltak mot ulovleg innsidehandel er i dag regulert i lov av 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova). I kapittel 2 i verdipapirhandellova er det mellom anna fastsett forbod mot innsidehandel og forbod mot kursmanipulering. Føremålet med verdipapirhandellova er å leggje til rette for sikker, ordna og effektiv handel i finansielle instrument. Med omsyn til effektiv handel er det mellom anna ein føresetnad at marknadsaktørane har tillit til marknaden og til informasjonstilgangen.

Gjennomføringa av direktivet vil i første rekkje medføre endringar i verdipapirhandellova, særleg i kapittel 2 i lova. Vidare er det naudsynt med visse endringar i kapittel 12 i lova. Særleg må dei aktuelle tilsyns- og kompetanseføresegnene byggjast ut som følgje av at direktivet legg opp til ein relativt omfattande kompetanse for tilsynsstyresmaktene.

I tillegg til endringane i verdipapirhandellova vil det vere naudsynt med endringar i børslova. Dette gjeld særleg krava til børsnoterte utferdarføretak si offentleggjering og handtering av innsideopplysningar.

Finansdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med dei konkrete lovendringane som vert rekna som naudsynte for å gjennomføre marknadsmisbruksdirektivet. Finansdepartementet tek sikte på å fremje proposisjonen hausten 2004.

Økonomiske og administrative konsekvensar
Gjennomføringa av direktivet i norsk rett vil kunne medføre ein viss auke i kostnadene for aktørane i verdipapirmarknaden. Dette gjeld mellom anna gjennomføringa av krava om føring av lister over personar med tilgang til innsideinformasjon, rapportering av mistenkelege transaksjonar og utarbeiding av analyse- og investeringstilrådingane. Utviding av innsidehandelsforbodet til varederivat vil kunne medføre auka kostnader for aktørane i denne marknaden, medrekna for varederivatbørsen (til dømes i form av auka marknadsovervakingskostnader).

Gjennomføringa av direktivet vil medføre visse nye ansvarsoppgåver for tilsynsstyresmaktene, mellom anna gjennom nye oppgåver knytte til tilsyn og sanksjonar. Det vert lagt grunn at dette ikkje vil medføre vesentlege kostnader.

Konklusjon og tilråding
Direktivet harmoniserer regelverket i EØS-området mot marknadsmisbruk, og vil auke tilliten til verdipapirmarknadene i EØS-området. Dette er viktig for å skape ein reell indre marknad for finansielle tenester, noko som igjen vil redusere kapitalkostnadene for næringslivet.

Finansdepartementet tilrår godkjenning av direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon (marknadsmisbruk) i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

Kommisjonens framlegg
Dato
30.05.2001
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
28.01.2003
Gjennomføringsfrist i EU
12.10.2004
Anvendelsesdato i EU
12.10.2004
Siste saker i EU-domstolen
Annen informasjon
EFTA/EØS-flagg

EØS

Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 58, 23.11.2006, p. 36-45
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
NO, IS, LI
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.06.2005
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
01.06.2005
Siste saker i EFTA-domstolen
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Finansdepartementet
Samtykkeproposisjon
Dato
25.06.2004