Opplæringsdirektivet for førere av buss og lastebiler

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggende kvalifisering og regelmessig opplæring av førere av visse veigående kjøretøyer for transport av gods eller passasjerer, om endring av rådsforordning (EØF) nr. 3820/85 og rådsdirektiv 91/439/EØF og om oppheving av rådsdirektiv 76/914/EØF

Directive 2003/59/EC of the European Parliament and of the Council of 15 July 2003 on the initial qualification and periodic training of drivers of certain road vehicles for the carriage of goods or passengers, amending Council Regulation (EEC) No 3820/85 and Council Directive 91/439/EEC and repealing Council Directive 76/914/EEC

Siste nytt

Fortolkningsdom avsagt av EU-domstolen 7.7.2016

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

Om direktivet - fra St.prp. nr. 11 (2006-2007):

Hovudinnhaldet i direktivet

Direktivet stiller minstekrav til grunnleggjande kvalifikasjonar og periodisk etterutdanning for yrkessjåførar av visse typar tyngre køyretøy. Desse krava kjem i tillegg til kravet om førarrett.

Direktivet gjer greie for kva slags emne sjåførane skal ha opplæring i, medrekna trafikktryggleik, miljøvennleg køyring, sikring av last, handsaming av fraktkontraktar, toll- og spedisjonsdokument og anna yrkesrelevant regelverk.

Direktivet omfattar førarar av køyretøy i klassane C1, C1E, C, CE og D1, D1E, D, DE. Dette er ulike klassar av buss og lastebil.

Direktivet rettar seg mot yrkestransport. Førarar av køyretøy som ikkje vert nytta i næringsverksemd, er dermed ikkje omfatta av krava. Det vert òg gjeve visse andre unntak, m.a. for førarar av køyretøy med ein høgste tillatne fart på 45 km/t, og for førarar av køyretøy som vert nytta i naud- og redningsaksjonar.

Opparbeidde rettar

Yrkessjåførar med førarkort i klassane D1, D1E, D og DE (bussklassane) som er utferda før 10. oktober 2008, eller førarkort i klassane C1, C1E, C og CE (lastebilklassane) som er utferda før 10. oktober 2009, er ikkje omfatta av føresegnene om grunnleggjande kvalifikasjonskrav i direktivet.

Etterutdanningskravet gjeld likevel for desse, utan omsyn til når førarkortet er utferda.

Grunnleggjande kvalifikasjonar
Medlemsstatane kan velje mellom ulike løysingar/modellar for å gjennomføre krava om grunnleggjande kvalifikasjonar i direktivet: anten 280 timar undervisning med ei avsluttande teoretisk prøve (timemodellen) eller relativt omfattande teoretiske og praktiske prøver utan føregåande obligatorisk undervisning (prøvemodellen).

I tillegg kan medlemsstatane innføre ein komprimert variant med 140 timar undervisning, med avsluttande prøve. Denne modellen vil gje litt meir avgrensa rettar for sjåførar mellom 18 og 23 år.

Etterutdanning
For å halde ved lag yrkessjåførkompetansen skal den einskilde sjåføren gjennomføre etterutdanning i kvar påfølgjande femårsperiode. Utdanninga skal ta utgangspunkt i emnelista i direktivet, men skal òg tilpassast dei faglege behova som den einskilde har.
Utdanningsinstitusjonar

Styresmaktene må godkjenne dei lærestadene som skal gje opplæring etter innhaldet i direktivet. For å få slik godkjenning må lærestadene tilfredsstille faglege, pedagogiske og administrative krav.

Prov på tileigna kvalifikasjonar
Det skal utferdast eit kvalifikasjonsprov for gjennomført utdanning. Yrkessjåførar må ha dette provet for å kunne utøve sjåføryrket.

Dette provet kan utferdast på to ulike måtar: anten ved avmerking av ein særskilt fellesskapskode på baksida av førarkortet, eller som eit særskilt prov for yrkessjåførar.

Medlemsstatane pliktar òg å utferde eit slikt prov til borgarar som ikkje er statsborgarar i ein EØS-stat, men som er tilsette i eller vert nytta av eit føretak som er etablert i EØS-området.

Provet skal godkjennast ymsesidig mellom EØS-statane.

Gjennomføring av direktivet i norsk rett

For å gjennomføre direktivet i norsk rett, må heimelen til å påleggje utdanning gå fram av lov. Det vil verte gjort lovframlegg om at den som skal føre motorvogn mot vederlag, må tilfredsstille krav til grunn- og etterutdanning der Samferdselsdepartementet krev dette. Det vil verte gjort framlegg om at Samferdselsdepartementet kan gje nærmare føresegner om utdanninga.

Samferdselsdepartementet vil leggje fram ein Ot.prp. med framlegg til lov om endring i vegtrafikklov av 18. juni 1965 nr. 4 om dette. Den vidare gjennomføringa av direktivet, t.d. val av modell for opplæring, vil finne stad ved fastsetjing av forskrift.

Konsekvensar for det offentlege

Gjennomføringa av direktiv 2003/59/EF vil ha økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege.

Det må påreknast kostnader i samband med undervisning, administrasjon og godkjenning av og tilsyn med lærestader. Vidare må det påreknast kostnader i samband med prøvene (produksjon, administrasjon og sensur). Det må dessutan påreknast kostnader ved utferding av prov. I samband med etterutdanninga må det påreknast kostnader i samband med registrering av tidlegare opplæring/utdanning, og i samband med administrasjon av fornying av prov.

Samferdselsdepartementet reknar med at vegvesenet treng om lag 13 nye årsverk dersom timemodellen vert vald. Dersom prøvemodellen vert vald, trengst det truleg om lag 28 nye årsverk. Grunnen til at prøvemodellen verkar så ressurskrevjande for det offentlege, er at både dei teoretiske og praktiske prøvene i denne modellen er svært omfattande.

I tillegg vil administrasjonen av etterutdanninga føre til at det trengst om lag fem årsverk fordelt på regionkontora til vegvesenet.

Samferdselsdepartementet reknar med at ein stor del av kostnadene vil kunne finansierast gjennom gebyr.

Ut frå dei gjeldande gebyrsatsane for førarprøva og utferding av førarkort vil timemodellen kunne skaffe om lag 2,4 millionar kroner i gebyrinntekter. Prøvemodellen vil kunne gje om lag 15,5 millionar kroner i gebyrinntekter.

Samferdselsdepartementet tek sikte på at kostnadene ved ordninga vert dekte innanfor gjeldande budsjettrammer og ved brukarfinansiering.

Konsekvensar for private

Opplæringa i grunnleggjande kvalifikasjonar etter timemodellen vil gje kostnader for elevane i form av betaling for obligatorisk undervisning og gebyr for prøver.

Det vil ikkje vere obligatorisk undervisning dersom prøvemodellen vert vald. Likevel vil det vere kostnader i form av gebyr for prøvene og leige av køyretøy til den praktiske prøva.

Kravet om periodisk etterutdanning vil påføre kostnader i form av tapt arbeidsforteneste, i tillegg til betaling for undervisning og prøver. På grunnlag av tal frå Statistisk sentralbyrå og transportbransjen reknar Vegdirektoratet at det i dag finst om lag 50 000 yrkessjåførar som nyttar tunge køyretøy. Med krav om etterutdanning kvart femte år vil gjennomsnittleg 10 000 yrkessjåførar måtte gjennomføre ei slik opplæring kvart år.

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

Kommisjonens framlegg
Dato
02.02.2001
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
15.07.2003
Gjennomføringsfrist i EU
10.09.2006
Anvendelsesdato i EU
10.09.2008
Siste saker i EU-domstolen
Annen informasjon
EFTA/EØS-flagg

EØS

Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 34, 25.6.2009, p. 148-161
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
NO, IS
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.06.2007
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
10.09.2008
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Samferdselsdepartementet
Samtykkeproposisjon
Dato
24.11.2006
Gjennomføring i norsk rett
Dato
16.04.2008
Anvendes fra i Norge
10.09.2008