Produksjon og utvikling av statistikk om forskning og teknologi

Tittel

Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1608/2003/EF av 22. juli 2003 om produksjon og utvikling av fellesskapsstatistikker over forskning og teknologi

Decision No 1608/2003/EC of the European Parliament and of the Council of 22 July 2003 concerning the production and development of Community statistics on science and technology

Siste nytt

Gjennomføringsrapport lagt fram av Kommisjonen 07.04.2014

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra europaparlaments- og rådsvedtaket, norsk utgave)

1) For å støtte fellesskapspolitikken er det naudsynt med statistikkar som kan jamførast når det gjeld forsking og utvikling og teknologisk nyskaping, og når det gjeld vitskap og teknologi generelt.

2) I rådsvedtak 94/78/EF, Euratom, av 24. januar 1994 om et flerårig program for utvikling av fellesskapsstatistikker over forskning, utvikling og innovasjon vert det streka under at målet for dette programmet er å leggje fram ei fellesskapsreferanseramme for statistikkar og utarbeide eit harmonisert system for statistiske opplysningar i Fellesskapet på dette området.

3) I sluttrapporten for programperioden 1994-1997 vert det streka under at arbeidet bør halde fram, data bør gjerast tilgjengeleg snøggare, den regionale dekkinga bør utvidast og det bør verte enklare å jamføre data.

4) I samsvar med rådsvedtak 1999/126/EF av 22. desember 1998 om Fellesskapets statistiske program 1998-2002 skal systemet for statistiske opplysningar støtte forvaltinga av vitskaps- og teknologipolitikken i Fellesskapet og vurderinga av kapasiteten til regionane med omsyn til forsking, utvikling og nyskaping når det gjeld forvalting av strukturfonda.

5) I samsvar med rådsforordning (EF) nr. 322/97 av 17. februar 1997 om fellesskapsstatistikker(5) skal desse statistikkane vere underlagde prinsippa om upartisk handsaming, pålitsgrad, relevans, kostnadseffektivitet, fortruleg handsaming av statistiske opplysningar og klarleik.

6) For å sikre at data er nyttige og kan jamførast og for å unngå overlapping av arbeid, bør Fellesskapet ta omsyn til det arbeidet som er gjort i samarbeid med eller av OECD og andre internasjonale organisasjonar med omsyn til vitskaps- og teknologistatistikk, særleg når det gjeld data som medlemsstatane skal levere.

7) I fellesskapspolitikken på områda vitskap, teknologi og nyskaping vert det lagt særleg vekt på å styrkje det vitskaplege og teknologiske grunnlaget i europeisk næringsliv slik at det kan verte meir nyskapande og konkurransedyktig på internasjonalt og regionalt plan, utnytte føremonene ved informasjonssamfunnet og fremje teknologioverføringa, betre verksemda på området immaterialrettar og utvikle mobiliteten til dei menneskelege ressursane, og fremje likestilling mellom menn og kvinner på vitskapsområdet.

8) Framgangsmåtane for innsamling av data frå næringslivet og styresmaktene bør vere kostnadseffektive og relevante, samstundes som det vert teke omsyn til den datakvaliteten som er naudsynt og den byrda som vert lagd på oppgåvegjevarane.
9) Det er særleg viktig at utviklinga i offisielle statistikkar innanfor vitskap og teknologi vert samordna på ein slik måte at dei òg stettar dei viktigaste krava til nasjonale, regionale og lokale styresmakter, internasjonale organisasjonar, økonomiske aktørar, yrkessamanslutningar og ålmenta.

10) For å unngå dobbeltarbeid bør det takast omsyn til rådsvedtak 1999/173/EF av 25. januar 1999 om vedtaking av eit særskilt program for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjon med omsyn til betring av det menneskelege forskingspotensialet og den sosioøkonomiske kunnskapsbasen (1998-2002) og europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 2002/1513/EF av 27. juni 2002 om Det europeiske fellesskaps sjette rammeprogram for forskning, teknologisk utvikling og demonstrasjon som bidrag til opprettelsen av det europeiske forskningsområde og til nyskaping (2002-2006).

11) Det bør takast omsyn til rådsresolusjon av 26. juni 2001 om vitskap og samfunn og om kvinner innanfor vitskapen, der Rådet seier seg nøgd med arbeidet til Helsinki-gruppa og oppmodar medlemsstatane og Kommisjonen om å vidareføre innsatsen for å fremje rolla til kvinner innanfor vitskapen på nasjonalt plan, særleg med omsyn til innsamling av statistikk over menneskelege ressursar innanfor vitskap og teknologi fordelt på kjønn, og utvikling av indikatorar for å overvake framstega i retning av likestilling mellom menn og kvinner i europeisk forsking.

12) Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen.

13) Utvalet for statistikkprogrammet som vart skipa ved rådsavgjerd 89/382/EØF, Euratom, er vorte rådspurt i samsvar med artikkel 3 i den nemnde avgjerda.

14) Utvalet for teknisk og vitskapleg forsking (CREST) har gjeve fråsegna si.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
22.07.2003
Anvendelsesdato i EU
06.10.2003
Annen informasjon

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 10, 21.2.2008, p. 719-721
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
09.02.2005
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
09.02.2005

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Finansdepartementet
Gjennomføring i norsk rett

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 32003D1608
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro