Rapporteringsstandard for forordningen om sosiale bestemmelser innenfor vegtransport

Tittel

Kommisjonsvedtak 2009/810/EF av 22. september 2008 om utforming av standardformularet til rapportering som er omtalt i artikel 17 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 561/2006

Commission Decision 2009/810/EC of 22 September 2008 drawing up the standard reporting form referred to in Article 17 of Regulation (EC) No 561/2006 of the European Parliament and of the Council

Siste nytt

EØS-komitevedtak 1.10.2010

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 5.1.2012)

Sammendrag av innhold
Artikkel 17 i forordning (EF) nr. 561/2006 føreskriv at medlemsstatane,gjennom eit standardskjema, annankvart år skal oversende Europakommisjonen dei opplysingane som er naudsynte for at Kommisjonen (annakvart år) skal kunne utarbeide ein rapport om forordningane (EF) nr. 561/2006 og (EØF) nr. 3821/85. Forordning (EF) nr. 561/2006 artikkel 17 krev at denne rapporteringa skal skje gjennom skjema fastsett ved Kommisjonsvedtak 93/173/EØF. Skjemaet fastsett gjennom Kommisjonsvedtak 2009/810/EF erstattar vedtakt 93/173/EØF. Det nye skjemaet inneber ei oppdatering, og tek opp i seg den utviklinga som skjedde innan køyre- og kviletidsreglane ved forordning (EF) nr. 561/2006 – mellom anna gjennom at det nye skjemaet legg til rette for gjennomføring av nye rapporteringsplikter pålagt ved forordning (EF) nr. 561/2006 og direktiv 2006/22/EF. For å medverke både til administrativ forenkling og forgjere Kommisjonen si overvaking meir effektiv, inkluderar også det nye standardskjemaet rapportering medlemsstatane skal gjer i medhald av direktiv 2002/15/EF om arbeidstid for personar innan vegtransporten. I fylgje Kommisjonsvedtak 2009/810/EF skal tilvisinga i forordning (EF) nr. 561/2006 til Kommisjonsvedtak 93/173/EØF etter dette lesast som ei tilvising til Kommisjonsvedtak 2009/810/EF. Rapportering etter forordning (EF) nr. 561/2006 artikkel 17 og forordning (EØF) nr. 3821/85 skal for EØS EFTA-statane sin del skje til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, jf. protokoll 1 til ODA-avtalen.

Vurdering
Vedtaket medfører ei utskifting av skjemaet som ein skal nytte til, annankvart år, å rapportere til ESA om praktiseringa av køyre- og kviletidsregelverket. Ei fylgje av Kommisjonsvedtaket er at det nye skjemaet krev at vegstyresmaktene må rapportere nokre fleire opplysingar enn tidlegare. Dette krev noko meir ressursbruk frå vegstyresmaktene si side, ein må mellom anna etablere rutinar for å framskaffe aktuelle data. Utover dette reknar ein ikkje med at rettsakta vil medføre særlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Ein har ikkje funne å kunne talfeste denne mindre auken i ressursbruk frå vegstyresmaktene si side. Innlemming av rettsakta i EØS-avtalen vil ikkje medføre behov for lov- eller forskriftsendringar. Samferdselsdepartementet reknar rettsakta for EØS-relevant. Sjølv om manglande innlemming av rettsakta verken ville verke negativt inn på funksjonen til køyre- og kviletidsregelverket spesielt eller den indre marknaden generelt, er det mellom anna lang og fast avtalepraksis for at regelverk om køyre- og kviletid innan vegtransporten vert gjort til ein del av EØS-avtalen, jf. til dømes at forordning (EF) nr. 561/2006 - som dette Kommisjonsvedtaket legg til rette for gjennomføringa av - er ein del av EØS-avtalen. Rettsakta er også akseptabel, jf. at den berre har mindre konsekvensar for ovennemnde rapporteringsarbeid.

Status
Kommisjonsvedtak 2009/810/EF vart fatta 22. september 2008. Kvifor det fyrst vart publisert i Official Journal hausten 2009 er vi ikkje kjent med. EFTA sekretariatet sende ut standardskjema 9. november 2009. Vedtaket vil ha verknad for EØS EFTA-statane frå den dag vedtaket vert innlemma i EØS-avtalen, jf. at vedtaket ikkje inneheld ein særskilt ikraftsetjingsdato eller frist for gjennomføring i nasjonal rett. Vegdirektoratet opplyser for øvrig at dei allereie har teke i bruk dette nye standardskjemaet i sine rapporteringsrutinar. Dei har også oppmoda politiet om å ta det nye skjemaet i bruk.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
22.09.2009
Anvendelsesdato i EU
25.11.2009
Hjemmel eller endrer

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 37, 25.6.2015, p. 92-98
EØS-prosessen
Saksområde
Vedtatt i EØS-komiteen
01.10.2010
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.11.2010
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
01.11.2010

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Samferdselsdepartementet
Informasjon fra departementet
Anvendes fra i Norge
01.11.2010

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 32009D0810
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro