Registrering av personar som reiser med passasjerskip

Tittel

Rådsdirektiv 98/41/EF av 18. juni 1998 om registrering av personar som reiser med passasjerskip til eller frå hamner i medlemsstatane i Fellesskapet

Council Directive 98/41/EC OF 18 June 1998 on the registration of persons sailing on board of passenger ships operating to or from ports of the Member States of the Community

Siste nytt

Norsk forskrift av 6.9.1999

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra rådsdirektivet, norsk utgave)

1) Innan ramma av den felles transportpolitikken må det gjerast tilleggstiltak for å betre tryggleiken ved sjøtransport.

2) Fellesskapet ser med stor uro på dei sjøulykkene med passasjerskip som har ført til store tap av menneskeliv, særleg ulykkene med "Herald of Free Enterprise" og "Estonia". Personar som nyttar passasjerskip og snøggåande passasjerbåtar innanfor Fellesskapet, har rett til å vente seg og bør kunne rekne med eit tilstrekkeleg tryggleiksnivå og eit føremålstenleg system for opplysningar som kan lette leite- og redningsgsaksjonar og fremje ei effektiv handtering av etterverknadene av ei eventuell ulykke.

3) Det må sikrast at talet på passasjerar om bord på passasjerskip ikkje overstig det talet som skipet og tryggingsutstyret om bord er godkjende for. Reiarlaga bør kunne opplyse leite- og redningstenestene om kor mange personar som er innblanda i ei ulykke.

4) Det må samlast inn opplysningar om passasjerar og om offiserar og mannskap med sikte på å lette leite- og redningsaksjonar og fremje ei effektiv handtering av etterverknadene av ei ulykke, t.d. når det gjeld identifisering av personar som er innblanda, betre klarleik i juridiske spørsmål i samband med ulykka og yting av meir føremålstenleg lækjarhjelp til personar som er vortne redda. Med slike opplysningar kan det unngåast at slektningar og andre pårørande uroar seg unaudsynleg for personar som er om bord på passasjerskip som er innblanda i ulykker i farvatn som høyrer inn under ansvarsområdet til medlemsstatane i samsvar med konvensjonen om leiting og redning til sjøs (SAR) av 1979.

5) Passasjerane bør difor teljast og registrerast før skipet seglar.

6) I kapittel III i Den internasjonale konvensjonen om tryggleik for menneskeliv til sjøs av 1974 (SOLAS-konvensjonen) er det fastsett at alle personar som reiser med passasjerskip i internasjonal fart, skal teljast og registrerast høvesvis frå 1. juli 1997 og 1. januar 1999, medan styresmaktene kan frita passasjerskip som seglar i skjerma farvatn, frå desse krava og frå registreringsplikta dersom rutetrafikken til desse skipa gjer at det vert uråd for dei å utarbeide slike dokument i praksis. Dette kapitlet i SOLAS-konvensjonen vert ikkje nytta på innanriksfart, og overlèt viktige tolkingsspørsmål til dei ulike medlemsstatane.

7) Dette direktivet er i samsvar med den retten som medlemsstatane har til å påleggje passasjerskip som seglar til eller frå hamnene deira, visse krav som er strengare enn dei som er fastsette i SOLAS-konvensjonen.

8) Med særleg omsyn til kor viktig persontransport til sjøs er for den indre marknaden, er tiltak på fellesskapsplan det mest effektive middelet for å innføre eit felles minste tryggleiksnivå for skip i heile Fellesskapet.

9) Med omsyn til prinsippet om rimeleg samhøve er eit rådsdirektiv eit veleigna rettsleg dokument, fordi det gjev medlemsstatane ei ramme for einsarta og obligatorisk bruk av tryggleiksstandardar, samstundes som det gjev kvar einskild medlemsstat rett til å avgjere korleis det best kan innarbeidast i den nasjonale rettsskipnaden deira.

10) Ein medlemsstat kan sikre at dei gjeldande tryggleiksreglane vert stetta av passasjerskip som seglar under flagget til medlemsstaten, og av reiarlaga deira. Desse reglane bør ikkje påleggjast skip som seglar mellom hamner i tredjestatar. Slik trafikk er underlagd føresegnene i SOLAS-konvensjonen.

11) Det er berre ved å krevje at effektiv etterleving av dei gjeldande reglane skal vere ein føresetnad for bruk av hamnene deira, at medlemsstatane kan sikre ei trygg og effektiv handtering av etterverknader av ulykker for alle passasjerskip som seglar eller ønskjer å segle til hamnene deira, utan omsyn til kva flagg dei seglar under. Det kan ikkje overlatast til flaggstaten åleine å ta avgjerder om fritak for desse reglane, ettersom det berre er hamnestaten som er i stand til å fastsetje krava til best moglege leite- og redningsaksjonar for passasjerskip som seglar til eller frå ei hamn.

12) For å harmonisere vernet av tryggleiken og unngå konkurransevriding bør ikkje medlemsstatane, av andre grunnar enn dei som er nemnde i dette direktivet, gje fritak for eller unntak frå dei relevante føresegnene i SOLAS-konvensjonen om opplysningar om passasjerar for reiser til eller frå hamner i Fellesskapet.

13) Av praktiske grunnar og for å unngå konkurransevriding må det vedtakast ein einsarta framgangsmåte for å fastsetje kva reiser som bør omfattast av obligatorisk registrering av alle personane om bord. Grensa på 20 nautiske mil er eit resultat av omsynet til allmenne prinsipp og særskilde tilhøve som alle medlemsstatane har godkjent.

14) Av særlege driftsmessige årsaker kan teljinga av personar om bord i passasjerskip som kryssar Messinasundet, i eit avgrensa tidsrom gjerast enklare enn ved individuell teljing. Medlemsstatene bør ha høve til å lempe litt på kravet om å melde frå til land om kor mange personar det finst om bord i passasjerskip som berre seglar i rutetrafikk i korte tidsrom i skjerma havområde slik det er definert i dette direktivet. Passasjerskip som berre seglar i skjerma havområde, utgjer ein mindre fare, og bør difor kunne gjevast fritak. Dersom det i visse høve er svært vanskeleg for reiarlaga å registrere personar om bord, kan det under særlege omstende og på godt definerte vilkår gjevast unntak frå registreringsplikta.

15) Innsamlinga og handsaminga av opplysningar om namngjevne personar må gjerast i samsvar med dei prinsippa om datavern som er fastsette i direktiv 95/46/EF(1). Personane bør på innsamlingstidspunktet særleg informerast fullt ut om kva opplysningane skal nyttast til, og om at dei skal lagrast berre i eit svært kort tidsrom som ikkje i noko tilfelle bør vere lengre enn det som er naudsynt for føremåla med dette direktivet.

16) Kommisjonen må få hjelp med den faktiske gjennomføringa av dette direktivet av eit utval som er samansett av representantar frå medlemsstatane. Det utvalet som er oppnemnt ved artikkel 12 i direktiv 93/75/EØF, kan ta på seg denne oppgåva.

17) For å ta omsyn til framtidige endringar i SOLAS-konvensjonen som vil ta til å gjelde, kan visse føresegner i dette direktivet tilpassast av dette utvalet -

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

Kommisjonens framlegg
Dato
25.11.1996
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
18.06.1998
Gjennomføringsfrist i EU
01.01.1999
Anvendelsesdato i EU
01.01.1999
Annen informasjon
EFTA/EØS-flagg

EØS

Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 46, 19.10.2000, p. 252-256
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
18.06.1999
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
18.06.1999
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Nærings- og fiskeridepartementet
Gjennomføring i norsk rett
Dato
06.09.1999
Anvendes fra i Norge
01.10.1999