Vern av arbeidstakere mot kreftfremkallende stoffer eller mutagener

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/37/EF av 29. april 2004 om vern av arbeidstakarane mot risiko ved å vere utsett for kreftframkallande eller arvestoffskadelege stoff i arbeidet (sjette særdirektiv i medhald av artikkel 16 nr. 1 i direktiv 89/391/EØF)

Directive 2004/37/EC of the European Parliament and of the Council of 29 April 2004 on the protection of workers from the risk related to exposure to carcinogens or mutagens at work (Sixth individual Directive within the meaning of Article 16(1) of Council Directive 89/391/EEC) (codified version)

Siste nytt

Norsk forskrift kunngjort 24.4.2004

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra europaparlaments- og rådsforordningen, norsk utgave)

1) Rådsdirektiv 90/394/EØF av 28. juni 1990 om vern av arbeidstakere mot farer ved å være utsatt for kreftframkallende stoffer i arbeidet (sjette særdirektiv i henhold til artikkel 16 nr. 1 i direktiv 89/391/EØF) er vorte endra monaleg fleire gonger. Av omsyn til klarleik og forenkling bør det nemnde direktivet difor konsoliderast.

2) For å sikre helsa og tryggleiken for arbeidstakarar er det særs viktig å halde ved lag dei minstekrava som er utarbeidde for å sikre ein høgare standard for helse og tryggleik når det gjeld vern av arbeidstakarar mot risiko i samband med eksponering for kreftframkallande og arvestoffskadelege stoff i arbeidet, som òg er utarbeidde for å gje eit minstevernenivå for alle arbeidstakarane i Fellesskapet.

3) Dette direktivet er eit særdirektiv i medhald av artikkel 16 nr. 1 i rådsdirektiv 89/391/EØF av 12. juni 1989 om iverksetting av tiltak som forbedrer arbeidstakernes sikkerhet og helse på arbeidsplassen. Føresegnene i det nemnde direktivet gjeld difor fullt ut for arbeidstakarar som vert utsette for kreftframkallande eller arvestoffskadelege stoff, med atterhald for strengare og/eller meir særskilte føresegner i dette direktivet.

4) Det må fastsetjast eit einsarta vernenivå for heile Fellesskapet mot risikoar i samband med kreftframkallande eller arvestoffskadelege stoff, og dette vernenivået bør fastsetjast ikkje ved hjelp av detaljerte krav, men ved hjelp av ei ramme av allmenne prinsipp som gjer det mogleg for medlemsstatane å nytte minstekrava på ein einsarta måte.

5) Stoff som skadar arvestoffet i kjønnsceller kan vere årsak til ei varig endring av mengda av eller strukturen til genmaterialet i ei celle, noko som kan føre til ei endring i dei fenotypiske kjenneteikna ved denne cella som kan verte overførd til komande generasjonar av dotterceller.

6) På grunn av måten dei verkar på, kan stoff som skadar arvestoffet i kjønnsceller truleg ha kreftframkallande verknader.

7) Vedlegg VI til rådsdirektiv 67/548/EØF av 27. juni 1967 om tilnærming av lover og forskrifter om klassifisering, emballering og merking av farlige stoffer inneheld kriterium for klassifisering og framgangsmåtar for merking av kvart einskilt stoff.

8) Europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/45/EF av 31. mai 1999 om tilnærming av medlemsstatenes lover og forskrifter om klassifisering, emballering og merking av farlige stoffblandinger inneheld nærmare opplysningar om kriteria for klassifisering og framgangsmåtane for merking av slike stoffblandingar.

9) Arbeidstakarar må vere verna i alle arbeidssituasjonar når det gjeld stoffblandingar som inneheld eitt eller fleire kreftframkallande eller arvestoffskadelege stoff, og mot kreftframkallande eller arvestoffskadelege sambindingar som utviklar seg i arbeidet.

10) For å sikre eit best mogleg vernenivå må det for visse stoff takast omsyn til alle opptaksvegar, medrekna eit eventuelt opptak gjennom huda.

11) Sjølv om den noverande vitskaplege kunnskapen ikkje gjer det mogleg å fastsetje eit minstenivå for helserisikoar, vil ei minsking av eksponeringa for kreftframkallande eller arvestoffskadelege stoff likevel redusere desse risikoane.

12) For å medverke til å redusere desse risikoane bør det fastsetjast grenseverdiar og andre direkte tilknytte føresegner for alle dei kreftframkallande eller arvestoffskadelege stoffa der dette er mogleg å gjere på grunnlag av tilgjengelege opplysningar, medrekna vitskaplege og tekniske data.

13) Grenseverdiar for eksponering i arbeidet må reknast som ein viktig del av dei allmenne tiltaka for vern av arbeidstakarar. Slike grenseverdiar må reviderast når nyare vitskaplege data gjer det naudsynt.

14) Føre var-prinsippet bør nyttast når det gjeld vern av helsa til arbeidstakarane.

15) Det må gjerast førebyggjande tiltak for å sikre tryggleiken og helsa til arbeidstakarar som vert utsette for kreftframkallande eller arvestoffskadelege stoff.

16) Dette direktivet er eit konkret ledd i verkeleggjeringa av den sosiale dimensjonen i den indre marknaden.

17) I medhald av rådsavgjerd 74/325/EØF har Kommisjonen rådspurt Det rådgjevande utvalet for tryggleik, hygiene og helsevern på arbeidsplassen med sikte på utarbeiding av framlegg til dei direktiva som er førde opp i dette direktivet.

18) Dette direktivet rører ikkje ved dei pliktene som medlemsstatane har med omsyn til dei fristane for innarbeiding som er fastsette i vedlegg IV del B.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
29.04.2004
Gjennomføringsfrist i EU
22.10.2005
Anvendelsesdato i EU
22.10.2005

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 36, 19.6.2008, p. 58-69
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
22.10.2005
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
22.10.2005

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Arbeids- og sosialdepartementet
Gjennomføring i norsk rett
Dato
01.06.2004
Anvendes fra i Norge
01.07.2004