Fjernsalg av finansielle tjenesteytelser til forbrukerne

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar, og om endring av rådsdirektiv 90/619/EØF og av direktiv 97/7/EF og 98/27/EF

Directive 2002/65/EC of the European Parliament and of the Council of 23 September 2002 concerning the distance marketing of consumer financial services and amending Council Directive 90/619/EEC and Directives 97/7/EC and 98/27/EC

Siste nytt

Høring om i forbindelse med evaluering av direktivet igangsatt av Kommisjonen 9.4.2019

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra europaparlaments- og rådsdirektivet, norsk utgave)

1) For å verkeleggjere måla for den indre marknaden er det viktig å vedta tiltak med sikte på ei gradvis konsolidering av denne marknaden, og desse tiltaka må medverke til eit høgt nivå for forbrukarvern i samsvar med artikkel 95 og 153 i traktaten.

2) Fjernsal av finansielle tenester vil utgjere eit av dei viktigaste konkrete resultata av gjennomføringa av den indre marknaden, både for forbrukarar og ytarar av finansielle tenester.

3) Innan ramma av den indre marknaden er det i forbrukarane si interesse å ha lik tilgang til flest mogleg av dei finansielle tenestene som finst tilgjengelege i Fellesskapet, slik at dei kan velje dei tenestene som høver best for dei. For å sikre forbrukarane den svært viktige retten til å kunne velje fritt, krevst det eit høgt nivå for forbrukarvern for å auke tilliten blant forbrukarane til fjernsal.

4) For at den indre marknaden skal verke på ein god måte, må forbrukarane kunne forhandle om og gjere avtaler med ein tenesteytar som er etablert i andre medlemsstatar, utan omsyn til om tenesteytaren òg er etablert i den medlemsstaten der forbrukaren er busett.

5) Finansielle tenester har eit immaterielt preg og er difor særs godt eigna til fjernsal, og innføringa av ei rettsleg ramme for å regulere fjernsal av finansielle tenester bør auke tilliten blant forbrukarane til bruk av nye teknikkar i samband med fjernsal av finansielle tenester, t.d. elektronisk handel.

6) Dette direktivet bør nyttast i samsvar med traktaten og det avleidde regelverket, medrekna direktiv 2000/31/EF(4) om elektronisk handel; det sistnemnde direktivet kan nyttast berre på dei transaksjonane som det omfattar.

7) Føremålet med dette direktivet er å nå dei måla som er nemnde ovanfor, utan at det rører ved dei fellesskapsføresegnene eller den nasjonale lovgjevinga som gjeld for fridommen til å yte tenester, eller eventuelt kontrollen til vertsstaten og/eller godkjennings- eller tilsynsordningar i medlemsstatane, der dette er i samsvar med regelverket til Fellesskapet.

8) Vidare vil dette direktivet, særleg dei føresegnene som gjeld opplysningar om eventuelle vilkår i avtala med omsyn til kva lovgjeving som skal nyttast på avtala, og/eller med omsyn til kva domstol som skal ha kompetanse, ikkje verke inn på korleis rådsforordning (EF) nr. 44/2001 av 22. desember 2000 om domsmyndighet og om anerkjennelse og fullbyrding av dommer i sivile og kommersielle saker(5) eller Roma-konvensjonen av 1980 om kva lov som skal nyttast på avtaleplikter, skal nyttast på fjernsal av finansielle tenester.

9) Verkeleggjeringa av måla i handlingsplanen for finansielle tenester krev eit høgare nivå for forbrukarvern på visse område. Dette inneber ei større tilnærming, særleg når det gjeld kollektive investeringsfond som ikkje er harmoniserte, åtferdsreglar for investeringstenester og forbrukarkredittar. I påvente av at ei slik tilnærming skal oppnåast bør det haldast ved lag eit høgt nivå for forbrukarvern.

10) Europaparlaments- og rådsdirektiv 97/7/EF av 20. mai 1997 om forbrukervern ved fjernsalgsavtaler(6) inneheld dei viktigaste føresegnene som skal nyttast på avtaler om fjernsal av varer eller tenester som er gjorde mellom ein seljar eller tenesteytar og ein forbrukar. Finansielle tenester er ikkje omfatta av det nemnde direktivet.

11) Innan ramma av den vurderinga som er gjord med sikte på å slå fast kva særlege tiltak som trengst på området finansielle tenester, har Kommisjonen oppmoda alle dei partane som det gjeld, om å leggje fram synspunkta sine, særleg i samband med utarbeidinga av grønboka "Finansielle tenester - å oppfylle forventningane til forbrukarane". Dei samråda som vart haldne i samband med dette, synte at forbrukarvernet må styrkjast på dette området. Kommisjonen har difor kome fram til at han vil gjere eit særskilt framlegg som gjeld fjernsal av finansielle tenester.

12) Dersom medlemsstatane vedtek reglar for fjernsal av finansielle tenester til forbrukarane som er motstridande eller ulike, kan dette ha ein negativ innverknad på verkemåten til den indre marknaden og på konkurransen mellom føretaka på denne marknaden. Difor må det innførast felles reglar på fellesskapsplan på dette området, utan at det allmenne forbrukarvernet i medlemsstatane vert dårlegare.

13) Ved dette direktivet bør det sikrast eit høgt nivå for forbrukarvern, med sikte på å sikre fri rørsle for finansielle tenester. På dei områda som vert harmoniserte ved dette direktivet, bør det ikkje vere mogleg for medlemsstatane å vedta andre føresegner enn dei som er fastsette i direktivet, med mindre noko anna er uttrykkjeleg nemnt i direktivet.

14) Dette direktivet omfattar alle finansielle tenester som kan ytast ved fjernsal. Visse finansielle tenester er likevel regulerte ved særlege føresegner i fellesskapsregelverket som vil halde fram med å gjelde for dei aktuelle tenestene. Det bør likevel fastsetjast prinsipp for fjernsal av slike tenester.

15) Fjernsalsavtaler inneber bruk av fjernkommunikasjonsmiddel som vert nytta som del av ei ordning for fjernsal eller fjerntenesteyting utan at tenesteytaren og forbrukaren er til stades samstundes. Den stadige vidareutviklinga av desse kommunikasjonsmidla krev at det vert fastsett kva prinsipp som skal gjelde, òg for middel som enno vert nytta berre i eit avgrensa omfang. Fjernsalsavtaler er difor avtaler som det vert gjeve tilbod om, som vert forhandla og som vert gjorde på avstand.

16) Ei og same avtale som omfattar fleire påfølgjande operasjonar eller separate operasjonar av same type som finn stad over eit visst tidsrom, kan verte vurderte ulikt rettsleg i dei ulike medlemsstatane, men det er viktig at dette direktivt vert nytta på same måten i alle medlemsstatane. For å nå dette målet bør dette direktivet nyttast på den første av fleire påfølgjande operasjonar eller separate operasjonar av same type som finn stad over eit visst tidsrom, som kan reknast for å utgjere ein heilskap, utan omsyn til om operasjonen eller serien av operasjonar er omfatta av éi og same avtale eller av fleire påfølgjande avtaler.

17) Ei "innleiande avtale om tenester" kan t.d. omfatte opning av bankkonto, nyskaffing av kredittkort eller avtale om porteføljeforvalting, og "operasjonar" kan t.d. omfatte innskot eller uttak av pengar til eller frå bankkontoen, betaling med kredittkort eller transaksjonar innan rammene av ei avtale om porteføljeforvalting. Dersom nye element skal leggjast til ei innleiande avtale om tenester, t.d. høve til å nytte eit elektronisk betalingsmiddel saman med ein eksisterande bankkonto, er dette ikkje å rekne som ein "operasjon", men som ei tilleggsavtale som dette direktivet skal nyttast på. Teikning av nye delar i det same kollektive investeringsfondet vert rekna for å vere ein "påfølgjande operasjon av same type".

18) Ettersom dette direktivet omfattar ei ordning for tenesteyting som er organisert av ytaren av finansielle tenester, vil tilfeldig yting av tenester utanfor ein forretningsstruktur som har som føremål å gjere avtaler om fjernsal, ikkje høyre inn under verkeområdet til direktivet.

19) Tenesteytaren er den personen som yter tenester ved fjernsal. Likevel bør dette direktivet òg nyttast dersom eitt av stadia i samband med salet medfører bruk av ein mellommann. Ut frå typen og omfanget av ein slik medverknad bør dei relevante føresegnene i dette direktivet nyttast på slike mellommenn, utan omsyn til kva rettsleg status dei har.

20) Varige medium omfattar særleg diskettar, CD-ROM, DVD og harddisken i datamaskina til forbrukaren der den elektroniske posten er lagra, men dei omfattar ikkje nettstader på Internett, med mindre desse oppfyller kriteria i definisjonen av eit varig medium.

21) Bruk av fjernkommunikasjonsmiddel bør ikkje føre til urettkomne avgrensingar i informasjonen til kunden. Av omsyn til klarleiken er det i dette direktivet fastsett krav som er naudsynte for å sikre at forbrukaren får fullnøyande informasjon, både før og etter at avtala er gjord. Før avtala vert gjord, bør forbrukaren få dei førehandsopplysningane som er naudsynte for å kunne vurdere skikkeleg den finansielle tenesta som han eller ho har fått tilbod om, og såleis gjere eit val ut frå gode kunnskapar. Tenesteytaren bør gjere det uttrykkjeleg klart kor lenge det aktuelle tilbodet står ved lag.

22) Dei opplysningane som er nemnde i dette direktivet, omfattar allmenne opplysningar som gjeld for alle typar finansielle tenester. Andre krav til opplysningar om ei særskild finansiell teneste, t.d. om kva ein forsikringspolise dekkjer, er ikkje førde opp berre i dette direktivet. Denne typen opplysningar bør gjevast i samsvar med relevant fellesskapsregelverk eller nasjonal lovgjeving som er vedteken i samsvar med fellesskapsretten.

23) For å oppnå eit best mogleg forbrukarvern er det viktig at forbrukaren vert orientert på ein tilfredsstillande måte om føresegnene i dette direktivet og om eventuelle åtferdsreglar som finst på dette området, og om retten til å gå frå ei avtale.

24) Dersom angreretten ikkje kan nyttast fordi forbrukaren uttrykkjeleg har kravd at avtala vert oppfylt, bør tenesteytaren melde frå til forbrukaren om dette.

25) Forbrukarane bør ha vern mot tenester som dei ikkje har bede om. Forbrukarane bør vere fritekne for alle plikter i samband med slike tenester, og mangel på svar bør ikkje reknast som eit samtykke frå forbrukaren si side. Denne føresegna må likevel ikkje hindre at gyldige avtaler som er gjorde mellom partane, kan lengjast stillteiande dersom lovgjevinga i medlemsstatane tillèt ei slik stillteiande lenging.

26) Medlemsstatene bør setje i verk dei tiltaka som er naudsynte for på ein effektiv måte å verne forbrukarar som ikkje ønskjer å verte kontakta gjennom visse kommunikasjonsmiddel eller til visse tider. Dette direktivet rører ikkje ved dei særlege vernetiltaka som står til rådvelde for forbrukarane etter fellesskapsregelverket om personvern og vern av personopplysningar.

27) For å verne forbrukarane er det naudsynt med høvelege og effektive framgangsmåtar for handsaming av klager og tvistar i medlemsstatane med sikte på å løyse eventuelle tvistar mellom tenesteytarar og forbrukarar, og der det er føremålstenleg bør eksisterande framgangsmåtar nyttast til dette.

28) Medlemsstatane bør oppmode offentlege eller private organ som er skipa for å løyse utanrettslege tvistar, om å samarbeide om å løyse tvistar over landegrensene. Eit slikt samarbeid kunne særleg gjere det mogleg for forbrukarane å leggje fram for utanrettslege organ i medlemsstaten der dei er busette, klager som gjeld tenesteytarar som er etablerte i andre medlemsstatar. Skipinga av FIN-NET gjev betre hjelp til forbrukarar som nyttar tenester over landegrensene.

29) Dette direktivet rører ikkje ved den retten medlemsstatane har, i samsvar med fellesskapsretten, til å utvide det vernet som dette direktivet gjev, til å gjelde for ideelle organisasjonar og til personar som nyttar seg av finansielle tenester for å verte sjølvstendig næringsdrivande.

30) Dette direktivet bør òg omfatte tilfelle der den nasjonale lovgjevinga gjer det mogleg for forbrukaren å gje ei bindande avtalemessig fråsegn.

31) Føresegnene i dette direktivet om kva språk tenesteytaren skal velje, bør ikkje verke inn på dei føresegnene i den nasjonale lovgjevinga om val av språk som er vedtekne i samsvar med fellesskapsretten.

32) Fellesskapet og medlemsstatane har innan ramma av Generalavtala om handel med tenester (GATS) plikta seg til å gjere det mogleg for forbrukarane å kjøpe bank- og investeringstenester i utlandet. Etter GATS har medlemsstatane høve til å gjere tilsynsmessige tiltak, medrekna tiltak for å verne investorar, innskytarar, forsikringstakarar og personar som har ei finansiell teneste uteståande frå tenesteytaren. Slike tiltak bør ikkje påleggje restriksjonar som går ut over det som krevst for å sikre forbrukarvernet.

33) Med sikte på vedtakinga av dette direktivet er det naudsynt å tilpasse verkeområdet til direktiv 97/7/EF og europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF av 19. mai 1998 om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser(7) og verkeområdet for oppseiingsfristen i rådsdirektiv 90/619/EØF av 8. november 1990 om samordning av lover og forskrifter om direkte livsforsikring, om fastsettelse av bestemmelser for å lette den faktiske utøvelse av adgang til å yte tjenester og om endring av direktiv 79/267/EØF(8).

34) Ettersom måla for dette direktivet, som er å innføre felles reglar for fjernsal av finansielle tenester til forbrukarane, ikkje i tilstrekkeleg grad kan nåast av medlemsstatane og difor betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje dette direktivet lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet -

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
Dokument (forberedende)
Dato
23.07.1999
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
23.09.2002
Gjennomføringsfrist i EU
09.10.2004
Anvendelsesdato i EU
09.10.2004
Siste saker i EU-domstolen
Annen informasjon

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 16, 2.4.2005, p. 254-262
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
Norge, Island og Liechtenstein (fyllført)
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.05.2004
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
09.10.2004

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Finansdepartementet