Grenseverdier for eksponering for kjemiske stoffer på arbeidsplassen

Tittel

Rådsdirektiv 98/24/EF av 7. april 1998 om vern av arbeidstakernes helse og sikkerhet mot risiko i forbindelse med kjemiske agens på arbeidsplassen (14. særdirektiv i henhold til direktiv 89/391/EØF, artikel 16, stk. 1)

Council Directive 98/24/EC of 7 April 1998 on the protection of health and safety of workers from risks related to chemical agents at work (fourteenth individual Directive within the meaning of Article 16 (1) of Directive 89/391/EEC

Siste nytt

Norsk forskrift kunngjort 09.01.2015

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra europaparlaments- og rådsdirektivet, norsk utgave)

1) I artikkel 118 A i traktaten er det fastsett at Rådet skal gje direktiv om minstekrav med sikte på å betre særleg arbeidsmiljøet for å sikre eit høgare nivå for vern av tryggleiken og helsa til arbeidstakarar.

2) I medhald av den førnemnde artikkelen skal det unngåast at slike direktiv pålegg administrative, økonomiske og rettslege byrder som er av ei slik art at dei motverkar skipinga og utviklinga av små og mellomstore føretak.

3) Betra tryggleik, hygiene og helse for arbeidstakarane på arbeidsplassen er eit mål som ikkje bør underordnast reint økonomiske vurderingar.

4) Siktemålet med at minstekrava til vern av tryggleiken og helsa til arbeidstakarane mot risiko i samband med kjemiske agensar vert etterlevde, er ikkje berre å sikre vern av helsa og tryggleiken til kvar einskild arbeidstakar, men òg å syte for eit minstevernenivå for alle arbeidstakarane i Fellesskapet, noko som vil hindre alle moglege former for konkurransevriding.

5) Det må for heile Fellesskapet fastsetjast eit einsarta nivå for vern mot risiko i samband med kjemiske agensar, og vernenivået bør fastsetjast ikkje ved hjelp av detaljerte krav, men ved hjelp av ei ramme av allmenne prinsipp som gjer det mogleg for medlemsstatane å nytte minstekrava på ein einsarta måte.

6) Gjennom ein arbeidsaktivitet som omfattar kjemiske agensar, kan arbeidstakarar verte utsette for risiko.

7) Rådsdirektiv 80/1107/EØF av 27. november 1980 om vern av arbeidstakere mot farer ved å være utsatt for kjemiske, fysiske og biologiske agenser i arbeidet(1), rådsdirektiv 82/605/EØF av 28. juli 1982 om vern av arbeidstakere mot farer ved å være utsatt for metallisk bly og dets ioneforbindelser i arbeidet (første særdirektiv i henhold til artikkel 8 i direktiv 80/1107/EØF)(1) og rådsdirektiv 88/364/EØF av 9. juni 1988 om vern av arbeidstakere ved forbud mot visse agenser og/eller visse arbeidsoperasjoner (fjerde særdirektiv i henhold til artikkel 8 i direktiv 80/1107/EØF)(1) bør av omsyn til konsekvens og klarleik og av tekniske årsaker reviderast og slåast saman til eitt direktiv der det vert fastsett minstekrav til vern av helsa og tryggleiken til arbeidstakarar som vert sette til å utføre arbeidsaktivitetar som omfattar kjemiske agensar. Desse direktiva kan opphevast.

8) Dette direktivet er eit særdirektiv i medhald av artikkel 16 nr. 1 i rådsdirektiv 89/391/EØF av 12. juni 1989 om iverksetting av tiltak som forbedrer arbeidstakernes sikkerhet og helse på arbeidsplassen(1).

9) Føresegnene i det førnemnde direktivet gjeld difor fullt ut for arbeidstakarar som vert utsette for kjemiske agensar, med atterhald for strengare og/eller meir spesifikke føresegner i dette direktivet.

10) Det er fastsett strengare og/eller meir spesifikke føresegner om transport av farlege kjemiske agensar i bindande internasjonale konvensjonar eller avtaler som er innarbeidde i føresegner i fellesskapsretten på området vegtransport, jarnbanetransport, vasstransport eller lufttransport av farleg gods.

11) I direktiv 67/548/EØF(1) og 88/379/EØF(1) om tilnærming av lover og forskrifter om klassifisering, emballering og merking av høvesvis farlege stoff og farlege preparat har Rådet fastsett eit system av kriterium for klassifisering av farlege stoff og preparat.

12) Definisjonen av farleg kjemisk agens bør omfatte alle kjemiske stoff som stettar desse kriteria, og dessutan alle kjemiske stoff som ikkje stettar desse kriteria, men som på grunn av dei fysisk-kjemiske, kjemiske eller toksikologiske eigenskapane sine og på grunn av bruksmåten eller førekomsten på arbeidsplassen kan innebere ein risiko for tryggleiken og helsa til arbeidstakarane.

13) I direktiv 90/492/EØF(1) har Kommisjonen definert og fastsett eit system for særskilde opplysningar om farlege stoff og preparat i form av tryggleiksdatablad som i hovudsak er retta mot yrkesbrukarar, slik at dei skal kunne gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre vernet av tryggleiken og helsa til arbeidstakarane. I rådsdirektiv 92/58/EØF av 24. juni 1992 om minimumskrav til sikkerhets- og/eller helseskilting på arbeidsplassen (niende særdirektiv i henhold til artikkel 16 nr. 1 i direktiv 89/391/EØF)(1) er det fastsett eit system for merking av romfang og røyr som vert nytta til farlege stoff eller preparat på arbeidsplassen.

14) Arbeidsgjevaren bør vurdere all risiko som farlege kjemiske agensar på arbeidsplassen kan innebere for tryggleiken og helsa til arbeidstakarane, slik at dei naudsynte førebyggjande tiltaka og vernetiltaka som er nemnde i dette direktivet, kan gjerast.

15) Dei førebyggjande tiltaka som vert avdekte gjennom risikovurderinga, og som skal setjast i verk av arbeidsgjevaren, bør vere i samsvar med trongen for å verne folkehelsa og miljøet.

16) For å utfylle dei opplysningane som er tilgjengelege for arbeidstakarane med sikte på å sikre eit høgare vernenivå, må arbeidstakarane og representantane deira informerast om den risikoen som dei kjemiske agensane kan innebere for helsa og tryggleiken deira, og om dei tiltaka som er naudsynte for å minske eller fjerne risikoen, og om at dei sjølve kan kontrollere at dei naudsynte vernetiltaka er sette i verk.

17) Helseovervaking av dei arbeidstakarane som resultata frå den førnemnde vurderinga er ein risiko for, kan medverke til dei førebyggjande tiltaka og vernetiltaka som arbeidsgjevaren skal setje i verk.

18) For å betre vernet av tryggleiken og helsa til arbeidstakarane må arbeidsgjevaren jamleg utføre vurderingar og målingar, og halde seg à jour med den teknologiske utviklinga.

19) Dei nyaste vitskaplege dataa bør vurderast av uavhengige vitskapleg sakkunnige med sikte på å hjelpe Kommisjonen med å fastsetje grenseverdiar for eksponering i arbeidet.

20) Sjølv om den vitskaplege kunnskapen i visse høve ikkje gjer det mogleg å fastsetje eit eksponeringsnivå for ein kjemisk agens under det nivået der helserisikoen fell bort, vil ei minsking av eksponeringa for desse kjemiske agensane likevel redusere risikoen.

21) I direktiv 91/322/EØF(1) og 96/94/EF(1) har Kommisjonen fastsett rettleiande grenseverdiar i medhald av direktiv 80/1107/EØF. Desse direktiva bør haldast ved lag som ein del av den gjeldande ramma.

22) Kommisjonen bør i samarbeid med det utvalet som vart oppnemnt i direktiv 89/391/EØF, fastsetje dei naudsynte tekniske tilpassingane til dette direktivet for å hjelpe Kommisjonen med å gjere tekniske tilpassingar til særdirektiv som er vedtekne innan ramma av det førnemnde direktivet. Kommisjonen bør likeins utarbeide praktiske retningslinjer for bruken av dette direktivet, etter først å ha rådspurt Det rådgjevande utvalet for tryggleik, hygiene og helsevern på arbeidsplassen i samsvar med avgjerd 74/325/EØF(1).

23) Opphevinga av direktiv 80/1107/EØF må ikkje føre til at dei noverande standardane for vern av arbeidstakarar mot kjemiske, fysiske og biologiske agensar vert lågare. Dei standardane som følgjer av dei eksisterande direktiva om biologiske agensar, framlegget til direktiv om fysiske agensar, dette direktivet og alle endringar av desse tekstene, bør spegle av og i det minste halde ved lag dei standardane som er fastsette i det førnemnde direktivet.

24) Dette direktivet er eit konkret ledd i verkeleggjeringa av den sosiale dimensjonen i den indre marknaden.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
07.04.1998
Gjennomføringsfrist i EU
05.05.2001
Anvendelsesdato i EU
05.05.2001

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 55, 23.11.2000, p. 269-281
EØS-prosessen
Saksområde
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
17.07.1999
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
05.05.2001

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Arbeids- og sosialdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Gjennomføring i norsk rett