Arbeidstakerdirektivet: informasjon til og konsultasjon med arbeidstakere

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF av 11. mars 2002 om fastsettelse av en generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakere i Det europeiske fellesskap

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra St.prp.)

I europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF er det fastsett ei generell ramme med minstekrav for den retten arbeidstakarane har til informasjon og konsultasjon. Direktivet gjeld verksemder med meir enn 50 tilsette eller forretningsstader med meir enn 20 tilsette. Det kan fastsetjast særlege reglar for offiserar og mannskap om bord på havgåande skip.

Direktivet inneheld ei rekkje krav til den informasjonen som skal gjevast til arbeidstakarar, og til den forma konsultasjonen skal ha. Det skal sikrast at arbeidstakarane får informasjon og vert konsulterte om

1. Den økonomiske situasjonen og den venta utviklinga av aktivitetane til verksemda.
2. Sysselsetjingssituasjonen i verksemda, den sannsynlege utviklinga av sysselsetjinga og eventuelle initiativ i samband med dette.
3. Avgjerder som kan tenkjast å føre til vesentlege endringar av tilsetjingstilhøva eller den måten arbeidet er organisert på.

Vidare inneheld direktivet reglar om teieplikt for arbeidstakarrepresentantar, saman med reglar om at arbeidstakarrepresentantane skal vere verna slik at dei kan utføre oppgåvene sine på ein føremålstenleg måte. Det skal òg fastsetjast administrative eller rettslege framgangsmåtar i tilfelle der føresegnene i direktivet ikkje vert stetta.

Direktivet om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar utfyller direktiva om informasjon og konsultasjon i europeiske samarbeidsutval (94/45/EØF) og ved masseoppseiingar (98/59/EF) og overdraging av verksemder (2001/23/EF). Desse direktiva er alt vortne innlemma i EØS-avtala, og er ein del av norsk rett. Direktivet fører ikkje med seg at arbeidstakarar misser andre medråderettar som følgjer av den nasjonale retten. Direktivet vil til dømes ikkje røre ved dei lovfesta rettane som arbeidstakarar har når det gjeld medråderett i saker som gjeld helse, arbeidsmiljø og tryggleik eller retten til representasjon i styrande organ.

Direktivet opnar for at partane i arbeidslivet, på vilkår som vert fastsette i nasjonal rett, kan gjere avtaler om framgangsmåtane for korleis dei tilsette skal informerast og konsulterast, og om den informasjonen som skal gjevast. Det vert likevel ikkje opna for avtaler når det gjeld alle føresegnene i direktivet, til dømes ikkje for føresegner som gjeld teieplikt, vern av arbeidstakerrepresentantar og handheving av rettar.

Fristen for gjennomføring av direktivet er 23. mars 2005.

Tilhøvet til norsk rett
Det finst i dag ikkje lovføresegner som stiller eit generelt krav om informasjon og konsultasjon om dei tema som direktivet gjer greie for. Arbeidstakarane sin rett til informasjon og konsultasjon om slike tema er først og fremst regulert i tariffavtaler. Gjeldande lovfesta krav er knytte til særskilte situasjonar som masseoppseiing og overdraging av verksemder. Det vil difor vere naudsynt å innføre lovføresegner om den plikta som arbeidsgjevarar har til å informere og konsultere dei tilsette om tema som direktivet omfattar.

Då avgjerda i EØS-komiteen blei teken, var det offentleg oppnemnde Arbeidslivslovutvalet, utan omsyn til spørsmålet om gjennomføring av direktivet, alt gjeve i oppdrag å gjere ei samanfattande gransking av dei lovfesta ordningane for informasjon, medverknad og samarbeid. Det var difor naturleg at dette utvalet fekk som oppgåve å kome med framlegg til gjennomføring av direktivet. Utvalet er mellom anna samansett av representantar for dei største arbeidslivsorganisasjonane og for styresmaktene, medrekna Landsorganisasjonen i Noreg, Næringslivets Hovudorganisasjon, fleire departement, Aetat og Direktoratet for Arbeidstilsynet. Utvalet skal leggje fram innstillinga si 1. desember 2003, og det er såleis enno ikkje kome framlegg om korleis direktivet vil bli gjennomført.

Administrative og økonomiske konsekvensar
Gjennomføringa av direktivet vil truleg ikkje føre med seg særleg store administrative eller økonomiske konsekvensar. Alt i dag har ei rekkje tariffavtaler som vilkår at det finst utval og tillitsvalde i verksemdene som skal informerast og konsulterast om tema som er viktige for dei tilsette. Dei administrative og økonomiske konsekvensane vil bli nærmare vurderte i innstillinga til Arbeidslivslovutvalet om gjennomføringa av direktivet

Konklusjon og tilråding
Arbeids- og administrasjonsdepartementet rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala slik at det omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/14/EF av 11. mars 2002 om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon og konsultasjon av arbeidstakarar. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

Kommisjonens framlegg
Dato
17.11.1998
Behandlingen i EU-institusjonene
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
11.03.2002
Gjennomføringsfrist i EU
23.03.2005
Anvendelsesdato i EU
23.03.2005
Siste saker i EU-domstolen
Annen informasjon
EFTA/EØS-flagg

EØS

Saksområde
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
NO
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.08.2003
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
01.08.2003
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Arbeids- og sosialdepartementet
Samtykkeproposisjon
Dato
04.04.2003
Gjennomføring i norsk rett
Dato
17.06.2005
Anvendes fra i Norge
01.01.2006