Godkjenning av ordningen "Bonsucro EU" som i samsvar med bærekraftskriteriene for biobrensel
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/500 av 21. mars 2017 om fastslåing av at den frivillige sertifiseringsordninga «Bonsucro EU» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 2009/28/EF og 2009/30/EF
Commission Implementing Decision (EU) 2017/500 of 21 March 2017 on recognition of the ‘Bonsucro EU’ voluntary scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council
EØS-komitebeslutning 7.7.2017 om innlemmelse i EØS-avtalen
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 6.9.2017)
Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.
Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.
Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.
Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstal for 2015 viser at alt biodrivstoff som blei brukt til å oppfylle omsetningskravet i 2015, var sertifisert eller verifisert i henhold til bærekraftskriteria, og av dette er det aller meste dokumentert gjennom sertifiseringsordningane.
Samandrag av innhald
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2017/500/EU inneber at den frivillige sertifiseringsordninga "Bonsucro EU" er godkjend i ein periode på fem år frå 22. mars 2017, dvs. til mars 2022. Sertifiseringsordninga er global og dekkjer produkt baserte på sukkerrør.
Merknadar
Rettslige konsekvensar
Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.
Denne sertifiseringsordninga har vore godkjent i Norge frå 2011. Ei eventuell ny godkjenning vil vere ei vidareføring av gjeldande praksis. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.
Sakkunnige instansar sine merknader
Rettsakta er behandla på skriftleg prosedyre i spesialutvalet for miljøsaker, der dei departementa saka rører ved er representerte. Spesialutvalet konkluderte med at rettsakta var EØS-relevant og akseptabel.
Status
Rettsakta har vore i kraft i EU frå 22. mars 2017, og er til vurdering for innlemming i EØS-avtala.
Rettsakta har vore godkjent før, men den femårige godkjenninga er utløpt, og den er no godkjent for ein ny periode i EU.
Rettsakta vart på EØS-komiteens møte 7. juli 2017 vedteken innlemma i EØS-avtala vedlegg II kap. XVII nr. 6ae gjennom EØS-komitéavgjerd nr. 136/2017, i kraft 8. juli 2017.
Gjennomføring i norsk rett vart gjort ved at EØS-tilvising i produktforskrifta vart lagt til med verknad frå 8. juli 2017. Dette vart notifisert for ESA i brev 4. september 2017.