Det europeiske grensekontrollbyrå (FRONTEX): bestemmelser om overvåking av yttergrenser til sjøs

Tittel

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 656/2014 av 15. mai 2014 om etablering av bestemmelser for overvåking av eksterne grenser til sjøs i forbindelse med operasjonelt samarbeid koordinert av Det europeisk byrå for operativt samarbeid om kontroll ved de ytre grensene til EU

Regulation (EU) nr. 656/2014of the European Parliament and of the Council of 15 May 2014 establishing rules for the surveillance of the external sea borders in the context of operational cooperation coordinated by the European Agency for the Management of Operational Cooperation at the External Borders of the Members States of the European Union

Siste nytt

Rådets 1. gangsbehandling 13.05.2014 (endelig vedtak)

Avtalegrunnlag:
Schengen-avtalen

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra Stortingets EU/EØS-nytt 18.4.2013)

Føreslår nye reglar for EU-grensekontroll til sjøs
Europakommisjonen har lagt fram eit forordningsforslag som gjeld overvaking av yttergrenser til sjøs. Forslaget vil etablera reglar for overvaking av sjøgrensene i regi av yttergrensekontrollbyrået Frontex.

EUs byrå for grunnleggjande rettar presenterte for nokre veker sidan ein rapport om situasjonen ved EU-sjøgrensene i fire land ved Middelhavet. Både god praksis og manglar blir identifisert, og det blir lista opp 50 forslag for EU og nasjonale avgjerdstakarar. Fleire av desse gjaldt Frontex sitt arbeid, mellom anna:

- EU bør utvikla tydelege retningslinjer for Frontex-koordinerte operasjoner, særleg for korleis ein skal landsetja migrantar som blir tatt opp via kontrolloperasjonar på sjøen. Denne rettleiinga må innehalda forbod mot retur til tredjeland dersom dette kan setja dei i fare for umenneskeleg eller nedverdigande behandling.

- Frontex må ha grunnleggjande rettar i fokus i sine orienteringar for offiserar før iverksetjing av operasjonar.

I fjor haust presenterte tenketanken Statewatch eit notat som tok føre seg kritikken av sjøoperasjonar i regi av Frontex.

Europarådets parlamentarikarforsamling etterlyste i førre veke betre handtering av menneskerettane i Frontex-operasjonar: «steps are necessary to enhance democratic scrutiny by the European Parliament, human rights training activities for those involved in Frontex operations should be a priority, and it is necessary to ensure public accountability by putting in place an independent monitoring system and an effective complaints mechanism».

Noreg tar del i arbeidet i Frontex, og bidrar både økonomisk og med personell.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
Kommisjonens framlegg
Dato
12.04.2013
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Rettsakt på EU-språk
Dato
15.05.2014
Anvendelsesdato i EU
17.07.2014
Annen informasjon

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Justis- og beredskapsdepartementet
Annen informasjon