Forbrukerkjøpsdirektivet

Tittel

Europaparlaments- og rådsdirektiv 1999/44/EF av 25. mai 1999 om visse sider ved forbrukerkjøp og tilknyttede garantier

Directive 1999/44/EC of the European Parliament and of the Council of 25 May 1999 on certain aspects of the sale of consumer goods and associated guarantees

Siste nytt

Fortolkningsdom avsagt av EU-domstolen 7.9.2017

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra St.prp. nr. 42 (1999-2000))

Nærmare om direktivet
Direktivet regulerer visse sider av avtaler om sal av lausøyre frå næringsdrivande til forbrukarar. Nokre avtaler som etter norsk rett vert rekna som tenesteavtaler, fell inn under verkeområdet til direktivet.

Mange rettslege spørsmål om forbrukarkjøpsavtaler er ikkje regulerte i direktivet, m.a. sentrale kjøpsrettslege spørsmål som t.d. ansvaret som seljaren har for forseinka levering, risikoovergang, pliktene til kjøparen i kjøpstilhøvet, avtingingsrett, nærmare reglar om oppgjeret ved heving og kjøparen sin rett til å gjere gjeldande krav som følgje av mangel ved vara overfor tidlegare salsledd. Spørsmål om skadebotsansvaret til seljaren for mangelfull levering er heller ikkje regulert i direktivet.

Direktivet er et minimumsdirektiv, jf. artikkel 8 nr. 2. Det inneber at ein medlemsstat står fritt til å gje lovreglar som gjev forbrukarane betre vern enn det som direktivet krev.

Dei rettane som direktivet gjev forbrukaren, kan ikkje fråskrivast eller avgrensast ved førehandsavtale mellom seljaren og forbrukaren, jf. artikkel 7 nr. 1 første leddet. Dersom kjøpsavtala har ein nær samanheng med EØS, kan rettane til forbrukaren etter direktivet heller ikkje svekkast ved avtale om at reglane i ein stat utanfor EØS skal regulere kjøpsavtala, jf. artikkel 7 nr. 2.

Direktivet regulerer først og fremst spørsmålet om når ei vare er mangelfull, og kva rettar forbrukaren har overfor seljaren i slike høve. Når det gjeld avtalte rettar i form av garantiar, tek direktivet berre sikte på å gje visse grunnleggjande føresegner for å verne forbrukarane.

Artikkel 2 slår fast prinsippet om at seljaren skal levere varer i samsvar med avtala. Deretter gjev direktivet tilrådingar om tilhøve som gjeld varekvalitet, eigenskapar ved vara m.v. som har innverknad på om vara skal reknast som mangelfri. Ifølgje åttande synsmåten i fortalen til direktivet er det med dette ikkje meininga å gripe inn i prinsippet om avtalefridom.

Artikkel 3 nr. 1 inneheld ei føresegn som slår fast at seljaren er ansvarleg for manglar ved den selde vara som ligg føre på leveringstidspunktet.

Artikkel 3 nr. 2-6 i direktivet gjev kjøparen ein ufråvikeleg rett til å gjere visse krav gjeldande dersom det ligg føre ein mangel. I første omgang kan kjøparen velje mellom retting eller omlevering, med mindre slik avhjelp er uråd eller inneber urimelege kostnader for seljaren. Seljaren kan ikkje krevje betaling for slik avhjelp. Avhjelpa skal dessutan skje innan rimeleg tid og utan vesentleg ulempe for kjøparen.

Dersom kjøparen verken har rett til retting eller omlevering, eller slik avhjelp ikkje skjer på dei vilkåra som direktivet krev, har kjøparen i andre omgang rett til eit høveleg prisavslag eller heving av kjøpet, jf. artikkel 3 nr. 5. Føresetnaden for heving av kjøpet er at mangelen ikkje er uvesentleg, jf. artikkel 3 nr. 6.

Artikkel 4 gjev den ansvarlege seljaren rett til å gjere visse krav gjeldande overfor tidlegare salsledd eller mellommenn. Den nærmare gjennomføringa av denne retten for seljaren vert i stor grad overlaten til nasjonal rett.

Artikkel 5 avgrensar høvet til å fastsetje reklamasjonsfristar som fører til at kjøparen tapar rettar som han eller ho har etter artikkel 3 i direktivet. Artikkel 5 nr. 1 inneber at ansvaret til seljaren må gjelde i minst to år etter at vara er levert. I artikkel 5 nr. 2 i direktivet vert det opna for at lovgjevinga kan tillate at kjøparen, for å kunne gjere krav gjeldande som følgje av mangel, må opplyse seljaren om mangelen innan to månader etter at mangelen vart oppdaga. Sidan direktivet er eit minimumsdirektiv, kan fristane lengjast.

Etter artikkel 5 nr. 3 skal ein mangel som viser seg innan seks månader etter levering, som hovudregel presumerast å ha eksistert ved leveringa. Det er opp til seljaren å prove det motsette. Føremålet med føresegna er å styrkje stillinga til forbrukaren på eit punkt der det elles ville vere vanskeleg for han eller henne å vinne fram overfor seljaren.

Artikkel 6 slår fast at garantiar skal vere bindande for garantigjevaren. Dessutan vert det stilt nærmare krav til kva opplysningar garantien skal innehalde, og at garantien skal vere tilgjengeleg for forbrukaren.

Etter artikkel 9 skal kvar einskild stat syte for at forbrukarane på ulike måtar vert informerte om rettane sine etter den lovgjevinga som gjennomfører direktivet.

Artikkel 10 inneber m.a. at dei føresegnene i direktivet som er sette til vern av kollektive forbrukarinteresser, skal kunne handhevast over landegrensene ved hjelp av visse forbrukarorganisasjonar som er særleg peika ut av den einskilde medlemsstaten. Ordninga byggjer på direktiv 98/27/EF om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser, som er teken inn i vedlegg XIX til EØS-avtala (forbrukarvern), jfr. St.prp. nr. 7 (1999-2000).

Tilhøvet til norsk rett
Dei spørsmåla som direktivet gjeld, er i norsk rett i dag i hovudsak regulert i kjøpslova (lov av 13. mai 1988 nr. 27). Bruken av garantiar i marknadsføring er regulert i marknadsføringslova (lov av 16. juni 1972 nr. 47).

Kjøpslova går alt temmeleg langt når det gjeld å gje forbrukaren vern, òg på dei områda som direktivet omfattar. Lova stiller krav til vara, og slår fast at det ligg føre ein mangel dersom krava ikkje er stetta. Dersom det ligg føre ein mangel, gjev lova kjøparen rett til å gjere gjeldande ei rekkje krav, medrekna retting, omlevering, prisavslag og heving. Krav som følgje av mangel ved salsvara må gjerast gjeldande innan visse reklamasjonsfristar. Som hovudregel tillèt ikkje lova at det vert gjort unntak frå dei rettane som forbrukarane har etter lova når dette er til skade for han eller henne. Forbrukaren er dermed gjeven ei særleg sterk stilling jamført med andre kjøparar.

På enkelte punkt kan det vere tvil om lovendring er naudsynt. Dette vil verte nærmare vurdert i samanheng med gjennomføringa av direktivet. På nokre punkt verkar det likevel naudsynt med lovendringar for å gjennomføre føresegnene i direktivet, og dermed styrkje forbrukarvernet. Endringane vil stort sett ha preg av justeringar og vidare utbygging av prinsipp som den norske lovgjevinga alt byggjer på. Det vil verte samarbeidd med dei andre nordiske landa i gjennomføringsprosessen.

Dei punkta der direktivet synest å gå lenger enn den gjeldande lovgjevinga, er følgjande:

• Definisjonen i direktivet av kven som er forbrukar jamført med forbrukaromgrepet i kjøpslova.
• Direktivet omfattar visse avtaler som inneber både kjøp og teneste i form av installering av vara. Direktivet omfattar dessutan avtaler om tilverking av lausøyre, sjølv om forbrukaren skaffar alle materiala. Slike tilfelle fell utanfor kjøpslova, og det må vurderast om andre delar av den gjeldande lovgjevinga stettar direktivet, eller om det er naudsynt med lovendring.
• På eit par mindre punkt går retningslinjene i direktivet om når det ligg føre ein mangel ved vara, vidare enn det som følgjer av kjøpslova.
• Etter direktivet har forbrukaren litt vidare høve til å krevje retting og omlevering som følgje av mangel ved vara, enn etter kjøpslova.
• Vilkåra for å krevje heving av kjøpsavtala på grunn av mangel er noko lempelegare enn etter kjøpslova.
• Føresegnene i direktivet om relativ reklamasjonsfrist er laglegare for forbrukaren enn føresegnene i kjøpslova, ved at utgangspunktet for fristen er eit anna, og ved at fristen må vere minst to månader.
• Føresegna i direktivet om at manglar som viser seg innan seks månader etter levering, som hovudregel skal reknast for å ha eksistert ved leveringa, har ikkje nokon parallell i kjøpslova.
• Påbodet i direktivet om å hindre visse lovvalsklausular som er til skade for forbrukaren, er ikkje å finne i kjøpslova.
• Kravet i direktivet til kva opplysningar ein garanti må innehalde, går lenger enn det som gjeld i dag etter marknadsføringslova. Lovgjevinga i dag har heller ikkje noko direkte krav om at garantien skal vere tilgjengeleg for forbrukaren.
• Det må vurderast om det er naudsynt med lovendring for å stette artikkel 10 om vern av kollektive forbrukarinteresser, utover dei lovendringane som er varsla i samband med gjennomføringa av direktiv 98/27/EF, jf. St. prp. nr. 7 (1999-2000).

Endringane er stort sett prega av mindre justeringar og utbygging av prinsipp som den norske lovgjevinga alt byggjer på, og har som siktemål å styrkje stillinga til forbrukaren. Det vil verte samarbeidd med andre nordiske land i samband med gjennomføringa av direktivet. Dei lovendringane som er naudsynte, vil verte vurderte og gjennomførde i samband med framlegg til ein generell revisjon av den lovgjevinga om forbrukarkjøp som byggjer på NOU 1993: 27 Forbrukerkjøpslov. I samband med dette vil òg enkelte justeringar av andre delar av lovverket verte vurderte.

Administrative og økonomiske konsekvensar
Direktivet gjeld tilhøvet mellom næringsdrivande og forbrukarar. Innlemminga vil dermed ikkje få nemnande administrative eller budsjettmessige konsekvensar for offentlege styresmakter, ut over visse utgifter i samband med informasjon til forbrukarane den første tida etter at direktivet er gjennomført. Systemet med vern av kollektive forbrukarinteresser over landegrensene, jf. artikkel 10 i direktivet, vil kunne innebere visse kostnader (jf. St.prp. nr. 7 (1999-2000) om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiten nr. 121/1999 av 24. september 1999 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern. Då direktivet stort sett inneber justeringar og ei avgrensa utbygging av prinsipp i den gjeldande lovgjevinga, reknar ein ikkje med at gjennomføringa av direktivet får særlege økonomiske konsekvensar for dei private partane.

Konklusjon og tilråding
Føresegnene i direktivet inneber stort sett ei justering og utbygging av prinsipp som den gjeldande lovgjevinga om forbrukarkjøp byggjer på. Justisdepartementet meiner at ei gjennomføring av direktivet i norsk rett vil styrkje rettsstillinga for forbrukarkjøparar på nokre punkt, jamført med den lovgjevinga vi har i dag. Direktivet er ikkje til hinder for at norske styresmakter kan halde ved lag eller gje strengare reglar til vern av forbrukarar enn det direktivet legg opp til. Ei gjennomføring av direktivet vil føre til ei meir einsarta lovgjeving innanfor EØS. Justisdepartementet rår til at avgjerda i EØS-komiteen om å ta inn direktivet i EØS-avtala vert godkjend.

Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

Kommisjonens framlegg
Dato
18.06.1996
Behandlingen i EU-institusjonene
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
25.05.1999
Gjennomføringsfrist i EU
01.01.2002
Anvendelsesdato i EU
01.01.2002
Siste saker i EU-domstolen
EFTA/EØS-flagg

EØS

Saksområde
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
Norge, Island og Liechtenstein
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.09.2000
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
01.09.2000
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Barne- og likestillingsdepartementet
Samtykkeproposisjon
Dato
10.03.2000
Gjennomføring i norsk rett
Dato
21.06.2002
Anvendes fra i Norge
01.07.2002