Godkjenning av ordningen "Biomass Biofuels Sustainability voluntary scheme" som i samsvar med bærekraftskriteriene for biobrensel

Tittel

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2011/437/EU av 19. juli 2011 om fastslåing av at «Biomass Biofuels Sustainability voluntary scheme» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 2009/28/EF og 2009/30/EF

Commission Implementing Decision 2011/437/EU of 19 July 2011 on the recognition of the ‘Biomass Biofuels Sustainability voluntary scheme’ for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 2009/28/EC and 2009/30/EC of the European Parliament and of the Council

Siste nytt

Norsk forskrift kunngjort 12.2.2016

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 18.11.2015)

Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.

Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.

Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.

Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstala for 2014 viser at frivillige sertifiseringsordningar vart nytta for heile 99,7 % av omsett mengde biodrivstoff.

Samandrag av innhald
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2011/437/EU inneber at den frivillige sertifiseringsordninga "Biomass Biofuels Sustainability voluntary scheme" (2BSvs) er godkjend i ein periode på fem år frå 10. august 2011, dvs. til august 2016. Sertifiseringsordninga er global og dekkjer eit vidt produktspektrum.

Merknader

Rettslege konsekvensar
Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.

Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.

Gjeldande praksis er imidlertid allereie at dei sertifiseringsordningane som er godkjende i EU, også blir rekna som godkjend dokumentasjon i Noreg på at berekraftskriteria er oppfylte. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.

Sakkunnige instansar sine merknader
Rettsakta er behandla på skriftleg prosedyre i spesialutvalet for miljøsaker, der dei departementa saka rører ved er representerte. Spesialutvalet konkluderte 31. august 2015 med at rettsakta var EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering
Rettsakta er vurdert som EØS-relevant og akseptabel.

Andre opplysninger
Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 13

Status
Rettsakta har vore i kraft i EU frå 10. august 2011.

Rettsakta er under vurdering i EØS/EFTA-statane.

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
19.07.2011
Anvendelsesdato i EU
10.08.2011
EFTA/EØS-flagg

EØS

Saksområde
Utkast til EØS-komitevedtak oversendt EU
13.11.2015
EØS- komitebeslutning
EØS-beslutningens ikrafttredelse
06.02.2016
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
06.02.2016
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Klima- og miljødepartementet
Informasjon fra departementet
Gjennomføring i norsk rett
Dato
08.02.2016
Anvendes fra i Norge
08.02.2016