Godkjenning av ordningen "Red Tractor Farm Assurance Combinable Crops & Sugar Beet voluntary scheme" som i samsvar med bærekraftskriteriene for biobrensel

Tittel

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/2317 av 13. desember 2017 om fastslåing av at «Red Tractor Farm Assurance Combinable Crops & Sugar Beet voluntary scheme» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 2009/28/EF og 2009/30/EF

Commission Implementing Decision on recognition of the "Red Tractor Farm Assurance Combinable Crops & Sugar Beet" voluntary scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council

Siste nytt

Kommisjonsbeslutning publisert i EU-tidende 14.12.2017

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 4.1.2018)

Sammendrag av innhold
Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.

Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.

Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.

Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstal for 2016 viser at alt biodrivstoff som blei brukt til å oppfylle omsetningskravet i 2016, var sertifisert eller verifisert i henhold til bærekraftskriteria, og av dette er det aller meste dokumentert gjennom sertifiseringsordningane.

Merknader

Rettslige konsekvenser
Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.

Økonomiske og administrative konsekvenser
Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.

Denne sertifiseringsordninga har vore godkjent i Norge frå 2011. Ei eventuell ny godkjenning vil vere ei vidareføring av gjeldande praksis. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknader
Notatet er ikkje førelagt spesialutvalg for miljø for behandling fordi eventuelle endringar i norsk regelverk er ansett som minimale, og det er difor ikkje ansett som naudsynt å førelegge for spesialutvalget for klarering.

Vurdering
Rettsakta er vurdert som EØS-relevant og akseptabel.

Status
Sertifiseringsordninga har vore godkjent før, men den femårige godkjenninga er utløpt. Det blir no vurdert å godkjenne ordninga for ein ny periode i EU.

Nøkkelinformasjon
eu-flagg

EU

Kommisjonens framlegg
Dato
22.11.2017
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
13.12.2017
Anvendelsesdato i EU
15.12.2017
Opphører å gjelde
15.12.2022
norge-flagg

Norge

Ansvarlig departement
Klima- og miljødepartementet
Informasjon fra departementet