Rettighet til tilleggspensjon

Tittel

Rådsdirektiv 98/49/EF av 29. juni 1998 om trygging av rettane til supplerande pensjon for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande som flyttar innanfor Fellesskapet

Council Directive 98/49/EC on safeguarding the supplementary pension rights of employed and self-employed people moving within the Community

Siste nytt

Norsk lov av 14.12.2001

Behandlende organ


 
 

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra rådsdirektivet, norsk utgave)

1) Fri rørsle for personar er ein av dei grunnleggjande fridommane i Fellesskapet. I traktaten er det fastsett at Rådet samrøystes skal vedta dei tiltaka for sosial tryggleik som er naudsynte for å gjennomføre fri rørsle for arbeidstakarar.

2) Arbeidstakarar er sosialt sikra gjennom lovfesta trygdeordningar som vert utfylte med supplerande trygdeordningar.

3) Det regelverket som Rådet alt har vedteke med sikte på å verne rettane til trygdeytingar for arbeidstakarar som flyttar innanfor Fellesskapet, og til familiemedlemmene deira, dvs. rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 av 14. juni 1971 om anvendelse av trygdeordninger på arbeidstakere og deres familiemedlemmer som flytter innenfor Fellesskapet(1) og rådsforordning (EØF) nr. 574/72 av 21. mars 1972 om regler for gjennomføring av forordning (EØF) nr. 1408/71 om anvendelse av trygdeordninger på arbeidstakere og deres familiemedlemmer som flytter innenfor Fellesskapet, gjeld berre lovfesta pensjonsordningar. Den samordninga som er fastsett i desse forordningane, omfattar ikkje lovfesta pensjonsordningar, bortsett frå ordningar som er omfatta av uttrykket "lovgjeving" slik det er definert i artikkel 1 bokstav j) første leddet i forordning (EØF) nr. 1408/71, eller ordningar som ein medlemsstat gjev fråsegn om i medhald av denne artikkelen.

4) Rådet har vid fullmakt til å nytte skjønn når det gjeld å velje dei tiltaka som er mest føremålstenlege for å nå målet i artikkel 51 i traktaten. Den samordninga som er fastsett i forordning (EØF) nr. 1408/71 og (EØF) nr. 574/72, og særleg dei reglane som gjeld samanlegging, kan ikkje nyttast på supplerande pensjonsordningar, bortsett frå ordningar som er omfatta av uttrykket "lovgjeving" slik det er definert i artikkel 1 bokstav j) første leddet i forordning (EØF) nr. 1408/71, eller ordningar som ein medlemsstat gjev fråsegn om i medhald av denne artikkelen, og bør difor vere omfatta av særlege tiltak der dette direktivet er det første, slik at det vert teke omsyn til eigenarten og dei særskilte kjenneteikna deira og til mangfaldet av slike ordningar i og mellom medlemsstatane.

5) Ingen pensjonar eller ytingar bør vere omfatta av føresegnene både i dette direktivet og i forordning (EØF) nr. 1408/71 og (EØF) nr. 574/72, og supplerande pensjonsordningar som høyrer inn under verkeområdet til desse forordningane fordi ein medlemsstat har gjeve fråsegn om det i medhald av artikkel 1 bokstav j) i forordning (EØF) nr. 1408/71, kan difor ikkje vere omfatta av føresegnene i dette direktivet.

6) I rekommandasjon 92/442/EØF av 27. juli 1992 om tilnærming mellom målene og politikken for sosial sikkerhet tilrådde Rådet medlemsstatane om naudsynt å fremje tilpassingar av vilkåra for opptening av rettar til pensjon ved arbeidsopphøyr, og særleg av rettar til supplerande pensjon, for å unngå at mobiliteten for arbeidstakarane vert hindra.

7) For å medverke til å nå dette målet kan det sikrast at arbeidstakarar som flyttar frå éin medlemsstat til ein annan, eller som har ein tenestestad som vert flytta frå éin medlemsstat til ein annan, får lik handsaming med omsyn til vern av rettane deira til supplerande pensjon som arbeidstakarar som ikkje flyttar, eller som har ein tenestestad som vert flytta innanfor den same medlemsstaten.

8) Fri rørsle for personar, som er ein av dei grunnleggjande rettane i medhald av traktaten, gjeld ikkje berre for arbeidstakarar, men òg for sjølvstendig næringsdrivande.

9) I traktaten er det berre artikkel 235 som gjev heimel for å gjere høvelege tiltak på området trygd for sjølvstendig næringsdrivande.

10) For å kunne utøve retten til fri rørsle på ein fullgod måte, bør arbeidstakarar og andre rettshavarar ha visse garantiar for lik handsaming når det gjeld vidareføring av pensjonsrettar som dei har tent opp innanfor supplerande pensjonsordningar.

11) Ettersom alle restriksjonar på kapitalrørsler og betalingar er forbodne i medhald av artikkel 73 B i traktaten, bør medlemsstatane gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at ytingar frå supplerande pensjonsordningar vert utbetalte til noverande og tidlegare medlemmer og til andre retthavarar innanfor slike ordningar i alle medlemsstatane.

12) For å gjere det lettare å utøve retten til fri rørsle, bør dei nasjonale reglane om naudsynt tilpassast, slik at det vert mogleg å halde fram med betaling av tilskot til ei godkjend supplerande pensjonsordning som er skipa i éin medlemsstat, frå eller på vegner av arbeidstakarar som er utsende til ein annan medlemsstat, i samsvar med avdeling II i forordning (EØF) nr. 1408/71.

13) I denne samanhengen krev traktaten ikkje berre stans av all skilnadshandsaming på grunnlag av nasjonalitet mellom arbeidstakarar i medlemsstatane, men òg oppheving av alle nasjonale tiltak som kan vere til hinder for eller gjere det mindre attraktivt for arbeidstakarane å utøve dei grunnleggjande rettane som er sikra ved traktaten slik han er tolka av Domstolen til Dei europeiske fellesskapa i fleire påfølgjande dommar.

14) Arbeidstakarar som utøver retten sin til fri rørsle, bør få tilstrekkelege opplysningar frå arbeidsgjevarar, forvaltarar eller andre som er ansvarlege for forvaltinga av supplerande pensjonsordningar, særleg om kva val og alternativ som er tilgjengelege for dei.

15) Dette direktivet rører ikkje ved lovgjevinga til medlemsstatane om kollektive tiltak til trygging av yrkesinteresser.

16) På grunn av store ulikskapar mellom dei supplerande trygdeordningane bør Fellesskapet nøye seg med å fastleggje ei ramme for allmenne mål, og difor er eit direktiv det mest føremålstenlege verkemiddelet.

17) I samsvar med nærleiksprinsippet og prinsippet om rimeleg samhøve slik det er definert i artikkel 3B i traktaten kan ikkje måla med dette direktivet nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og kan difor lettare nåast på fellesskapsplan. Dette direktivet går ikkje lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla -

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også om rettsakten er i kraft
Dato
29.06.1998
Gjennomføringsfrist i EU
29.06.1998
Anvendelsesdato i EU
29.06.1998

EØS



EFTA/EØS-flagg
Rettsakten på norsk
EEA Suppl. No 54, 23.11.2000, p. 58-61
EØS-prosessen
Saksområde
Vedtatt i EØS-komiteen
25.06.1999
EØS- komitebeslutning
Parlamentsbehandling
Norge og Liechtenstein (fullført)
EØS-beslutningens ikrafttredelse
01.03.2001
Frist for implementering (anvendelse) i EØS
25.07.2001

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Arbeids- og sosialdepartementet
Gjennomføring i norsk rett
Dato
14.12.2001
Anvendes fra i Norge
01.03.2002

Lovdata Pro



Lovdata
Rettsakten i Lovdata Pro 31998L0049
Har du ikke abonnement? Les mer om Lovdata Pro