Evaluering av adgangen til beskyttede yrker

Tittel

Meddelelse fra Kommisjonen til Europaparlamentet, Rådet, Den europeiske økonomiske og sosiale komite og Regionsutvalget om evaluering av nasjonale bestemmelser om adgang til yrker

Communication from the Commission to the European Parliament, the Council, the European Economic and Social Committee and the Committee of the Regions on Evaluating national regulations on access to professions

Siste nytt

Svensk departementsnotat offentliggjort 4.11.2013

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra Stortingets EU/EØS-nytt 8.10.2013)

EU ønskjer å gjera regulerte yrke meir tilgjengelege
EU skal evaluera dei nasjonale reguleringane rundt tilgangen til bestemte yrke innanfor den indre marknaden. Europakommisjonen viser til at slike reglar skaper hindringar for den frie bevegelsen av arbeidstakarar, og i ei ny melding i førre veke blir EØS-landa pålagt å oppdatera oversikta over regulerte yrke i Kommisjonens database.

Noreg har i dagens oversikt 168 regulerte yrke, nest flest i Norden etter Island. I EU er det rundt 800 kategoriar regulerte yrke. Europarlamentet har fleire gonger etterlyst at medlemslanda reduserer talet på regulerte yrke.

Frist for oppdatering av basen er februar til neste år, og i mars skal Kommisjonen publisera ei oppdatert oversikt over europeiske regulerte yrke. Dette skal så danna basis for vidare evaluering av kva som taler for og imot dei nasjonale eller regionale reguleringane. EU-kommissær for den indre marknaden, Michel Barnier, seier at EU-mobiliteten blant fagfolk er låg, noko som ofte skuldast at tilgangen til enkelte yrke er vanskeleg og kompleks. Tilgangen til regulerte yrke varierer også mellom medlemslanda.

Det nyleg oppdaterte direktivet for gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, som det blei semje om i EU i juni, ligg til grunn når borgarar ønskjer å praktisera eit regulert yrke i eit anna EØS-land enn det dei har kvalifisert seg i.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
Kommisjonens framlegg
Dato
02.10.2013
Annen informasjon