Våpendirektivet: endringsbestemmelser
Avtalegrunnlag
Fortolkningsdom avsagt av EU-domstolen 9.11.2023 med pressemelding
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra Prop. 166 S (2016–2017))
Innleiing og bakgrunn
Europaparlamentet og Rådet fastsette 17. mai 2017 direktiv 2017/853 om endringar i direktiv 91/477/EØF om kontroll med erverv og innehav av våpen (endringsdirektivet).
Føremålet med endringsdirektivet er å betre våpenkontrollen for å hindre misbruk av våpen og kriminelle handlingar. Noreg er bunde av direktiv 91/477/EØF (våpendirektivet) og endringane gjennomført ved direktiv 2008/51/EF.
Noreg er tilknytt Schengen-samarbeidet gjennom avtale av 18. mai 1999 om Noreg og Island si tilknyting til gjennomføring, bruk og vidareutvikling av Schengen-regelverket. Det følgjer av endringsdirektivet sin fortale punkt 35 at det for Noreg sitt vedkommande reknast som ei vidareutvikling av Schengen-regelverket. Norske ekspertar har i samsvar med avtalen vore med på å utforme regelverket. Noreg skal på sjølvstendig grunnlag avgjere om innhaldet i rettsakta skal godtakast frå norsk side og innarbeidast i norsk rett. Etter Schengen-avtalen artikkel 8 nr. 2 bokstav a skal Rådet gjere Noreg kjent med fastsetting av nye rettsakter som er ei vidareutvikling av Schengen-avtalen.
Gjennomføringa av det reviderte direktivet føreset lovendring og reknast også for å vere ei særleg viktig sak. Stortinget må difor samtykke i å godtake rettsakta, jf. Grl. § 26 andre ledd.