Regulering av virksomheten til kredittvurderingsbyråer: bestemmelser om likeverdighet for Canada
Kommisjonens gjennomføringsbeslutning (EU) 2019/1277 av 29. juli 2019 om anerkjennelse av Canadas rettslige og tilsynsmessige rammer som likeverdige med kravene i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009 om kredittvurderingsbyråer
Commission Implementing Decision (EU) 2019/1277 of 29 July 2019 repealing Implementing Decision 2012/630/EU on the recognition of the legal and supervisory framework of Canada as equivalent to the requirements of Regulation (EC) No 1060/2009 of the European Parliament and of the Council on credit rating agencies
EØS-komitebeslutning 13.12.2019 om innlemmelse i EØS-avtalen
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 29.4.2020)
Samandrag av innhald
Vedtaket er ei oppheving av likeverdsvurderinga i kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/630/EU som avgjorde at det rettslege og tilsynsmessige rammeverket for kredittvurderingsbyrå i Canada var samsvarande med krava som stillast i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009. Sjølv om regelverket framleis oppfyller krava i forordning (EF) nr. 1060/2009 oppfyller det ikkje tilleggskrava som seinare vart innførd i europaparlaments- og rådsforordning (EU) No 462/2013. Kommisjonen opphevar difor likeverdsvurderinga med gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1277.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Vedtaket er gjennomført i norsk rett ved oppheving av forskrift om likeverdighetsvurderinger etter kredittvurderingsbyråregelverket.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Vedtaket får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der dei departementa som rettsakta vedkjem er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsvedtaket reknast som EØS-relevant og er akseptabelt.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU og er innlemma i EØS-avtalen. Reglane trådde i kraft i Noreg den 01.01.2020 gjennom oppheving av forskrift om likeverdighetsvurderinger etter kredittvurderingsbyråregelverket.