Merking og omsetning av næringsmidler til bruk i kalorifattige dietter med sikte på vekttap
Kommisjonsdirektiv 96/8/EF av 26. februar 1996 om næringsmiddel til bruk i kalorifattige diettar med sikte på vekttap
Commission Directive 96/8/EC of 26 February 1996 on foods intended for use in energy-restricted diets for weight reduction
Norsk forskrift kunngjort 01.10.1998
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra kommisjonsdirektivet, norsk utgave)
Dei fellesskapstiltaka som er fastsette i dette direktivet, går ikkje lenger enn det som er naudsynt for å nå dei måla som alt er fastsette i direktiv 89/398/EØF.
Dette direktivet femner om ulike produkt, og det vert vanlegvis skilt mellom produkt som skal kome i staden for heile det daglege næringsinntaket, og produkt som skal kome i staden for ein del av det daglege næringsinntaket.
Produkta bør vere slik samansette at dei hjå dei personane som dei er meinte for, dekkjer høvesvis heile eller ein vesentleg del av den daglege mengda viktige næringsstoff som trengst.
Det er nyleg utvikla ei rekkje produkt som skal avløyse mellommåltid, og som tilfører visse mengder utvalde viktige makro- og mikronæringsstoff. Den grunnleggjande samansetnaden til desse produkta skal vedtakast på eit seinare tidspunkt.
Dessutan må energitilførselen frå dei produkta som dette direktivet femner om, vere avgrensa.
Nokre av dei produkta som skal kome i staden for heile det daglege næringsinntaket, har eit svært lågt energiinnhald. Det skal på eit seinare tidspunkt vedtakast særlege reglar for desse produkta med svært lågt energiinnhald.
Dette direktivet avspeglar den noverande kunnskapen om desse produkta. Eventuelle endringar med sikte på å tillate nyvinningar som byggjer på vitskaplege og tekniske framsteg, skal vedtakast etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 13 i direktiv 89/398/EØF.
I medhald av artikkel 4 nr. 2 i direktiv 89/398/EØF skal føresegner om stoff med særskilde næringsføremål som skal nyttast ved framstillinga av produkta, fastsetjast ved eit særdirektiv utferda av Kommisjonen.
Føresegner om bruken av tilsetjingsstoff ved framstillinga av produkta, skal fastsetjast ved høvelege rådsdirektiv.
I medhald av artikkel 7 i direktiv 89/398/EØF er dei produkta som dette direktivet femner om, underlagde dei allmenne reglane som er fastsette i rådsdirektiv 79/112/EØF av 18. desember 1978 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om merking og presentasjon av samt reklame for næringsmidler, sist endra ved kommisjonsdirektiv 93/102/EF. Ved dette direktivet vert det vedteke og gjort nærmare greie for naudsynte tillegg til og unntak frå dei allmenne reglane.
Dei produkta som dette direktivet femner om, er av ei slik art og har eit slikt bruksføremål at dei må vere påførde merking som syner energiinnhaldet deira og dei viktigaste næringsstoffa som dei inneheld.
I samsvar med artikkel 4 i direktiv 89/398/EØF er Vitskapsutvalet for næringsmiddel rådspurt om dei føresegnene som kan ventast å ha innverknad på folkehelsa.
Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, er i samsvar med fråsegna frå Det faste næringsmiddelutvalet.