Aromastoffer i næringsmiddler: frist for fremlegging av opplysninger av stoffer i bruk
Kommisjonsforordning (EF) nr. 622/2002 av 11. april 2002 om fastsetjing av fristar for framlegging av opplysningar om kjemisk definerte aromastoff som vert nytta i eller på næringsmiddel
Commission Regulation (EC) No 622/2002 of 11 April 2002 establishing deadlines for the submission of information for the evaluation of chemically defined flavouring substances used in or on foodstuffs
Norsk forskrift kunngjort 1.7.2011
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra kommisjonsforordningen, norsk utgave)
1) Målet med forordning (EF) nr. 2232/96 er å fastsetje ei liste over aromastoff som er dei einaste som er tillatne. Denne lista skal fastsetjast etter ei vurdering av dei aromastoffa som vert nytta i eller på næringsmiddel.
2) I medhald av den nemnde forordninga vart det ved kommisjonsvedtak 1999/217/EF, sist endra ved vedtak 2002/113/EF, vedteke eit register over aromastoff som vert nytta i eller på næringsmiddel.
3) Dei opplysningane som er naudsynte for vurderinga av stoff som er førde opp i registeret, vart fastsette i kommisjonsforordning (EF) nr. 1565/2000, der det er fastsett eit vurderingsprogram for dei kjemisk definerte aromastoffa som er førde opp i vedtak 1999/217/EF.
4) I artikkel 3 i forordning (EF) nr. 1565/2000 er det fastsett kva opplysningar den som er ansvarleg for marknadsføringa av det aktuelle stoffet, skal leggje fram for at vurderingsprogrammet skal kunne gjennomførast. Dersom opplysningane for eit visst stoff ikkje vert gjorde tilgjengelege innan eitt år etter at den nemnde forordninga vart vedteken, bør Kommisjonen få melding om datoen då desse opplysningane kan leggjast fram.
5) I det første gjennomføringsåret til vurderingsprogrammet har dei som er ansvarlege for marknadsføringa av dei stoffa som er førde opp i registeret, gjennom European Flavour and Fragrance Association lagt fram opplysningar for delar av dei stoffa som er førde opp i vedtak 1999/217/EF, og meldt frå til Kommisjonen om datoane for når opplysningar om resten av stoffa kan leggjast fram.
6) For å sikre ei smidig gjennomføring av vurderingsprosessen kan Kommisjonen no fastsetje fristar for framlegging av dei opplysningane som er nemnde i artikkel 3 nr. 1 i forordning (EF) nr. 1565/2000.
7) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa.