Godkjenning av nasjonalitetsmerket på utenlandske kjøretøyer
Rådsforordning (EF) nr. 2411/98 av 3. november 1998 om godkjenning av nasjonalitetsmerket til registreringsmedlemsstaten på motorvogner og tilhengarane deira ved trafikk innanfor Fellesskapet
Council Regulation (EC) No 2411/98 of 3 November 1998 on the recognition in intra-Community traffic of the distinguishing sign of a Member State in which motor vehicles and their trailers are registered
Norsk forskrift av 16.09.1999
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra rådsforordningen, norsk utgave)
1) Fellesskapet har vedteke ei rekkje tiltak for å sikre ein tilfredsstillande verkemåte for ein indre marknad som femner om eit område utan indre grenser, der det er sikra fritt varebyte og fri rørsle for personar, tenester og kapital i samsvar med føresegnene i traktaten.
2) Fleire av medlemsstatane er part i Wien-konvensjonen av 1968 om vegtrafikk, heretter kalla "konvensjonen", der det i artikkel 37 er fastsett at det bak på alle motorvogner i internasjonal trafikk i tillegg til registreringsnummeret skal vere plassert eit nasjonalitetsmerke for den staten som dei er registrerte i.
3) Fellesskapet er ikkje part i konvensjonen, og nokre av dei medlemsstatane som er part i han, nyttar føresegnene i artikkel 37 i konvensjonen. Desse medlemsstatane krev at køyretøy frå andre medlemsstatar skal syne nasjonalitetsmerket slik det er fastsett i vedlegg 3 til konvensjonen. Nokre av desse medlemsstatane godkjenner ikkje andre nasjonalitetsmerke, t.d. dei som finst på kjennemerka, som sjølv om dei syner registreringsstaten til køyretøyet, ikkje er i samsvar med vedlegg 3 til konvensjonen.
4) Fleire medlemsstatar har innført ein modell for kjennemerke som lengst til venstre syner ei blå flate med tolv gule stjerner som i det europeiske flagget, og som elles syner nasjonalitetsmerket til registreringsmedlemsstaten. Når det gjeld transport innanfor Fellesskapet, stettar dette nasjonalitetsmerket kravet om identifikasjon av registreringsstaten slik det er fastsett i artikkel 37 i konvensjonen.
5) Dei medlemsstatane som krev at køyretøy frå andre medlemsstatar syner nasjonalitetsmerket til registreringsstaten, bør òg godkjenne det merket som er fastsett i vedlegget til denne forordninga -