Godkjenning av ordningen "Ensus voluntary scheme under RED for Ensus bioethanol production" som i samsvar med bærekraftskriteriene for biobrensel
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/210/EU av 23. april 2012 om fastslåing av at «Ensus voluntary scheme under RED for Ensus bioethanol production» oppfyller berekraftskriteria i europaparlaments- og rådsdirektiva 2009/28/EF og 98/70/EF
Commission Implementing Decision 2012/210/EU of 23 April 2012 on recognition of the ‘Ensus voluntary scheme under RED for Ensus bioethanol production’ for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 2009/28/EC and 98/70/EC of the European Parliament and of the Council
Norsk forskrift kunngjort 12.2.2016
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 18.11.2015)
Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.
Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.
Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.
Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstala for 2014 viser at frivillige sertifiseringsordningar vart nytta for heile 99,7 % av omsett mengde biodrivstoff.
Samandrag av innhald
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/210/EU inneber at "Ensus voluntary scheme under RED for Ensus bioethanol production" (Ensus scheme) er godkjend i ein periode på fem år frå 14. mai 2012, dvs. til mai 2017. Sertifiseringsordninga dekkjer bioetanol produsert frå kveite med opphav i EU, produsert ved Ensus One-anlegget.
Merknader
Rettslege konsekvensar
Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.
Gjeldande praksis er imidlertid allereie at dei sertifiseringsordningane som er godkjende i EU, også blir rekna som godkjend dokumentasjon i Noreg på at berekraftskriteria er oppfylte. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.
Sakkunnige instansar sine merknader
Rettsakta er behandla på skriftleg prosedyre i spesialutvalet for miljøsaker, der dei departementa saka rører ved er representerte. Spesialutvalet konkluderte 31. august 2015 med at rettsakta var EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Rettsakta er vurdert som EØS-relevant og akseptabel.
Andre opplysninger
Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 13
Status
Rettsakta har vore i kraft i EU frå 14. mai 2012.
Rettsakta er under vurdering i EØS/EFTA-statane.