Godkjenning av ordningen "Roundtable on Sustainable Palm Oil RED" som i samsvar med bærekraftskriteriene for biobrensel
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/722/EU av 23. november 2012 om fastslåing av at sertifiseringsordninga «Roundtable on Sustainable Palm Oil RED» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 98/70/EF og 2009/28/EF
Commission Implementing Decision 2012/722/EU of 23 November 2012 on recognition of the Roundtable on Sustainable Palm Oil RED scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council
Norsk forskrift kunngjort 12.2.2016
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 19.11.2015)
Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.
Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.
Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.
Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstala for 2014 viser at frivillige sertifiseringsordningar vart nytta for heile 99,7 % av omsett mengde biodrivstoff.
Samandrag av innhald
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/722/EU inneber at den frivillige sertifiseringsordninga "Roundtable on Sustainable Palm Oil RED" er godkjend i ein periode på fem år frå 14. desember 2012, dvs. til desember 2017. Sertifiseringsordninga dekkjer produkt baserte på palmeolje.
Merknader
Rettslege konsekvensar
Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.
Gjeldande praksis er imidlertid allereie at dei sertifiseringsordningane som er godkjende i EU, også blir rekna som godkjend dokumentasjon i Noreg på at berekraftskriteria er oppfylte. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.
Sakkunnige instansar sine merknader
Rettsakta er behandla på skriftleg prosedyre i spesialutvalet for miljøsaker, der dei departementa saka rører ved er representerte. Spesialutvalet konkluderte 31. august 2015 med at rettsakta var EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Rettsakta er vurdert som EØS-relevant og akseptabel.
Andre opplysninger
Innholder informasjon unntatt offentlighet, jf. offl. § 13
Status
Rettsakta har vore i kraft i EU frå 14. desember 2012.
Rettsakta er under vurdering i EØS/EFTA-statane.