Korttidsstatistikk over offentlige finanser
Kommisjonsforordning (EF) nr. 264/2000 av 3. februar 2000 om gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 2223/96 med omsyn til korttidsstatistikkar over offentlege finansar
Commission Regulation (EC) No. 264/2000 of 3 February 2000 on the implementation of Council Regulation (EC) No. 2223/96 with respect to short-term public finance statistics
EØS-komitebeslutning 23.2.2001 om innlemmelse i EØS-avtalen
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra kommisjonsforordningen, norsk utgave)
1) I samsvar med artikkel 104 nr. 2 i traktaten skal Kommisjonen overvake utviklinga av budsjettsituasjonen.
2) Etter rådsforordning (EF) nr. 1466/97 av 7. juli 1997 om styrking av overvåkingen av budsjettposisjoner og av overvåkingen og samordningen av den økonomiske politikk bør den framgangsmåten for multilateral overvaking som er fastsett i artikkel 99 nr. 3 og 4 i traktaten, utfyllast med eit system for tidleg varsling, slik at Rådet snøgt kan varsle ein medlemsstat om at han må gjere dei budsjettkorrigerande tiltaka som er naudsynte for å hindre eit altfor stort offentleg underskot.
3) I rapporten frå Økofin-rådet om statistiske krav i Den økonomiske og monetære unionen, som vart godkjend 18. januar 1999, vert det lagt særleg vekt på at det er naudsynt med felles og harmoniserte korttidsstatistikkar over offentlege finansar for medlemsstatane, særleg for dei som tek del i Den økonomiske og monetære unionen.
4) Reglane for nasjonalrekneskapane, særleg omgrepa i det europeiske nasjonalrekneskapssystemet (ENS 95), vert rekna som eit verkemiddel som skal sikre jamføring av og innsyn i data medlemsstatane imellom.
5) Innanfor ramma av ENS 95 bør det gradvis utarbeidast eit fullstendig sett med kvartalsrekneskapar for sektoren offentleg forvalting, der det frå og med 2000 finst tilgjengeleg eit første sett med komponentar frå rekneskapen for den offentlege forvaltinga i samsvar med omgrepa i ENS 95.
6) Det bør leggjast størst vekt på komponentar som representerer pålitelege indikatorar på tendensar i utviklinga innanfor offentlege finansar, og som vanlegvis er tilgjengelege til rett tid.
7) Skattar, faktiske trygde- og pensjonspremiar og stønader vil som det første settet med komponentar gje eit tidleg varsel om mogleg budsjettmessig risiko, og nyttige opplysningar om konjunktursvingingar.
8) Utvalet for penge-, finans- og betalingsbalansestatistikk, som vart oppnemnt ved rådsavgjerd 91/115/EØF, endra ved avgjerd 96/174/EF, er vorte rådspurt.
9) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Utvalet for det statistiske programmet, som vart oppnemnt ved avgjerd 89/382/EØF, Euratom