Næringsmiddelhygiene: unntaksbestemmelser for sjøtransport råsukker i bulk
Kommisjonsdirektiv 98/28/EF av 29. april 1998 om unntak frå visse føresegner i rådsdirektiv 93/43/EØF om næringsmiddelhygiene med omsyn til sjøtransport av råsukker i bulk
Commission Directive 98/28/EC of 29 April 1998 granting a derogation from certain provisions of Directive 93/43/EEC on the hygiene of foodstuffs as regards the transport by sea of bulk raw sugar
Norsk forskrift kunngjort 23.1.2009
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra kommisjonsdirektivet, norsk utgave)
Opplysningar viser at det i røynda er vanskeleg å gjennomføre kapittel IV nr. 2 andre leddet i vedlegget til direktiv 93/43/EØF om bulktransport av næringsmiddel i flytande form, i form av granulat eller pulver i romfang og/eller containerar/tankar som er sette av til transport av næringsmiddel, og at gjennomføringa inneber ei urimeleg tung bør for næringsmiddelføretak når det gjeld sjøtransport av råsukker som ikkje skal nyttast til konsum eller som næringsmiddelingrediens utan at det har gjennomgått fullstendig og fullgod raffinering.
Det må likevel sikrast at eit unntak frå føresegnene gjev eit tilsvarande vernenivå for folkehelsa, ved at det vert knytt visse vilkår til unntaket.
Talet på romfang og/eller containerar/tankar som er sette av til sjøtransport av næringsmiddel, er ikkje tilstrekkeleg høgt til å sikre handel utan avbrot med råsukker som ikkje skal nyttast til konsum eller som næringsmiddelingrediens utan at det har gjennomgått fullstendig og fullgod raffinering.
Røynsler frå dei seinare åra viser at raffinert sukker ikkje vert ureina når sjøtransporten av råsukker i bulk skjer i romfang og/eller containerar/tankar som ikkje er sette av til transport av næringsmiddel. Det må likevel provast at romfang og/eller containerar/tankar som tidlegare er nytta til transport, er vortne forsvarleg reingjorde, og at reingjeringa vert vurdert som ein avgjerande faktor (eit «kritisk punkt») for den allmenne tryggleiken og helsesemda til det raffinerte sukkeret.
I medhald av artikkel 8 i direktiv 93/43/EØF ligg det på medlemsstatane å utføre kontrollar for å sikre gjennomføringa av dette direktivet.
Det særskilte unntaket som er fastsett i dette direktivet, rører ikkje ved dei allmenne føresegnene i direktiv 93/43/EØF.
Vitskapsutvalet for næringsmiddel er rådspurt.
Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, er i samsvar med fråsegna frå Det faste næringsmiddelutvalet