Regulering av virksomheten til kredittvurderingsbyråer: bestemmelser om likeverdighet for Mexico
Kommisjonens gjennomføringsbeslutning (EU) 2019/1280 av 29. juli 2019 om anerkjennelse av Mexicos rettslige og tilsynsmessige rammer som likeverdige med kravene i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009 om kredittvurderingsbyråer
Commission Implementing Decision (EU) 2019/1280 of 29 July 2019 on the recognition of the legal and supervisory framework of Mexico as equivalent to the requirements of Regulation (EC) No 1060/2009 of the European Parliament and of the Council on credit rating agencies
Norsk forskrift kunngjort 19.12.2019
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 29.4.2020)
Samandrag av innhald
Vedtaket er ei vidareføring av likeverdsvurderinga i kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2014/247/EU som avgjorde at det rettslege og tilsynsmessige rammeverket for kredittvurderingsbyrå i Mexico var samsvarande med krava som stillast i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009. Etter at forordning (EF) nr. 1060/2009 vart vedteken har det også vore innførd tilleggskrav i europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 462/2013. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1280 gjer det klart at Mexico også oppfyller dei nye krava i forordning (EU) nr. 462/2013.
Føremålet med denne likeverdsvurderinga er å gjere det mogleg for meksikanske kredittvurderingsbyrå som ikkje er systemviktige å søkje om sertifisering hjå Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA).
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2014/247/EU vert samstundes oppheva, då den ikkje fyller ei sjølvstendig rolle ut over det som også stadfestast i kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1280.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Vedtaket er gjennomført i norsk rett gjennom forskrift om likeverdsvurderingar etter kredittvurderingsbyråforordningen.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Vedtaket får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der dei departementa som rettsakta vedkjem er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsvedtaket reknast som EØS-relevant og er akseptabelt.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU og er innlemma i EØS-avtalen. Reglane trådde i kraft i Noreg den 01.01.2020 gjennom forskrift om likeverdighetsvurderingar etter kredittvurderingsbyråregelverket.