Statistiske undersøkelser av melk og melkeprodukter
Rådsdirektiv 96/16/EF av 19. mars 1996 om statistiske granskingar på området mjølk og mjølkeprodukt
Council Directive 96/16/EC of 19 March 1996 on statistical surveys of milk and milk products
EØS-komitebeslutning 29.1.1999 om innlemmelse i EØS-avtalen
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra rådsdirektivet, norsk utgave)
Rådsdirektiv 72/280/EØF av 31. juli 1972 om statistiske undersøkelser om melk og melkeprodukter som medlemsstatene skal gjennomføre er endra fleire gongar. På grunn av nye endringar bør direktivet omarbeidast av omsyn til klarleiken.
For at Kommisjonen skal kunne utføre dei oppgåvene som han er pålagd i medhald av traktaten og fellesskapsføresegnene om den felles marknadsordninga for mjølk og mjølkeprodukt, treng han pålitelege opplysningar om produksjon og bruk av mjølk og dessutan jamlege, pålitelege og kortsiktige opplysningar om levering av mjølk til føretak som handsamar eller foredlar mjølk, og om produksjon av mjølkeprodukt i medlemsstatane.
Oppgåvene over produksjon og bruk av mjølk i driftseiningar i landbruket bør utarbeidast etter einsarta kriterium og med større detaljtruskap, og det bør i alle medlemsstatane gjennomførast månadlege granskingar hjå føretak som handsamar eller foredlar mjølk.
For å få resultat som kan jamførast, bør det fastsetjast felles kriterium med omsyn til omfanget av granskinga, kva kjenneteikn det skal utarbeidast oppgåver for, og korleis granskinga skal utførast.
Røynslene frå gjennomføringa av dei førre reglane syner at dei bør forenklast, særleg ved å oppheve kravet om å sende over resultat for kvar veke.
Innhaldet av mjølkeprotein i mjølkeprodukt vert stadig viktigare, og det bør difor gjerast føremålstenlege tiltak.
For at det skal verte enklare å gjennomføre føresegnene i dette direktivet, bør det nære samarbeidet mellom medlemsstatane og Kommisjonen halde fram, særleg i Det faste utvalet for landbruksstatistikk, som er oppnemnt i medhald av avgjerd 72/279/EØF