Fremme av bruk av vekstmarkeder for SMB-er: utfyllende bestemmelser om registrering
Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/1011 av 13. desember 2018 om endring av delegert kommisjonsforordning (EU) 2017/565 med hensyn til visse registreringsvilkår for å fremme bruken av vekstmarkeder for SMB-er ved gjennomføring av europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/65/EU
Commission Delegated Regulation (EU) 2019/1011 of 13 December 2018 amending Commission Delegated Regulation (EU) 2017/565 as regards certain registration conditions to promote the use of SME growth markets for the purposes of Directive 2014/65/EU of the European Parliament and of the Council
Norsk forskrift kunngjort 12.3.2021
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 23.3.2021)
Samandrag av innhald
Den delegerte kommisjonsforordninga er utfyllande reglar til Europakommisjonen til europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/65/EU (MiFID II). Føremålet med kommisjonsforordninga er å skape vidare rammer for registrering i vekstmarknad for små og mellomstore bedrifter (SMB-ar) som er utferdarar av ikkje-eigenkapitalinstrument. Dette er grunngjeven i at SMB-ar som utferdar ikkje-eigenkapitalinstrument (oftast utferdarar av gjeldsinstrument) typisk er større enn dei som utferdar eigenkapitalinstrument når det kjem til kriteria som vurderast for å takast opp på ein vekstmarknad for små og mellomstore bedrifter. Kommisjonsforordninga innfører også reglar om at operatøren av ein vekstmarknad for SMB-ar kan krevje at eit minstemål av aksjene i eit selskap som er registrert i vekstmarknaden skal handlast på vekstmarknaden. Dette har som føremål å auke likviditeten til aksjane og auke investeringsvilja.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Kommisjonsforordninga vil takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Kommisjonsforordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdera av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der vedkomne departement er representert. Spesialutvalet kom til at rettsakta er EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel. Det vil vere behov for tekniske tilpasninger om dato for når forordninga skal tre i kraft.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Rettsakta er innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften).