Det europeiske solidaritetskorps (2021-2027)
Høring om evaluering igangsatt av Kommisjonen 13.11.2023 med frist 5.2.2024
Tidligere
- EØS-komitebeslutning 24.9.2021 om innlemmelse i EØS-avtalen
- Notat om planlagt evaluering lagt fram av Kommisjonen 18.10.2022 med tilbakemeldingsfrist 15.11.2022
Redaksjonens kommentar
Beslutningen om innlemmelse av forordningen i EØS-avtalen gjelder kun Island og Liechtenstein. Norge vil ikke delta i Det europeiske solidaritetskorpset.
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 2.9.2021)
Sammendrag av innhold
Som ein del av EU Kommisjonen sitt forslag til nytt langtidsbudsjett ble det foreslått ei vidareføring av European Solidarity Corps. Programmet gjeld for 2021 - 2027. Formålet med programmet er å "øge deltagelsen hos unge og organisationer i tilgængelige solidaritetsaktiviteter af høj kvalitet for derigennem at bidrage til at styrke samhørigheden, solidariteten og demokratiet i og uden for EU og til at tackle sociale og humanitære udfordringer på lokalt niveau med en særlig indsats for at fremme social inklusion", jf. art 3.
European Solidarity Corps gjev ungdom nye høver til å delta i frivillig arbeid, praksisopphald eller arbeid gjennom aktivitetar som har eit solidarisk innhald. I tillegg kan dei utforme og utvikle solidaritetsprosjekt på eige initiativ. Programmet skal bidra til å fremme deira personlege, utdanningsmessige, sosiale, medborgarlege og faglege utvikling.
Programmet har fem typar tiltak:
1. frivillig arbeid i samband med solidaritetsaktivitetar, jf. art. 7
2. praksisopphald og arbeid, jf. art. 8
3. solidaritetsprosjekt, jf. art 9
4. nettverksaktivitetar for enkeltpersonar og organisasjonar, jf. art. 5
5. kvalitets- og støttetiltak, jf. art. 5
Noreg er som EØS-land invitert til å delta i aktivitetar etter art. 5 og 7, men er altså ikkje invitert til å delta i praksisopphald, arbeid og solidaritetsprosjekt, jf. art. 14 (2) a).
Dei frivillige aktivitetane bygger vidare på European Voluntary Service. Noreg har delteke i European Voluntary Service gjennom ulike program, seinast Erasmus+, fram til opprettinga av European Solidarity Corps i 2018.
Merknader
Rettslige konsekvenser
Rettsakta er vedteke med heimel i artikkel 165 (4), artikkel 166 (4) og artikkel 214 (5) i traktaten om den europeiske unions virkemåte (TFEU).
Noreg skal ikkje delta i programmet, og innlemming i EØS-avtala har derfor ingen rettlege konsekvenser.
Økonomiske og administrative konsekvenser
Noreg skal ikkje delta i programmet, og innlemming i EØS-avtala har derfor ingen økonomiske eller administrative konsekvenser.
Sakkyndige instansers merknader
Rettsakta har vore handsama i spesialutvalet for utdanning, der Arbeids- og sosialdepartementet, Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Landsbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Utanriksdepartementet og Barne- og familiedepartementet er representert, i tillegg til tre underliggande etatar. Det foreløpige posisjonsnotatet vart handsama i SU Utdanning i møte 16. oktober 2019.
Etter ei samla gjennomgang og vurdering av Noreg si deltaking i EU-programma for perioden 2021-2027, blei det vedteke at Noreg ikkje skal delta i dette programmet.
Vurdering
Etter ei samla gjennomgang og vurdering av Noreg si deltaking i EU-programma for perioden 2021-2027, blei det vedteke at deltaking i dette programmet ikkje kan prioriterast.
Status
Utkast til vedtak om innlemming av forordninga i EØS-avtala er sendt til EEAS.