Storfebesetninger frie for tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose
Progresjon
EØS-komitebeslutning 9.7.2004 om innlemmelse i EØS-avtalen
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra kommisjonsbeslutningen, norsk utgave)
1) I direktiv 64/432/EØF er det fastsett at medlemsstatar eller delar eller regionar i medlemsstatar kan verte godkjende som offisielt frie for tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar dersom visse krav i det nemnde direktivet er stetta.
2) Ved kommisjonsvedtak 1999/467/EF, sist endra ved vedtak 2001/26/EF, fekk visse medlemsstatar og regionar i medlemsstatar status som offisielt frie for tuberkulose hjå storfebuskapar.
3) Ved kommisjonsvedtak 1999/466/EF, sist endra ved vedtak 2003/164/EF, fekk visse medlemsstatar og regionar i medlemsstatar status som offisielt frie for brucellose hjå storfebuskapar.
4) Ved kommisjonsvedtak 1999/465/EF, sist endra ved vedtak 2003/177/EF, fekk visse medlemsstatar og regionar i medlemsstatar status som offisielt frie for enzootisk bovin leukose.
5) Belgia har for territoriet sitt og Italia for provinsane Ascoli Piceno, Bergamo, Lecco og Sondrio lagt fram for Kommisjonen dokumentasjon som syner at alle krava i direktiv 64/432/EØF er stetta, slik at territoriet til Belgia og dei nemnde regionane i Italia kan verte godkjende som offisielt frie for tuberkulose hjå storfebuskapar.
6) Belgia har for territoriet sitt og Italia for regionen Sardinia og provinsane Ascoli Piceno, Bergamo, Como, Lecco, Mantova, Sondrio, Trento og Varese lagt fram for Kommisjonen dokumentasjon som syner at alle krava i direktiv 64/432/EØF er stetta, slik at territoriet til Belgia og dei nemnde regionane i Italia kan verte godkjende som offisielt frie for brucellose hjå storfebuskapar.
7) Italia har for provinsane Ascoli Piceno, Bergamo, Brescia, Como, Lecco, Mantova, Sondrio og Varese lagt fram for Kommisjonen dokumentasjon som syner at alle krava i direktiv 64/432/EØF er stetta, slik at desse regionane kan verte godkjende som offisielt frie for enzootisk bovin leukose.
8) Av omsyn til klarleiken bør listene over medlemsstatar og regionar i medlemsstatar som er vortne godkjende som offisielt frie for tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar, førast opp i den same rettsakta. Vedtak 1999/467/EØF, 1999/466/EØF og 1999/465/EØF bør difor opphevast.
9) Dei tiltaka som er fastsette i dette vedtaket, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa -