Den europeiske verdipapirtilsynsmyndighets avgifter for transaksjonsregistre i 2020
Norsk forskrift kunngjort 1.8.2024
Tidligere
- EØS-komitebeslutning 10.12.2021 om innlemmelse i EØS-avtalen
- EØS-komitebeslutningen trer i kraft 1.8.2024 som følge av oppfyllelse av forfatningsrettslige krav av EØS-komitebeslutning om tilknyttet rettsakt
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 7.8.2024)
Samandrag av innhald
Forordninga fastset supplerande reglar for europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 om gjennomsiktighet ved verdipapirfinansieringstransaksjoner (SFTR). Rettsakta fastset nærmare reglar for fastsetjing av gebyr til Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA) for transaksjonsregister. Føremålet med forordninga er å syte for at gebyret finansierer kostnadane i forbindelse med registreringa av transaksjonsregister.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Forordninga er tatt inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett ved inkorporering i verdipapirforskrifta. Dette inneber at det i forskrifta er tatt inn ei føresegn om at forordninga gjeld som norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold. Forordninga inneber i seg sjølve ingen gebyrforplikting, kun ein nærmare klargjering av korleis gebyret til ESMA skal fastsetjast. Sjølve gebyret innførast gjenom SFTR art. 11.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er innlemma i EØS-avtalen og trått i kraft i Norge.