Transaksjonsregistre: gjennomføringsbestemmelser om tilgang til opplysninger
EØS-komitebeslutningen trer i kraft 1.8.2024 som følge av oppfyllelse av forfatningsrettslige krav av EØS-komitebeslutning om tilknyttet rettsakt
Tidligere
- EØS-komitebeslutning 10.12.2021 om innlemmelse i EØS-avtalen
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 8.5.2019)
Samandrag av innhald
Forordninga endrer lista over einingar som skal ha tilgang til opplysningar frå transaksjonsregister i delegert forordning (EU) nr. 151/2013, for at lista skal vere i samsvar med endringane som er gjort i tilsvarande liste i europaparlaments- og rådsforordning (EU) Nr. 648/2012 (EMIR). Endringane i regelverka føl av innføringen av forordning om gjennomsiktighet ved verdipapirfinansieringstransaksjoner – europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 (SFTR). Føremålet med forordninga er å hindre at transaksjonsregister kontinuerleg må sjekke under kva for mandat eininga søker og for kva behov eininga søker tilgang. Forordninga innfører difor ein enkel adgangsnøkkel for kvar eining som dekker den enkelte eininga sine ansvarsområder.
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Forordninga vil takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett ved inkorporering. Dette inneber at det i forskrift vil takast inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er til vurdering av EØS/EFTA-statane for å bli innlemma i EØS-avtalen.