Transaksjonsregistre: innrapportering av opplysninger om verdipapirfiansieringstransaksjoner
Norsk forskrift kunngjort 1.8.2024
Tidligere
- EØS-komitebeslutning 10.12.2021 om innlemmelse i EØS-avtalen
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 7.8.2024)
Samandrag av innhald
Forordninga er utfyllande reglar fra Europakommisjonen til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 (SFTR) som angjev kva for opplysningar om verdipapirfinansieringstransaksjoner som skal rapporterast til transaksjonsregister. Føremålet med forordninga er å auke effektiviteten av rapporteringa av verdipapirfinansiseringstransaksjoner og utnytte likskapen med det allereie eksisterande systemet for rapportering av derivatkontrakter etter delegert forordning (EU) nr. 648/2012 (EMIR).
Forordninga pålegg ikkje i seg sjølve nokon rapporteringsplikter, men klargjer innhaldet av dei rapporteringspliktene som føl av SFTR art. 4 (1) og (5).
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Forordninga er tatt inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett ved inkorporering i verdipapirforskriften. Dette inneber at det i forskrift er tatt inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er i kraft i EØS-avtalen og i norsk rett.