Kommisjonens gjennomføringsforordning (EU) 2019/363 av 13. desember 2018 om fastsettelse av tekniske gjennomføringsstandarder med hensyn til formatet på og hyppigheten av rapporter til transaksjonsregistre med opplysninger om verdipapirfinansieringstransaksjoner i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 og om endring av Kommisjonens gjennomføringsforordning (EU) nr. 1247/2017 med hensyn til bruk av rapporteringskoder i rapporteringen av derivatkontrakter
Rapportering og transparens av verdipapirtransaksjoner: endringsbestemmelser
Norsk forskrift kunngjort 1.8.2024
Tidligere
- EØS-komitebeslutning 10.12.2021 om innlemmelse i EØS-avtalen
- EØS-komitebeslutningen trer i kraft 1.8.2024 som følge av oppfyllelse av forfatningsrettslige krav av EØS-komitebeslutning om tilknyttet rettsakt
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 7.8.2024)
Samandrag av innhald
Forordninga er utfyllande reglar fra Europakommisjonen til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2015/2365 om bruk av innberetningskodar i rapporteringan av derivatkontraktar. Føremålet med forordninga er å innføre eit felles format for korleis motpartar i verdipapirfinansieringstransaksjonar skal rapportere inn ein verdipapirfinansieringstransaksjon. Dette vert gjort for å forenkle innsamlinga, samanstillinga og samanlikninga av opplysningar på tvers av transaksjonsregister.
Forordninga pålegg ikkje i seg sjølve nokon rapporteringsplikter, men klargjer innhaldet av dei rapporteringspliktene som føl av SFTR art. 4 (1) og (5).
Merknadar
Rettslege konsekvensar
Forordninga er tatt inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett ved inkorporering i verdipapirforskriften. Dette inneber at det i forskriften er tatt inn ei føresegn om at forordningen gjeld som norsk rett.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der berørte departement er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.
Vurdering
Kommisjonsforordninga reknast som EØS-relevant og er akseptabel.
Status
Reglane er trådd i kraft i EU. Reglane er innlemma i EØS-avtalen og trådt i kraft i Norge.