Felles sortsliste for plantearter til jordbruksformål: gjennomføringsbestemmelser om grønnsaksorter (2003)
Kommisjonsdirektiv 2003/91/EF av 6. oktober 2003 om fastsetjing av gjennomføringstiltak for artikkel 7 i rådsdirektiv 2002/55/EF med omsyn til kva eigenskapar som minst skal omfattast av og kva minstekrav som skal gjelde for gransking av visse grønsaksortar
Commission Directive 2003/91/EC of 6 October 2003 setting out implementing measures for the purposes of Article 7 of Council Directive 2002/55/EC as regards the characteristics to be covered as a minimum by the examination and the minimum conditions for examining certain varieties of vegetable species
EØS-komitebeslutning 22.9.2006 om innlemmelse i EØS-avtalen
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra kommisjonsdirektivet, norsk utgave)
1) I kommisjonsdirektiv 72/168/EØF av 14. april 1972 om fastsettelse av kjennetegn og minstekrav ved undersøkelse av sorter av grønnsakarter, endra ved direktiv 2002/8/EF, er det med sikte på offisiell godkjenning av sortane i dei listene som medlemsstatane fører, fastsett kva eigenskapar som granskingane av dei ulike artane minst skal omfatte, saman med minstekrav til gjennomføringa av granskingane.
2) Administrasjonsrådet for plantesortskontoret til Fellesskapet (CPVO), som vart skipa ved rådsforordning (EF) nr. 2100/94 av 27. juli 1994 om EF-planteforedlerrett, sist endra ved forordning (EF) nr. 1650/2003, har utferda rettleiande prinsipp for prøving med omsyn til krava til gransking av visse artar.
3) På internasjonalt plan finst det rettleiande prinsipp for prøving, der krava til gransking av sortane er fastsette. Den internasjonale unionen for vern av nye plantesortar (UPOV) har utarbeidd rettleiande prinsipp for prøving.
4) Direktiv 72/168/EØF vart endra ved direktiv 2002/8/EF for å sikre at dei rettleiande prinsippa for prøving som CPVO har utarbeidd, stemmer overeins med krava til gransking av sortane med sikte på at dei skal godtakast for oppføring i dei nasjonale sortslistene i medlemsstatane, i den mon CPVO har fastsett rettleiande prinsipp for prøving. CPVO har seinare fastsett rettleiande prinsipp for ei rekkje andre artar.
5) Det bør sikrast at dei rettleiande prinsippa for prøving som CPVO har utarbeidd, stemmer overeins med krava til sortane med sikte på at dei skal godtakast for oppføring i dei nasjonale listene i medlemsstatane.
6) I dei tilfella der CPVO enno ikkje har utarbeidd særlege prinsipp, bør fellesskapsordninga byggje på dei rettleiande prinsippa for prøving som UPOV har utarbeidd. Nasjonal lovgjeving skal gjelde for dei artane som ikkje er omfatta av dette direktivet.
7) Direktiv 72/168/EØF bør difor opphevast.8) Dei tiltaka som er fastsette i dette direktivet, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for frø og økslingsmateriale innan jordbruk, hagebruk og skogbruk —