Verdipapirmarkedsdirektivet - MiFID II: utfyllende bestemmelser
(Under forberedelse) Delegert kommisjonsforordning (EU) .../... om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/65/EU ved spesifisering av kriteriene for å fastslå når en aktivitet skal anses å være tilknyttet hovedvirksomheten på konsernnivå
(In preparation) Commission Delegated Regulation (EU) .../... supplementing Directive 2014/65/EU of the European Parliament and of the Council by specifying the criteria for establishing when an activity is to be considered to be ancillary to the main business at group level
EØS-notat offentliggjort 1.12.2021
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 16.11.2021)
Sammendrag av innhold
Den nye kommisjonsforordninga erstattar Kommisjonsforordning (EU) 2017/592 og gir nye utfyllande føresegner til direktiv 2014/65/EU (MiFID II) (verdipapirmarkedsdirektivet). Det vert i den nye rettsakta fastsett tre alternative testar for vurdering av når verksemd er å rekne som tilknytt verksemd til eit konsern si hovudverksemd ("ancillary activity to the main business"), og har innverknad på vurderinga av når unntaket frå konsesjonsplikt i MiFID II artikkel 2 (1)(j) kjem til nytte.
Vurderinga av om aktiviteten er tilknytt hovudverksemda skal etter rettsakta vurderast ut ifrå tre alternative testar ("aksessorisk aktivitet-test") som er basert på handelsaktiviteten til personane i konsernet. Ettersom dei tre alternative testane tar omsyn til forskjellige årsaker som ligg bakom ulike økonomiske realitetar for forskjellige konsern, utgjer alle testane like eigna, alternative og uavhengige metodar for å fastleggje om ein bestemt person sin handelsaktivitet er aksessorisk i forhold til konsernets hovudverksemd. Vurderinga av dei tre alternative testane er basert på ein periode over tre år, og ein bestemmer sjølve kva test som skal nyttast.
Formålet med aksessorisk aktivitet-testane er å kontrollere omfanget av handelsaktiviteten til personar i eit konsern, som ikkje sjølve har tillating etter MiFID II. Dersom dei aktuelle personane yter investeringstenester og investeringsverksemd i varederivater, utslippskvoter eller derivater på utslippskvoter i eitt så stort omfang i forhold til konsernets hovudverksemd at denne personen sine aktivitetar ikkje kan reknast for å vere tilknytt verksemd ("ancillary to the main business") på konsernnivå, er desse personane forplikta til å innhente eiga tillating til å utøve verksemd som verdipapirføretak. Dersom ein person sine handelsaktivitetar er aksessorisk i medhald til ein av dei tre aksessorisk-aktivitet testane skal handelsaktiviteten reknast å vere aksessorisk i forhold til hovudervervet til eitt konsert, jf. MiFID II artikkel 2(1)(j).
Dei tre aksessoriske aktivitets-testane i rettsakt (EU) 2021/1833 er:
1. De-minimis terskeltest, artikkel 3
2. Handelstesten, artikkel 4
3. Test av investert kapital, artikkel 5
Den nye rettsakta er rekna som EØS-relevant og vil truleg verte innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i verdipapirforskrifta.
Merknader
Rettslige konsekvenser
Kommisjonsforordninga skal takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett ved inkorporasjon i verdipapirforskrifta. Henvisninga til (EU) 2017/592 (som skal opphevast ved innføringa av (EU) 2021/1833) er inntatt i verdipapirforskrifta § 9-2.
Økonomiske og administrative konsekvenser
Det er venta at introduksjonen av de-minimis terskeltesten vil minske den administrative byrden for føretak som under artikkel 2(1)(j) i MiFID II må vurdere om verksemda er å rekne som tilknytt verksemd på konsernnivå.
Sakkyndige instansers merknader
Rettsakten er vurdert av spesialutvalget for kapitalbevegelser og finansielle tjenester, der berørte departementer er representert. Spesialutvalget fant rettsakten EØS-relevant og akseptabelt.