Forenkling av regler for salg av forsvarsutstyr: ajourføring av produktlisten (2021)
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 2.3.2023)
Samandrag av innhald
Føremålet med rettsakta er å oppdatering av ICT-direktivet (2009/43/EC) i tråd med oppdatering av Common Military List of the European Union av 17. februar 2020. EU si liste over forsvarsmateriell er allereie innarbeida i norsk rett gjennom Vedlegg I Liste I – forsvarsrelaterte varer (2020) til forskrift om eksport av forsvarsmateriell, flerbruksvarer, teknologi og tjenester av 19. juni 2013 nr. 718 (eksportkontrollforskriften). ICT-direktivet er elles innarbeida i eksportkontrollforskriften kapittel 3 og 4. Endringsdirektivet medfører ingen substansendringar i ICT-direktivet, ei heller i norsk rett.
Eksportkontrollforskriften utgjer det operative heimesverktøyet for Utanriksdepartementet si gjennomføring av eksportkontroll, herunder ramma for lisensplikt. Eksportkontrollforsrkiften sine vedlegg I og II omfattar kontrollister for lisenspliktige varer og teknologi. Kontrollistene er eit resultat av forhandlingar i dei multilaterale eksportkontrollregimene Noreg er medlem av. På bakgrunn av forhandlingane i dei multilaterale eksportkontrollregimene, set EU saman to kontrollister: Liste I (forsvarsrelaterte varer) og Liste II (fleirbruksvarer). Når EU kjem med nye varelister, oppdatere ein eksportkontrollforskriften rutinemessig. Dette skjer kvart år i samband med EU si oppdatering. Siste oppdatering av Common Military List of the European Union var 21. februar 2022. Oppdateringa skjer rutinemessig som følgje av endringar vedteke i Wassenaar-samarbeidet, normalt ein gong per år. Desse endringane fører til at eksportkontrollforskriften må oppdaterast iht. Vedtak i det nemnte Wassenaar-samarbeidet.
Merknadar
Gjeldande norsk lovgjeving
ICT-direktivet er EØS-relevant og innarbeida i norsk rett ved Forskrift om eksport av forsvarsmateriell, flerbruksvarer, teknologi og tjenester av 19. juni 2013 nr. 718. Lista over forsvarsrelaterte produkt er innarbeida som vedlegg til forskriften.
Rettslege konsekvensar
Lista over forsvarsrealterte produkt må takast inn som nytt vedlegg I til forskrift som nemnt over når nye oppdateringar kjem frå EU.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Rettsakta får ingen økonomiske konsekvensar i Noreg for private.
Rettsakta får ingen konsekvensar i Noreg for offentlige myndigheiter.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta følgjer hurtigprosedyren og vert ikkje handsama i Spesialutvalet for indre marked. Utanriksdepartementet finn retteakta EØS-relevant og akseptabel.