Delegert kommisjonsdirektiv (EU) 2024/242 av 27. september 2023 om endring av europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/43/EF med hensyn til ajourføring av listen over forsvarsrelaterte produkter i samsvar med den ajourførte versjonen av Den europeiske unions fellesliste over militært utstyr av 20. februar 2023
Forenkling av regler for salg av forsvarsutstyr: ajourføring av produktlisten (2023)
EØS-komitebeslutning 25.10.2024 om innlemmelse i EØS-avtalen
Tidligere
- Utkast til delegert kommisjonsdirektiv sendt til Europaparlamentet og Rådet for klarering 27.9.2023
- Kommisjonsdirektiv publisert i EU-tidende 17.1.2024
- EØS/EFTA-landenes utkast til EØS-komitebeslutning oversendt til Kommisjonen 5.9.2024
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 17.6.2024)
Samandrag av innhald
Føremålet med rettsakta er å oppdatere ICT-direktivet (2009/43/EC) i tråd med oppdatering av Common Military List of the European Union av 20. februar 2023. EU si liste over forsvarsmateriell vert innarbeida i norsk rett gjennom Vedlegg I Liste I – forsvarsrelaterte varer til forskrift om eksport av forsvarsmateriell, flerbruksvarer, teknologi og tjenester av 19. juni 2013 nr. 718 (eksportkontrollforskriften). ICT-direktivet er elles innarbeida i eksportkontrollforskriften kapittel 3 og 4. Endringsdirektivet medfører ingen substansendringar i ICT-direktivet, ei heller i norsk rett.
Eksportkontrollforskriften utgjer det operative heimelsverktøyet for Utanriksdepartementet si gjennomføring av eksportkontroll, herunder ramma for lisensplikt. Eksportkontrollforskriften sine vedlegg I og II omfattar kontrollister for lisenspliktige varer og teknologi. Kontrollistene er eit resultat av forhandlingar i dei multilaterale eksportkontrollregimene Noreg er medlem av. På bakgrunn av forhandlingane i dei multilaterale eksportkontrollregimene, set EU saman to kontrollister: Liste I (forsvarsrelaterte varer) og Liste II (fleirbruksvarer). Når EU kjem med nye varelister, oppdaterer ein eksportkontrollforskriften rutinemessig. Dette skjer kvart år i samband med EU si oppdatering.
Siste oppdatering av Common Military List of the European Union var 19. februar 2024. Norsk regelverk er oppdatert med 2024-versjonen og er såleis førtidig oppdatert. Oppdateringa skjer rutinemessig som følgje av endringar vedteke i Wassenaar-samarbeidet, normalt ein gong per år. Desse endringane fører til at eksportkontrollforskriften må oppdaterast iht. Vedtak i det nemnte Wassenaar-samarbeidet.
Merknadar
Gjeldande norsk lovgjeving
ICT-direktivet er EØS-relevant og innarbeida i norsk rett ved Forskrift om eksport av forsvarsmateriell, flerbruksvarer, teknologi og tjenester av 19. juni 2013 nr. 718. Lista over forsvarsrelaterte produkt er innarbeida som vedlegg til forskriften.
Rettslege konsekvensar
Lista over forsvarsrealterte produkt må takast inn som nytt vedlegg I til forskrift som nemnt over når nye oppdateringar kjem frå EU.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Rettsakta får ingen økonomiske konsekvensar i Noreg for private.
Rettsakta får ingen konsekvensar i Noreg for offentlege myndigheiter.
Sakkyndige instansar sine merknadar
Rettsakta følgjer hurtigprosedyren og vert ikkje handsama i Spesialutvalet for handelsforenklingar. Utanriksdepartementet finn rettsakta EØS-relevant og akseptabel.