Omtale publisert av Norges EU-delegasjon 27.05.2014
Innovasjon innen blå økonomi: utnyttelse av havområdene for sysselsetting og vekst
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra Norges EU-delegasjons omtale 27.05.2014)
Vil kartlegge den europeiske havbotnen
Europakommisjonen har lagt fram ein handlingsplan om innovasjon i «den blå» økonomien. Planen omhandlar tre hovudområde for innsats. Forskingsråd Erik Yssen og rådgjevar for energi, Marit Schweiker, rapporterer.
Meldinga kom 8. mai og er del av EUs «blå vekst»-strategi frå 2011, som og er eit fokusområde i EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Planen blei lansert på ein felles pressekonferanse mellom kommissæren med ansvar for fiskeri og maritime saker, Maria Damanaki, og forskings- og innovasjonskommissæren, Máire Geoghegan-Quinn.
Stadig meir avhengige av havet
Europakommisjonen tek i meldinga utgangspunkt i havets store potensial for økonomisk vekst og for å utløyse kostnadseffektive miljøtiltak. Vi vil vere stadig meir avhengig av havet for å dekkje behova innan blant anna mat, medisin og energi. Innovasjon kan hjelpe med å utvikle maritim økonomi på ein måte som ikkje berre bidreg til vekst og sysselsetting, men også til utnytting av havressursar på ein miljøvenleg måte, skriv Europakommisjonen.
Handlingsplanen omhandlar tre hovudområde for innsats: kartlegging av den europeiske havbotnen, samarbeid om marin og maritim forsking og rekruttering og ferdigheiter innafor desse sektorane. Det norske initiativet «Joint Programming Initiative - Healthy and Productive Seas and Oceans» (JPI Oceans) har fått ei viktig rolle i planen.
For å realisere berekraftig og klimavenleg vekst treng ein innovasjon. Auka kunnskap og betre data kan bidra til innovative miljøtiltak. Planen skal bidra til dette. Innovative miljøtiltak er viktige for gjennomføringa av havstrategidirektivet. Direktivet sikter på god miljøstatus av Europas hav innan 2020.
Europakommisjonen føreslår eit digitalt kart
Eit viktig og konkret element i handlingsplanen er eit digitalt kart over alle europeiske havbotnar. Kartet skal vere til nytte for industri og forsking og vere ferdig innan 2020. I følgje planen vil auka tilgang på data om den europeiske havbotnen kunne gje ein økonomisk gevinst på ein milliard euro per år.
I denne samanheng vil Kommisjonen forbetre «European Marine Observation and Data Network» (EMODnet). Tre ytterlegare EU-initiativ vert integrert med EMODnet: «Copernicus Marine Service», «Data Collection Framework for Fisheries» og «WISE-Marine» for miljødata.
Eit digitalt sjøkart vil også bidra til betre kunnskap om Arktis, til dømes gjennom identifisering av område som ikkje er trygge for navigasjon.
Styrka samarbeid mellom forskingsinstitusjonar
Kommissær Damanaki sa ved framlegginga av planen at styrka samarbeid mellom marine forskingsinstitusjonar er viktig. Kommisjonen føreslår ei internettplattform om prosjekt innan havforsking. Denne skal vere lett tilgjengeleg og omfatta både marine forskingsprosjekt i Horisont 2020 og nasjonal marin forsking.
Kommisjonen ynskjer å samarbeide tett med det norske initiativet innanfor marin forsking «Joint Programming Initiative Healthy and Productive Seas and Oceans» (JPI Oceans). JPI Oceans skal bidra til god koordinering mellom nasjonale satsingar innanfor marin forsking i Europa. Kommisjonen ynskjer å samarbeide med JPI Oceans for å sikre god arbeidsdeling mellom dei nasjonale satsingane på marin forsking og den marine satsinga i Horisont 2020.
Eit forum for maritim forsking
Kommisjonen vil og opprette eit nytt forum for maritim forsking – «Blue Economy Business and Science Forum» innan utgangen av 2015. Her vil deltakarar frå privat og offentleg sektor, forsking og frivillige organisasjonar delta. Forumet skal bidra til å forme framtidig havøkonomi.
I dag jobbar over 5 millionar menneske innan maritim sektor og Europakommisjonen reknar med opp til 7 millionar i 2020. Handlingsplanen set fokus på behovet for kompetanse og ferdighetar i den framtidige arbeidsstyrken.
Kommisjonen vurderer at det manglar forskarar, ingeniørar og kvalifisert arbeidskraft innanfor marin sektor. Mangel på fagfolk viser seg allereie i dag, til dømes innafor offshore vindenergi.
• I følgje handlingsplanen kan Marie Sklodowska-Curie Actions (MSCA) i Horisont 2020 bidra til auka mobilitet og trening, og sørgje for tett samarbeid mellom akademia og industrien.
• Kommisjonen oppfordrar aktørar i den blå økonomien til å søkje om å få bli en «Knowledge Alliance and Marine Sector Skills Alliance» innafor Erasmus+ programmet.
EU vil samarbeide internasjonalt
Kommisjonen vil på si side vurdere oppretting av eit eige «Knowledge and Innovation Community» (KIC) for den blå økonomien i regi av Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) etter 2020. Kommissær Quinn understreka på pressekonferansen at EU vil samarbeide internasjonalt om marin og maritim forsking, blant anna med USA og Canada innanfor ramma av eit nytt transatlantisk partnarskap.
21. juni vil vere ein innsamlingsdag der det skal takast vassprøvar over heile verda for å gje eit bilete av helsestatus til verdas hav.
Sett med norske augo synast fleire av dei føreslåtte satsingane interessante, ikkje minst fordi dei knytt an til nasjonale prioriteringar og EU-program som Noreg deltek i.