Avfallseksportforordningen: endringsbestemmelser om eksport av avfall til gjenvinning i land utenfor OECD
Nærmere omtale
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 1.3.2023)
Sammendrag av innhold
EU-kommisjonen vedtok 20. oktober 2021 endring av forordning (EF) nr. 1418/2007 om eksport av avfall til gjenvinning i land utanfor OECD. Forordning (EF) nr. 1418/2007 var Kommisjonen si første liste over kva dei ulike landa utanfor OECD kunne og ikkje kunne ta imot til gjenvinning. Forordning (EU) 2021/1840 er ei oppdatering av denne lista.
Det overordna målet med rettsakten er å gi ei oppdatert liste over land utanfor OECD sin policy på import av avfallsfraksjonar. Forordninga informerer om kva desse landa aksepterer av avfallsfraksjonar, om det er forbode, meldepliktig eller kan gå som grønlista avfall/uregulert.
Merknader
Rettslige konsekvenser
Forordning (EF) nr. 1418/2007 og seinare endringsforordningar er gjennomført i avfallsforskrifta kapittel 13 om grensekryssande sendingar av avfall. Det var naudsynt å endre avfallsforskrifta kapittel 13 § 13-1.
Økonomiske og administrative konsekvenser
Rettsakten har ingen vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
Sakkyndige instansers merknader
Rettsakten vart behandla i spesialutvalet for miljø ved skriftleg prosedyre 2. september 2022. Spesialutvalet fann rettsakten EØS-relevant og akseptabel.
Forslag om å endre avfallsforskrifta kapittel 13 har vore på høyring. Det kom ingen innspel.
Vurdering
Rettsakten er vurdert som EØS-relevant og akseptabel. Rettsakten endrar forordning (EF) nr. 1418/2007 som er innlemma i EØS-avtalen.
Kommisjonsforordning (EF) nr. 1418/2007 og tilhøyrande endringsrettsakter gjeld eksport av avfall til tredjestatar. Da forordninga vart innlemma i EØS-avtalen blei det vedlagt ei erklæring til EØS-komiteens avgjerd som seier at «Innlemmingen av disse rettsaktene berører ikke virkeområdet for EØS-avtalen». Seinare endringsrettsakter har vore vurderte som relevante og akseptable for innlemming i EØS-avtalen.
Status
Rettsakten er vedteken i EU og under vurdering i EFTA/EØS.
Rettsakten er vedteken i EU 20. oktober 2021 og er innlemma i EØS-avtalen ved EØS-komiteens avgjerd nr. 350/2022 av 9. desember 2022. Rettsakten er gjennomførd i norsk rett i avfallsforskrifta kapittel 13 om grensekryssande sendingar av avfall.