Avfallseksportforordningen: endringsbestemmelser om eksport til land utenfor OECD

Tittel

Kommisjonsforordning (EU) 2022/520 av 31. mars 2022 om endring av forordning (EF) nr. 1418/2007 om eksport til gjenvinning av visse kategorier avfall som er oppført i vedlegg III eller IIIA til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1013/2006 til visse land som ikke er omfattet av OECD-beslutningen om kontroll med grensekryssende transport av avfall

Commission Regulation (EU) 2022/520 of 31 March 2022 amending Regulation (EC) No 1418/2007 concerning the export for recovery of certain waste listed in Annex III or IIIA to Regulation (EC) No 1013/2006 of the European Parliament and of the Council to certain countries to which the OECD Decision on the control of transboundary movements of wastes does not apply

Siste nytt

EØS/EFTA-landenes utkast til EØS-komitebeslutning oversendt til Kommisjonen 28.9.2022

Nærmere omtale

BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 25.11.2022)

Sammendrag av innhold
Forordning (EF) nr. 1418/2007 har sitt opphav i forordning (EF) nr. 1013/2006 om grensekryssande avfallstransportar (heretter kalla grensekryssforordninga). Grensekryssforordninga har bl.a. føresegner om eksport av avfall til land der OECD sitt vedtak om kontroll med grensekryssande transport av avfall ikkje er gjeldande (heretter kalla "ikkje-OECD-land"). I tråd med artikkel 37 i grensekryssforordninga, skal EU kommisjonen samle inn informasjon og lage oversikt over avfall som er lista opp i vedlegg III og IIIA i grensekryssforordninga, som ikkje-OECD-land kan ta imot og kva kontrollprosedyre dei ønskjer skal bli nytta i mottakarlandet. 

Nyleg vart kommisjonsforordning (EF) nr. 1418/2007 endra gjennom forordning (EU) 2021/1840 den 20. oktober 2021. Det har i ettertid av denne endringa blitt avdekka behov for ytterlegare endringar basert på tilbakemeldingar frå ikkje-OECD land, blant anna India og Moldova. Chile var også oppført uriktig som eit land der OECD vedtaket om grensekryssande transport av avfall ikkje er gjeldande og landet er dermed fjerna frå oversikta i kommisjonsforordning (EF) nr. 1418/2007. Med bakgrunn i nye opplysingar og behov for korrigering av eksisterande informasjon, har EU kommisjonen igjen endra forordning nr. 1418/2007 gjennom kommisjonsforordning (EU) 2022/520 som tredde i kraft den 31. mars 2022. 

Merknader

Rettslige konsekvenser
Forordning (EF) nr. 1418/2007 og seinare endringsforordningar er gjennomført i avfallsforskrifta kapittel 13 om grensekryssande sendingar av avfall. Det er naudsynt å endre avfallsforskrifta kapittel 13 §13-1.

Økonomiske og administrative konsekvenser
Rettsakten har ingen vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknader
Rettsakten vart behandla i spesialutvalet for miljø ved skriftleg prosedyre 2. september 2022. Spesialutvalet fann rettsakten EØS-relevant og akseptabel.

Forslag om å endre avfallsforskrifta kapittel 13 har vore på høyring. Det kom ingen innspel.

Vurdering
Rettsakten er vurdert som EØS-relevant og akseptabel. Rettsakten endrar forordning (EF) nr. 1418/2007 som er innlemma i EØS-avtalen.

Kommisjonsforordning (EF) nr. 1418/2007 og tilhøyrande endringsrettsakter gjeld eksport av avfall til tredjestatar. Da forordninga vart innlemma i EØS-avtalen blei det vedlagt ei erklæring til EØS-komiteens avgjerd som seier at «Innlemmingen av disse rettsaktene berører ikke virkeområdet for EØS-avtalen». Seinare endringsrettsakter har vore vurderte som relevante og akseptable for innlemming i EØS-avtalen.

Status
Rettsakten er vedteken i EU og under vurdering i EFTA/EØS.

Nøkkelinformasjon

EU



eu-flagg
EU-vedtak (CELEX-nr): viser også lenke til konsolidert versjon og om rettsakten er i kraft
Rettsakt på EU-språk
Dato
31.03.2022
Anvendelsesdato i EU
02.04.2022

EØS



EFTA/EØS-flagg
EØS-prosessen
Saksområde
Utkast til EØS-komitevedtak oversendt EU
28.09.2022

Norge



norge-flagg
Ansvarlig departement
Klima- og miljødepartementet
Informasjon fra departementet