Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2026/1703 av 8. juli 2026 om endring av forordning (EU) 2024/1157 med hensyn til forbud mot eksport av blandet kommunalt avfall beregnet på gjenvinning
Avfallstransportforordningen: endringsbestemmelser om eksport av avfall
EØS-notat offentliggjort 23.7.2026
Tidligere
- Forslag til europaparlaments- og rådsforordning lagt fram av Kommisjonen 29.4.2026
- Europaparlaments- og rådsforordning publisert i EU-tidende 10.7.2026
Bakgrunn
(fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 22.7.2026)
Sammendrag av innhold
I mai 2024 vart ny grensekryssforordning (EU) 2024/1157 vedteken i EU. Artikkel 44, andre ledd, bokstav f i denne forordninga seier at frå 21. mai 2026 vil det ikkje lengre vere lov å eksportere blanda avfall frå hushald til gjenvinning frå EU/EØS til tredjeland (inkludert Sveits). Med blanda avfall frå hushald meinast her avfall som er generert av hushald og som ikkje er samla inn i separate fraksjonar.
Dette forbodet representerer ei innstramming i eksportregelverket samanlikna med gamal grensekryssforordning (EC) 1013/2006. Formålet med å innføre forbodet var å redusere mengda av slikt avfall og gi insentiv til at avfallet blir behandla i anlegg som opererer i tråd med standardar i EØS og som i tillegg er lokalisert nærare der avfallet oppstår, i tråd med nærleiksprinsippet. Forbodet skulle også legge til rette for meir materialeffektivitet og bidra til å redusere klimafotavtrykk frå avfallet.
Kommisjonen sin endringsforordning til ny grensekryssforordning søker å gi unntak frå eksportforbodet for Sveits, då fleire EU-land eksporterer store mengder av blanda avfall frå hushald til Sveits for gjenvinning. Innføring av eit forbod mot eksport av slikt avfall til Sveits vil kunne gi store utfordringar til EU-land som eksporterer sitt avfall dit, og i mange av desse tilfella vil alternativ behandling i eige eller andre EU-land føre til auka klimafotavtrykk på grunn av større
transportdistansar og vesentleg auka behandlingskostnadar for eksportørar. Formålet med dette eksportforbodet er derfor identifisert til å ikkje gi den effekten som først tiltenkt i tilfellet med eksport til Sveits.
Forordningen vil derfor gi unntak for Sveits i artikkel 44, andre ledd, bokstav f, slik at dagens praksis med eksport av blanda avfall frå hushald til gjenvinning til Sveits frå EU/EØS-land framleis vil vere lov. Eksport av same type avfall for sluttbehandling vil bli forbode.
Merknader
Rettslige konsekvenser
Avfallsforskrifta kapittel 13 må endrast for å gjennomføre denne endringsforordninga.
Økonomiske og administrative konsekvenser
Ein gjennomgong av eksportstatistikk for dei siste fem åra viser at Norge ikkje har hatt eksport av blanda avfall frå hushald til Sveits, verken for gjenvinning eller sluttbehandling.
Det er derfor ikkje venta at endringsforordninga vil gi økonomiske eller administrative konsekvensar for norske aktørar eller myndigheiter.
Sakkyndige instansers merknader
Forslaget har vært behandlet i SU Miljø på skriftlig prosedyre 2.-16. juni 2026