Betalingsforordningen (2023-forslag) om bekjempelse av forsinket betaling ved handelstransaksjoner
Europaparlamentets plenumsbehandling 23.4.2024
Tidligere
- Høring om initiativet om forsinket betaling igangsatt av Kommisjonen 20.1.2023 med frist 17.3.2023
- Forslag til europaparlaments- og rådsforordning lagt fram av Kommisjonen 12.9.2023 med pressemelding
- Høring igangsatt av Justis- og beredskapsdepartementet 11.1.2024 med frist 11.4.2024
Bakgrunn
BAKGRUNN (fra departementets EØS-notat, sist oppdatert 6.12.2023)
Sammendrag av innehald
På dansk har COM (2023) 533 fått tittelen «Forslag til Europa-Parlamentets og Rådets forordning om bekæmpelse af forsinket betaling i handelstransaktioner». Forslaget blir i det følgjande omtala som «forordninga».
Forslaget til forordning gir reglar som skal forbetre betalingsdisiplinen i handelstransaksjonar gjennom førebyggjande og avskrekkande tiltak, og dessutan handhevings- og klagemekanismar. Forslaget har til føremål å verna føretak og konkurranseevna deira mot dei negative verknadene av betalingsforseinkingar og sikre ein velfungerande indre marknad. Dette gjeld særleg for små og mellomstore verksemder. Forslaget er ein del av Europakommisjonen sitt arbeidsprogram for 2023 under målet «Eit Europa klar for den digitale tidsalder».
Det gjeldande Europaparlaments- og rådsdirektivet 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve, vart gjennomført i norsk rett hovudsakleg ved lov 15. februar 2013 nr.8 om endringar i forsinkelsesrenteloven mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU om kamp mot forseinka betaling i handelshøve).. Sjå Prop. 150 L (2011-2012) for nærare om endringa.
Europakommisjonen meiner at forseinka betaling framleis er eit problem, og forslaget som no har komme er ei forordning som skal erstatte det noverande direktivet om forseinka betaling. Kommisjonen peikar på ei rekkje spesifikke manglar som gir grunn til å byte ut noverande direktiv:
- Tvitydige føresegner om «klart urimelige» betalingsfristar i samband med transaksjonar mellom verksemder (B2B), urimeleg betalingspraksis og fristane for godkjennings- eller verifikasjonsprosedyrane
- Den faste erstatninga
- Asymmetrien i reglane for betalingsvilkår mellom B2B- og G2B-transaksjonar (G2B-transaksjonar er transaksjonar mellom styresmakter og verksemder)
- Mangelen på ein maksimal betalingsfrist for handelstransaksjonar mellom verksemder
- Manglande overvaking av etterleving og handheving
- Mangelen på verktøy til kamp mot informasjonsubalanse
- Manglande verktøy for kreditorane til å gripe inn overfor debitorane deira
- Mangelen på samvirke mellom offentlege anbod og reglar for hurtig betaling
For å bøte på dette, inneber forslaget til forordning mellom anna følgjande:
- Avgrensing av betalingsfristar til 30 dagar i transaksjonar mellom verksemder
- Godkjennings- eller verifikasjonsprosedyre avgrensa til 30 dagar
- Medlemsstatane fremjar tilgang til utdanning i kredittstyring og finansiell forståing
- Forseinkingsrenter kjem automatisk
- Den faste erstatninga for kvar transaksjon som vert betalt for seint blir auka til 50 euro
- Medlemsstatane skal peike ut organ som er ansvarlege for å handheve reglane og gjennomføre undersøkingar, og som kan utferde administrative sanksjonar
- Ved offentlege byggje- og anleggskontraktar skal offentlege oppdragsgivarar kontrollere at betalinga til hovudentreprenøren har vorte overført til dei direkte underentreprenørane
- Medlemsstatane skal ha eit nasjonalt meklingssystem for å løyse betalingstvistar i handelstransaksjonar
- Medlemsstatane skal ta opp spørsmålet om urimelege avtalevilkår og urimeleg handelspraksis gjennom nasjonal rett
Europakommisjonen forklarer kvifor forordning er ønskt instrument med tilvising til at forseinka betaling har eit «grænseoverskridende aspekt», og at medlemsstatane samtidig vil «kunne vedtage strengere bestemmelser om visse aspekter».
Transaksjonar med forbrukarar er ikkje omfatta av noverande direktiv, og heller ikkje av det nye forslaget til forordning.
Innhaldet i forslaget til forordning
Forslaget til forordning består av 20 artiklar.
Artikkel 1 angir forslaget sitt verkeområde. Artikkelen stadfestar det noverande verkeområdet, altså betalingar som ledd i transaksjonar mellom føretak og mellom føretak og det offentlege. Det blir presisert at forordninga ikkje gjeld for:
- Betalingar for transaksjonar med forbrukarar
- Betalingar utført som kompensasjon for skadar
- Betalingar i samband med gjeld som er gjenstand for insolvensførehaving
Det noverande direktivet nemner alle desse unntaka, men forordninga samlar dei i artikkel 1. Vidare vert det angitt at forslaget med unnatak for artikkel 3 nr. 1, ikkje skal ha verknad for røresegner i direktiv (EU) 2019/633 om urimeleg handelspraksis i handelshøve (B2B) i matkjeda. Direktiv (EU) 2019/633 er ikkje innteke i EØS-avtala.
Artikkel 2 gir definisjonane som skal gjelde for forslaget. Dei fleste av definisjonane i noverande direktiv artikkel 2 blir halda på. Nye definisjonar av «godkendelses- eller kontrolprocedure», «debitor» og «kreditor» er likevel lagt til.
Med «godkendelses- eller kontrolprocedure» skal ein forstå den framgangsmåten som blir nytta til å fastslå om dei leverte varer eller tenester er i tråd med krava i avtalen.
Med «debitor» siktar ein til alle fysiske eller juridiske personar eller alle offentlege styresmakter som skylder ei betaling for ei levert vare eller ei levert yting av teneste.
«Kreditor» vil seie alle fysiske eller juridiske personar eller alle offentlege styresmakter som har levert varer til ein debitor eller levert yting av tenester til ein debitor.
Artikkel 3 omhandlar betalingsfristar. Den er strengare enn det noverande direktivet artikkel 3 og 4, som er gjennomført i forsinkelsesrenteloven §§ 2 a og 2 b. Betalingsfristen og varigheita av godkjennings- eller verifikasjonsprosedyren blir avgrensa til høgst 30 dagar.
Alle tilvisingar til klart urimeleg praksis eller klart urimelege vilkår er fjerna. Forslaget er ikkje til hinder for kortare fristar fastsett i nasjonal rett, jf. punkt 4 i artikkelen.
Artikkel 4 gir reglar om betalingar til underleverandørar i samband med offentlege innkjøp. Dette er ei ny føresegn som skal bidra til at betalingar vert sendt ned gjennom forsyningskjeda i kontraktar om offentlege arbeid. Dette skjer ved å krevje at hovudentreprenøren skal påvise at direkte underleverandørar har vorte betalt.
Artikkel 5 omhandlar forseinkingsrenter og er også ei ny føresegn. Den byggjer på artikkel 3 og 4 i noverande direktiv, som er gjennomført i forsinkelsesrenteloven §§ 2 a og 2 b. Artikkelen presiserer at det automatisk skal betalast forseinkingsrente når følgjande tre vilkår er oppfylt:
- Kreditor har oppfylt sine kontraktsmessige og lovsette plikter
- Debitor har fått betalingsoppmoding
- Kreditor har ikkje fått den skuldige summen innanfor betalingsfristen
Kreditor kan ikkje gi avkall på retten til å få forseinkingsrenter.
Det vert også kravd at debitor gir kreditor alle opplysningar som er naudsynte for å sikre at fakturaen kan bli akseptert og handsama av debitor. Det blir vidare presisert at det kjem forseinkingsrente inntil hovudstolen er betalt, i tråd med rettspraksis frå EU-domstolen.
Artikkel 6 om rentesats for forseinkingsrente er også ny. Artikkelen harmoniserer rentesatsen. Satsen er den referanserenta som vert fastsett av Den europeiske sentralbanken i medlemsstatar som har euro som valuta, eller den nasjonale sentralbanken for medlemsstatar som ikkje har euro som valuta, pluss åtte prosentpoeng.
Artikkel 7 om betalingsplanar speglar innhaldet i artikkel 5 i det noverande direktivet. Dersom betalinga skjer på grunnlag av avdrag, og eit avdrag ikkje er betalt innan avtalt dato, blir forseinkingsrenter utrekna på grunnlag av ein eventuelt forfallen sum.
Artikkel 8 gir reglar om erstatning for inndrivingskostnadar. Artikkelen svarer til artikkel 6 i det noverande direktivet, som er gjennomført i forsinkelsesrenteloven § 3 a. Fordringshavaren skal, når ho eller han har rett til renter for forseinka betaling, som eit minimum ha ein fast kompensasjon.
Erstatninga blir justert opp frå 40 euro til 50 euro, i tråd med inflasjonen. Det blir presisert at erstatningssummen skal betalast for kvar enkelt transaksjon som vert betalt for seint.
I tillegg skal fordringshavaren framleis ha rett til ei rimeleg erstatning for moglege inndrivingskostnadar som overstig den nemnde standardkompensasjonen.
Artikkel 9 omhandlar ugyldige avtalevilkår og ugyldig praksis. Føresegna er ny og erstattar artikkel 7 i det noverande direktivet, som er gjennomført i forsinkelsesrenteloven § 4 a. Artikkelen fjernar omgrepet «klart urimelig» og stiller opp følgjande liste over former for praksis som er ugyldig etter forordninga:
- Fastsetjing av betalingsfristen i strid med artikkel 3
- Avgrensing av kreditor sin rett til forseinkingsrente etter artikkel 5 eller til erstatning etter artikkel 8
- Forlenging av varigheita av godkjennings- eller verifikasjonsprosedyren ut over artikkel 3
- Med vilje forseinke sending av fakturaen
Føresegna gir også ein rett for organisasjonar som representerer kreditorar eller føretak til å få prøvd saker om ugyldige avtalevilkår og praksis ved forseinka betaling.
Artikkel 10 om eigedomsatterhald svarer til artikkel 9 i det noverande direktivet. Dersom det uttrykkjeleg er avtalt eigedomsatterhald, har kreditor eigedomsretten til varene inntil dei er fullt betalt.
Artikkel 11 omhandlar gjennomsiktigheit og svarer til artikkel 8 i det noverande direktivet. Føresegna regulerer medlemsstatane si plikt til å sikre offentlegheita tilgang til opplysningar om rettar og plikter i samsvar medføresegnene i forordninga.
Artikkel 12 gjeld framgangsmåtar for inndriving ved uomstridde krav og svarer til artikkel 10 i det noverande direktivet. Den stiller krav til sakshandsamingstida ved tvangsfullføring, i form av at tvangsfullføringsgrunnlag skal skaffast etter seinast 90 kalenderdagar.
Artikkel 13 omhandlar handhevande styresmakter og er ny. Den fastset at medlemsstatane er forplikta til å peike ut nasjonale handehevande styresmakter som er ansvarlege for å handheve forordninga, og som skal samarbeide med Kommisjonen og andre relevante nasjonale handhevande styresmakter.
Artikkel 14 om kompetansen til handhevande styresmakter er også ny. Den inneheld følgjande liste over dei retter som dei handhevande styresmaktene skal ha for å sikre at forordninga blir handheva:
- Kompetanse til å innleie og gjennomføre undersøkingar på eige initiativ eller på grunnlag av klage
- Kompetanse til å krevje at kreditorar og debitorar legg fram opplysningar
- Kompetanse til å gjera umelde kontrollbesøk
- Kompetanse til å treffe avgjerder som fastslår brot på denne forordninga og pålegg debitor å betale forseinkingsrenter eller erstatning
- Kompetanse til å påleggje, eller innleie saker om pålegging av bøter og andre sanksjonar
- Kompetanse til å krevje at debitor gjer slutt på brotet
- Kompetanse til å offentleggjera avgjerdene sine
Medlemsstatane skal gi nærare reglar om sanksjonar for brot på føresegnene i forordninga.
Artikkel 15 gjeld klager og fortrulegheit. Føresegna er ny og fastset vilkåra for at kreditorar og kreditorsamanslutningar kan klage over forseinka betalingar til handhevande styresmakter i medlemsstatane. Artikkelen fastset også dei handhevande styresmaktene sine plikter i samband med klager, til dømes der klagaren ber om verna identitet.
Artikkel 16 om alternativ tvisteløysing er også ny. Medlemsstatane skal fremje frivillig bruk av effektiv og uavhengig alternativ tvisteløysing. Dette skal bidra til ei raskare løysing av tvistar, som heller ikkje skader tilliten mellom partane.
Artikkel 17 gjeld digitale verktøy, kredittstyring og utdanning i finansiell forståing. Artikkelen er ny og bestemmer at medlemsstatane skal bruke digitale verktøy til handheving av forordninga. Statane skal også sikre at verktøy for kredittstyring og utdanning i finansiell forståing er tilgjengeleg for små og mellomstore verksemder.
Artikkel 18 om rapport svarer til artikkel 11 i noverande direktiv. Den fastslår at Kommisjonen skal gi rapport om gjennomføringa av forordninga fire år etter den trer i kraft.
Artikkel 19 omhandlar oppheving av det noverande direktivet. Den svarer til artikkel 13 i det noverande direktivet, men er tilpassa til ei forordning.
Artikkel 20 gjeld ikraftsetjing og dato for bruk. Den svarer til artikkel 14 i det noverande direktivet, men er tilpassa ei forordning.
Merknader
Rettslige konsekvenser
Forslaget vi krevje endringar i mellom anna forsinkelserenteloven.
Økonomiske og administrative konsekvenser
Ei innlemming av ei forordning, vil krevje endringar i norsk rett og gjer det mellom anna naudsynt med ein handhevande styresmakt. Forslaget vil få konsevensar for private debitorar og kreditorar, samt offentlege debitorar.